Innlegg

Svolten på noko godt å strøyme? Kortmat har skumma igjennom Netflix og NRK TV-App, og sanka saman eit lite “smörgåsbord” av kortreiste og langreiste dokumentarar og seriar som er verdt å få med seg. Her finn du mellom anna mat frå Norden og verdas hjørner, insekt, gourmet og saké på menyen.  

 

Kortreist frå NRK TV-app

 

1. Biebbmo – samiske mattradisjoner (2014)

Svensk dokumentar. Biebbmo er det lulesamiske ordet for mat. Men kva er samisk mat? Og kvifor er den så viktig å bevare? Matambassadør Greta Huuva loser oss gjennom eit heilt år i det samiske landskapet, som også er samene sitt tradisjonelle spiskammer. Blant forsommerens delikatesser finner vi nye bjørkeskudd, kvannen som spirer ved bekkane, og bark frå furu. Seinare er det moltene som sankast frå myrane. Hausten er slaktetid, og deretter følger jakt på både elg og fugl.

 

2. Insekt som middag (2016)

Dansk dokumentar. Etande insekt er ifølge FN ein ressurs som kan bidra til å motverke sult i verda. Kokkar og gastronomar framhevar den gode smaken, og det er både miljøvennleg og næringsrikt. Forskerane og kokkene på Nordic Food Lab i København har reist rundt i verda for å samle kunnskap om korleis insekt allereie brukast som mat i mange samfunn. Men vil industrielt produserte insekt smake like godt? Og er mat laga av insekt eit symptom på ei krise eller løysinga på den?

 

3. Skandinavisk mat (2015)

Australsk matserie. Ein matrevolusjon er over Skandinavia. Australske Adam Liaw reiser nordover for å bli kjend med nordisk mat, historie, kultur og framtida for nordisk matlaging. Første stopp er København, der han lærer kunsten å lage ein perfekt kopp dansk kaffe. Vidare i serien utforskar han våre nordlegaste trakter. Han besøker restaurant Huset i Longyearbyen, tilbereder gravlaks i ei Moelven-brakke og er innom Svalbard sitt globale frøhvelv. Serien byr på mange mateventyr i Norden, samisk tradisjonell mat, krabbefisking i Bergen og eit innblikk i kva som rører seg i kulissane til den grensesprengande Michelin-restauranten Maeemo i Oslo.

 

 

 4. Utan mat og drikke (2015)

Norsk dokumentar. Kan vi leve av berre norsk mat? Ida og familien hennar prøvar i ein heil månad. Dei må kutte ut kaffi, sukker og all ferdigmat, og brøda må vere av surdeig. Dessutan dyrkar dei potetar, har høner i hagen og lagar sukkerfritt syltetøy frå eigne bær. Vi møter norske bønder, kokkar og ekspertar innan matproduksjon og samfunnssikkerheit som kan fortelje meir om norsk mat. Men er eit heilnorsk kosthald betre for oss, og har vi nok mat i Norge om importen brått skulle bli forhindra?

 

 

Langreist frå Netflix

 

 5. Chef’s Table & Chef’s Table – Frankrike (2015-)

Chef’s Table er kanskje ein av dei mest kjende matdokumentarseriane på Netflix. Kvar episode tek for seg ‘etosen’ til nokon av verdas mest begava, esentriske og visjonære kokkar som Dan Barber og Francis Mallmann. Til tider er den litt vel pompøs, men likevel ei av dei store matopplevingane på straumen. Rettane er som kunstverk å rekne, og like mykje eit syn for auge, som ein smaksfest for ganen om vi skal tru lovorda frå verdas matelite.  

Chef’s Table er no også ute med ein eigen fransk versjon: Chef’s Table – Frankrike der ein blir kjend med nokon av dei mest revolusjonerande mesterkokkane til det franske kjøkkenet.

 

 6. Cooked (2016-)

Cooked er ein mini-dokumentarserie der vi følgjer den anerkjende matskribenten Michael Pollan på ei reise gjennom ulike element som har revolusjonert maten vi spis. Serien har totalt fire episodar, og kvar episode tek for seg eit av dei fysiske elementa som har blitt brukt til å forvandle rå ingrediensar til delikate retter: ild, vatn, luft og jord. Pollan prøvar seg på baking, brygging, og bresering, og utforskar korleis matlaging forandrar og formar verda vår.

 

7. The Birth of Saké (2015)

Ein cinematisk dokumentar som gir eit innblikk i livene til handverkerane ved Yoshida-bryggeriet, eit 144 år gamalt familieeigd bryggeri i Nord-Japan. Dei legg entusiasme og erfaring til grunn når dei lagar saké i verdsklasse.

 

 

8. The Mind of a Chef (2012 – )

I dokumentarserien “The Mind of a Chef” inviterer David Chang deg med på ei matreise utan like for å vise kva som har inspirert han og matlaginga hans. Her er stor variasjon på menyen, frå Ramen-nudlar i Japan til fideo og salta torskeomelett i Spania. Serien blandar saman matlaging, reise, vitenskap og historie, og viser fram oppskrifter som kan reproduserast heime, spennande restauranter, gode historier og eksperimentering med mat i stor stil.

 

Har vi gått glipp av din matfavoritt på straumen? Tips oss i kommentarfeltet under.