Kortmat-bloggen

Ei ny høgtid krev mat av det beste slag, og det er igjen duka for Bondens marked Sogn og Fjordane. Før påske har dei marknad i Florø laurdag 8. april og i Førde tysdag 11. april. Den lokale påskematen finn du på Bondens marked. Bondens marked Florø 8. april: På torget i Florø kan du More Info »

Familien Havåg frå Sunnmøre følte seg lurt i matbutikken av villeiande produktnamn og fine bilde av norsk natur og norske flagg. Dei bestemte seg for å gjere noko med det, og i november i fjor starta dei ei kulinarisk reise: Prosjekt Norges Matfat. Familieprosjektet går ut på at dei berre skal ete norsk og lokalprodusert mat i eitt More Info »

Svolten på noko godt å strøyme? Kortmat har skumma igjennom Netflix og NRK TV-App, og sanka saman eit lite “smörgåsbord” av kortreiste og langreiste dokumentarar og seriar som er verdt å få med seg. Her finn du mellom anna mat frå Norden og verdas hjørner, insekt, gourmet og saké på menyen.     Kortreist frå NRK TV-app More Info »

Første månaden i det nye året er nesten over. Vi ser tilbake på  2016 og fram mot lokalmatåret 2017 saman med Aud Slettehaug, dagleg leiar for Kompetansenettverket lokalmat vest. Slettehaug er også styreleiar i Bondens Marked Sogn og Fjordane, er over gjennomsnittet interessert i lokal mat og følgjer godt med på kva som røyrer seg av nye smakar og More Info »

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, More Info »