Ei reise som du bør få med deg i sommar er den nasjonale turistvegen Gaularfjellsvegen. På denne ruta er det rikeleg med vakre naturopplevingar, gode historier, utsøkte lokale smakar og spennande oppdagingar som ventar på deg. Frå den 27.07 til den 30.07 kan du til dømes vere med på halv eller heildagstur med guide som arrangerast av Go’Kajakk.

HEILDAGSTUR, inkludert guide. Turen startar med ein komfortabel turbuss kl. 09:30 frå Førde og køyrer til Sande, kor vi går innom Mjølkerampen for ein nysteikt bolle og ein varm kopp kaffi. Vi tek med oss ombord nistepakkar frå Sande Kro og Hotell og held fram mot Hestad og det sjarmerande kapellet som ligg på den vakre landtunga mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Her får du omvising og eit kulturelt innslag, før turen går til Utsikten på Gaularfjellet kor lunsjen nytast på «piknikkteppet» ute i det fri. Etter mat og drikke og ein kort køyretur er vi klar for å starte vandringen på Fossestien (ca 7 km, 3,5 t) som er tilrettelagt langs det verna Gaularvassdraget. Ved Myravatn ligg det stødige tandem- og barnekajakkar som du kan padle med ca 1 time (valfritt). Trygt framme på Flatheim gard får du servert eit velsmakande måltid og forfrisking. Returen med buss attende til Førde via Rørvikfjellet inklusiv fotostopp. Ankomst Førde ca kl. 19:00.

HALVDAGSTUR, inkludert guide. Turen startar med ein komfortabel turbuss kl. 09:30 og
kl. 14:00 frå Førde og køyrer til Sande, kor vi går innom Mjølkerampen for ein nysteikt bolle og ein varm kopp kaffi. Vi tek med oss om bord nistepakkar frå Sande Kro og Hotell og held fram mot Hestad og det sjarmerande kapellet som ligg på den vakre landtungen mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Her får du omvising og eit kulturelt innslag, før turen går til Utsikten på Gaularfjellet kor nistepakken nytast på «piknikkteppet» ute i det fri. På returen køyrer vi via Rørvikfjellet inkludert fotostopp med ankomst til Førde ca kl. 14:00/19:00.

TURAR I SOMMAR:

27.juli, 28.juli, 29.juli og 30.juli.

START/STOPP:

Alle turar startar og stoppar ved Førde Rutebilstasjon.

PRISAR:

Halvdagstur vaksen kr. 550,-
Halvdagstur barn u. 16 år kr. 350,-

Heildagstur vaksen kr. 950,-
Heildagstur barn u. 16 år kr. 550,-

Meld deg på turen her.