Denne fyldige sennepssausen er ein modig vekkar og den perfekte medsamansvorne til julefrukosten. Den gir sylteflesket og kjerullen ein ekstra piff, og er klar på under kvarteret.
Du treng:
0,5 dl grov dijonsennep
0,5 dl Dijonsennep
Ca. 0,25 dl rapsolje
1 liten finhakka sjalottløk
1 ss finhakka bladpersille
1 ts sukker
Slik gjer du det:
Bland saman dei to forskjellige sennepane. Ha i finhakka persille, sjalottløk og sukker. Spe deretter med god rapsolje til den tjuknar. Den skal vere litt fyldig slik at den passar saman med sylteflesket og rullen.
Bon appétit!
Lyst på fleire oppskrifter eller tips til korleis du lagar til ein perfekt julefrukost?
Les også: