Innlegg

Familien Havåg lever berre på norsk mat

Familien Havåg frå Sunnmøre følte seg lurt i matbutikken av villeiande produktnamn og fine bilde av norsk natur og norske flagg. Dei bestemte seg for å gjere noko med det, og i november i fjor starta dei ei kulinarisk reise: Prosjekt Norges Matfat. Familieprosjektet går ut på at dei berre skal ete norsk og lokalprodusert mat i eitt år. Fire månader inn i prosjektet har vi tatt ein kortprat med Lene Havåg, mor og sjølvutnemnd prosjektleiar,  for å høyre korleis det går, kva utfordringar og godar dei møter på undervegs, og kva tips dei har til andre som let seg inspirere.

Kva inspirerte dykk til å starte prosjektet?

– Vi følte oss ofte lurt i matbutikken av villeiande produktnamn, fine bilde eller flagg. Det var vanskeleg å få tak i lokaldyrka grønsaker og mat frå småprodusentar. Vi følte også at vi levde i ei overflod av mat, der alt kan kjøpast uansett årstid. Vi ønsker heller å ete ut i frå sesong. Finne gleda igjen over dei små tinga, som den første rabarbraen som kjem om våren eller smaken av småkaker til jul.

Vi vil også ha ærleg mat. Bønder som leverer reine råvarer, og som får betalt for det, og matprodusentar som ikkje legg skjul på kva produktet inneheld og kor det kjem frå. Vi ønsker butikkar som sel sesongbaserte varer, kortreist mat og med mindre emballasje.

Kva utfordringar møter de på no når de berre skal ete norsk mat?

– Dårleg merking av opphavs- og produksjonsland. Mange produkt utgjer seg for å vere norske, men er enten produsert i utlandet eller basert på importerte varer. Det er også vanskeleg å ete ute.  

Mange seier at vi må gå så mange omvegar for å få tak i lokalprodusert mat. Kva tenker du om det, og korleis har prosjektet forandra handlerutinane dykkar?

– Ja! Dei fleste dagligvarebutikkar har eit lite utval, og her er nokon betre enn andre. Det finnast ikkje butikkar i vårt nærområde kor vi kan handle alle kvardagsvarene som vi treng. Vi handlar litt her og litt der, direkte frå bonden, bestiller på nett eller frå bondens marknad og liknande. Her er det heilt klart eit forbetringspotensiale. For i prosjektet er det greitt å handle på denne måten, men det burde vere mykje enklare å få tak i den norske maten.

Er det nokon produkt som er spesielt vanskelege å få tak i?

– Norsk mjøl må ein på spesialbutikk eller bestille på nett for å få tak i. Vi har enno ikkje lukkast med å få tak i norsk eddik. Det er mange småprodusentar som sel eddik, men det er då fransk eddik som er smakstilsatt med til dømes norske bringebær. Det har også vore vanskeleg å finne ei nøytral olje. Den norske rapsoljen er veldig kraftig på smak, og eignar seg ikkje til å lage for eksempel majones.

Har prosjekta ført til at de har funne fram til nokon nye smaksopplevingar eller fått augo opp for nye matrettar?

– Vi et mykje meir fisk. Kål, byggryn og poteter har også fått ein stor plass i vårt kjøkken og vi bruker dei på nye måtar. Mellom anna byggotto og potetlasagne er blitt nye middagsfavorittar!

Er det andre rutinar eller vaner som har endra seg heime hos dykk etter at de starta prosjektet?

– Matgleda! Vi set større pris på maten, for vi har gjerne måtte gjere ein jobb før den ligg på middagsbordet vårt.

Vi handlar på ein anna måte også. Når eg får tak i gode råvarer så kjøper eg inn mykje og lagrar den i boda eller i frysaren.

Kva respons får du frå folk når dei høyrer om prosjektet dykkar?

– Utelukkande positive tilbakemeldingar. Dei fleste synes det er bra det blir satt fokus på. Dei begynner å kikke i sine eigne skap og skuffer, og blir overraska over kor lite av maten som er norsk.

Kva tips har du til andre som let seg inspirere, og som går med tankar om å ete meir norsk lokalprodusert mat?

– Når du vet kor maten kjem frå og kven som ha laga den, smaker alt så mykje betre. Visst fleire kjøper norsk mat, vil utvalet og tilgangen bli betre og det vil bli enklare for alle å få tak i den gode maten.

Og dersom det er eit praktisk tips for korleis ein kan begynne i det små?
– Vel norske matvarer der du har moglegheit til det. Kjøp ut i frå sesong, og så lokalprodusert som mogeleg. Sjå etter Nyt Norge eller Spesialitetmerket, då er du sikker på at råvarene er norsk og at den er produsert i Norge. Har du lagringsplass ville eg henta poteter, rotgrønsaker, løk og andre lagringsdyktige grønsaker hos bønder i nærområdet ditt. Kjøtt er også fint å kjøpe direkte frå bonden. Følg med i lokalavisa, oppslagstavler eller på nett. Mange sel heilt eller halvt lam på hausten. Kje, fjellgris, og økologisk oksekjøtt er også mogeleg å bestille på nett.

 

Prosjekt Norges Matfat

Vil du vite meir om prosjektet til familien Havåg, og følgje med dei undervegs kan du besøkje bloggen deira her. Der finn du gode oppskrifter og tips til korleis du kan ete meir norsk mat.