Kandal Kjøt DA er ei småskala foredlingsbedrift av geit- og kjekjøtt. Kandal Kjøt ligg øverst oppe i Kandal med utsikt over Breimsvatnet i Gloppen Kommune i Nordfjord. Med mål om å gje geit og kje-kjøt meir merksemd har Kandal klart nettopp det, ved gode og nøye råvarar, gamle oppskriftar og samarbeid med andre lokalmatprodusentar i Gloppen. 

Tredje generasjon.
Familiebedrifta vert starta opp av Bjørn og Magni Nygård i 1997. Og ettersom det kom meir etterspørsel av produkta utvida dei til eit større produksjonslokale på garden i 2004. Sonen Paul Nygård tok over som dagleg leiar i 2011, då det var skipa eit DA. Det er desse tre samt Jorun Beate, kona til Paul, som eige bedrifta. Borna til Paul og Jorun Beate, Johanne og Taline deltek etterkvart og er til stor hjelp på marknadane når varene skal seljast.


kandal-847

 

Gløymd ressurs.
“Geit er ei mager og god råvare som vi prøvar å gjere tilgjengeleg for folk flest. Vi nyttar nokre av oppskriftene som besteforeldra; Sara og Peder brukte då dei dreiv garden. Spekekjøtlåra vert tørrsalta og stabburstørka, og vi brukar kun reinskore kjøt i våre produkt. Alle våre produkt er naturleg fri for mjølk og gluten”.

 

“Geit- og kjekjøt er ein gløymd ressurs som fortener meir merksemd” – Paul Nygård.


1111
Sal & produkt.
Kandal Kjøt er lett å kjenne igjen på Bondens Marked. Dei er medlem og er ofte å sjå der med sine produkt. Det er også fleire butikkar i Sogn og Fjordane som sel spekekjøtt og andre varar frå Kandal Kjøt som er blitt populære blandt mange. Dei sel produkta til private, storkjøkken og butikkar. Det er på eit eige produksjonslokale på garden dei vidareforedlar kjøt av geit og kje.

Kandal Kjøt tilbyr spekepølse, spekekjøt, dampepølse og grillpølser. Dette er produkt som dei har heile året. Ellers så har dei sesong produkt som pinnekjøt, sylteflesk og kje-rull rundt juletider. På våren foredlar dei spe-kje på 5-6 veke, som har kun gått på mjølkeforing. På hausten foredlar dei kje som har gått på beite heile sommaren, av desse får dei kjesteik, sosekjøt, kjerull og pinnekjøtt.

Samarbeid.
“Vi synast det er spennande med samarbeid med andre lokalmatprodusentar, vi nyttar t.d urter frå «Høgt og Vilt» på nokre av våre produkt. Kjesteika dampar vi gjerne i eplemost frå Gardsbrenneriet.
Det er vanskelig å velje ein favoritt, for vi har mange flinke lokalmatprodusentar som vi set stor pris på. «Påldtun», «Gardsbrenneriet», «Fjellestad Gardskjøken» og «Høgt og vilt», er alle lokalmatprodusentar frå Gloppen som vi benyttar oss av”, fortel Jorun Beate Nygård.

Kandal Kjøt har eit tydeleg mål om å gje kundane sine ekte mat og gode matopplevingar med den “heimelaga” smaken som fleire og fleire vil ha.

Det har dei allerede klart å etablere, og folk skryter av den gode smaken og den autentiske smaksopplevinga produkta til Kandal Kjøt gir dei. Vi gler oss til å sjå korleis bedrifta utviklar seg og kva vi kan sjå frå dei i framtida. I mellomtida gler vi oss til jul, og alle dei gode smaksopplevingane som kjem.


Nettside:       http://kandalkjott.no/

Facebook:    https://www.facebook.com/Kandal-Kj%C3%B8tt-215276771349/?fref=ts

 

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med?  Send oss ei melding i skjemaet: