Oppføringer av sirilinn

Bondens marked før påske

Ei ny høgtid krev mat av det beste slag, og det er igjen duka for Bondens marked Sogn og Fjordane. Før påske har dei marknad i Florø laurdag 8. april og i Førde tysdag 11. april. Den lokale påskematen finn du på Bondens marked. Bondens marked Florø 8. april: På torget i Florø kan du More Info »

Familien Havåg lever berre på norsk mat

Familien Havåg frå Sunnmøre følte seg lurt i matbutikken av villeiande produktnamn og fine bilde av norsk natur og norske flagg. Dei bestemte seg for å gjere noko med det, og i november i fjor starta dei ei kulinarisk reise: Prosjekt Norges Matfat. Familieprosjektet går ut på at dei berre skal ete norsk og lokalprodusert mat i eitt More Info »

Noko å sjå på for matglade “strøymera”

Svolten på noko godt å strøyme? Kortmat har skumma igjennom Netflix og NRK TV-App, og sanka saman eit lite “smörgåsbord” av kortreiste og langreiste dokumentarar og seriar som er verdt å få med seg. Her finn du mellom anna mat frå Norden og verdas hjørner, insekt, gourmet og saké på menyen.     Kortreist frå NRK TV-app More Info »

, ,

Slik lagar du den perfekte julefrukosten

Jula er ei tid då mange av oss samlast rundt bordet med god mat og drikke. Som oftast er det sjølve julemiddagen som får det meste av merksemda når det kjem til kor mykje hjarte og sjel vi legg i førebuinga. Men kva med å gjere julefrukosten om til ei smaksoppleving også? Kortmat har spurt More Info »

,

Frisk potetsalat

Enkel å lage, og frisk og syrleg på smak. Denne potetsalaten med vintereple og sylteagurk er nydeleg attåt spekemat, lammerull og røykelaks. Komplimenter den også med ein søt raudbetesalat og dei andre oppskriftene på bloggen vår, og julefrukosten blir komplett.    Du treng: 8-10 stk. kokefaste poteter 1/3 purreløk i tynne ringer 1 norsk vintereple More Info »

,

Lun raudbetesalat

Gjer litt ekstra stas ut av frukosten i jula. Denne smakfulle raudbetesalaten passer godt til sylteflesk, kjerull og spekemat. Den gir ein søtleg og fin balanse til feittet og kryddersmakane i julepålegget.   Du treng: 500 g raudbetar 2 ss lynghonning 2 ss rapsolje Grovsalt 100 g rista hasselnøtter Grovhakka bladpersille   Slik gjer du More Info »