Innlegg

Vi reiser gjennom Våtedalen. Følger lukta av nybaka havrekjeks. Det ryktast at dei er så populære at nokon reiser heilt frå Sotra til Byrkjelo for å sikre seg ein pakke av Bakar Jon sine Havrekjeks. Då Kortmat er innom er dei så klart utseld, men bakar og butikksjef Hilde Fjellestad er i gang med ei ny deig. Ho har vore oppe sidan morgonskifte hennar starta kl. tre i natt.

–  Vi produserer ca. 1000 slike for dagen. No i sommar så lagar vi dei kvar dag og elles tre til fire gongar i veka, fortel ho.

Fjellestad rullar ut deig i raskt tempo, og Anita Helgheim skjer ut rette ruter som Åse Aamot Evebø steikar i omnen heilt bakarst i lokalet. Varmen ligg som eit teppe rundt oss, og etter i stund tek ho ut brett med perfekte og gyllenbrune kjeks som duftar av søt havre. Når dei har kjølt seg ned blir dei stabla saman i esker og plassert på hyllene i butikken som ligg vegg i vegg med bakeriet. Bakar Jon sender også ut havrekjeks til andre Coop Extra-butikkar.

 

Bikka 100

Bakar Jon var opphaveleg eit bakeri tilknytt ein vanleg daglegvarehandel. For fem år sidan blei bedrifta ein del av Coop Vest og deira lokalmatsatsing. Tanken var at Bakar Jon skulle vere eit «lokalt spiskammers» der kundane finn gode lokale produkt med basis i lokale råvarer. I byrjinga hadde spesialbutikken 20 produsentar å vise til i hyllene sine. I dag har dei bikka 100.

– Då vi først starta var det vanskeleg å finne fram til produsentane, men no merker vi at de blir lettare å finne gode produkt og det er veldig kjekt. No må eg til og med takke nei til enkelte produsentar, så ein kan seie at vi har eit luksusproblem, smiler Fjellestad.

 

 

Sesongens favorittar

Mange av varene har dei inne heile året, medan andre er sesongbasert. No mot sommaren og hausten går det mykje i poteter og anna grønt, bær og frukt, og grillmat så klart.

– Nokon av sommarfavorittane er mellom anna kjekjøtt og Jølstraauren som er perfekt på grillen, seier ho.  

Den lokale maten kjem dermed ikkje langvegs frå. Kandal Kjøtt er like i nærleiken, og det same er Påldtun Frukt og Bær på Sandane, og Jølster, der Jølstraauren held til, passerte vi på vegen hit frå Florø. Blant lokalmatprodukta er det honningen frå Voss som har reist lengst.

 

(artikkelen fortset under bildet) 

Hilde Fjellestad likar utfordringane ho møter på som butikksjef hos Bakar Jon som spesialiserer seg på lokal mat.

 

Likar utfordringa

– Ein stor del av jobben min går ut på å ringe rundt å bestille produkt direkte frå produsentane. Det er ikkje slik som i ein vanleg daglegvarehandelen der ein kanklikke seg inn på ei side og få det meste frå ein leverandør. Her blir det ofte 90 telefonar før alle varene er på veg. Så det er ein annleis måte å drive butikk på, men eg likar utfordringa, innrømmer Fjellestad.

Ho gjekk sjølv i lære hos Bakar Jon som starta bakeriet, og han hadde gått i lære hos sin far. I januar i år tok ho over som butikksjef, som den første utanfor familien, men ho føler seg godt heime hos Bakar Jon og har jobba der i over 12 år. Med meir ansvar og fleire arbeidsoppgåver har ho tilsett Kristin Sandal som lokalmat-ansvarleg i butikken, og Sandal vil etter kvart overta den største delen av kontakta med leverandørane og bestilling av varer. Fjellestad er også på jakt etter ein kreativ konditor til bakeriet.

 

Best på lokalmat

–  Vi utviklar oss heile tida, likar å tenke nytt og skal no også bli eit kompetansesenter for lokalmat, fortel Fjellestad.  

Dei har nyleg pussa opp lokalet, med mellom anna nye kontor, og har no plass til eit kompetanseteam som kjem flyttande frå Førde.

Kompetansesenteret vil vere ein møteplass der produsentane kan komme med spørsmål om sine produkt og få rettleiing til å komme seg vidare i prosessen for å bli godkjent. Her vil dei få hjelp med å få alle papira i orden med omsyn til merking, mattilsynet og anna før dei får entre hyllene til Coop Vest-butikkane.

– Coop Vest brukar i dag mykje tid og penger på å vere rådgjevande organ for produsentane og dette ynskjer vi å samle hos Bakar Jon. Slik kan vi bygge kompetanse på lokal mat der, i tillegg til at dette skal vere plassen der vi tester om forbrukaren vil kjøpe nye produkt. Coop Vest vil vere best på lokalmat, og vår satsing på Bakar Jon er med på å forsterke den posisjonen, seier Geir Espe, administrerande direktør hjå Coop Vest.

 

Lokal mat på menyen

Bakar Jon blir på mange måtar eit endå viktigare sentrum for lokal mat i Sogn og Fjordane. Og med både bakeri, butikk og kafé er dei ein populær stoppestad og sosiale møteplass for både lokale og reisande. I sommar kjem dei besøkande til nyoppussa og utvida butikk med kjøpmannsdisk. Kaféen har også fått seg eit løft med lyse strøk maling og nye bord og stolar. Snart kjem det óg ferske menyar over kafédisken til Janne Marie Solheim der mykje av maten dei freistar med vil vere av det lokale slaget.

– Her kan dei besøkande få smake på lokale produkt som til dømes Kandal sin kjeburger som dei også kan få kjøpe med seg frå butikken, fortel Solheim, som er dagleg leiar for kaféen.  

Dei besøkande kan også plukke med seg så mange pakkar Bakar Jon Havrekjeks som dei vil. Det gjorde i alle fall vi, for det blir fort tomt igjen.  

 

Sjå bildeserie frå besøket hos Bakar Jon: