Innlegg

Lokalt påskegodt på tur

Foto: Pralina i Ålesund har forma flotte påskeegg og påskeharar av sjokolade.

 

Det nærmar seg påske, påskegodt, påskeegg, fjell- og hyttekos. Dette er tida då vi kanskje puttar i oss meir godteri enn i jula. Kanskje blir det priskrig på smågodt og kvikklunsj på tur, men om du ønsker å prøve lokal sjokolade denne påska, så veit vi kor du finn den. Det begynner nemleg å bli ein del lokale versjonar av Willy Wonka her til lands. Så kvifor ikkje ta med nokre av desse lokale godbitane inn i påska?

Obs! Før vi tek for oss lista vil vi berre seie at det er ikkje alle produkta som er like enkle å få tak i. Det er nemleg ikkje alle som har nettbutikk. Men om du ikkje finn dei på nett, så er du kanskje så heldig at du skal forbi ein av desse stadane på veg til fjellet og/eller hytta?

Geiranger Sjokolade

Ved vakre Geirangerfjord finn ein eit tidlegare båthus som no er ein spennande sjokoladefabrikk. Der lagar dei mellom anna smakfulle sjokoladebitar med olivenolje og havsalt, nøtter, aprikos, blåmuggost, jordbær, bringebær, blåbær, chili, akevitt og whisky. Og favoritten blant dei reisande er visst ein sjokolade med brunost.

Om du er i nærleiken av Geirangerfjorden i påska, anbefaler vi at du tek turen innom. Geiranger sjokolade kan ein også kjøpe hos Stangeriet i Mathallen Oslo, Bakar Jon i Byrkjelo, Skikkelig Mat Sartorsenter utanfor Bergen, Porsgrund Outlet på Devoldfabrikken utanfor Ålesund, Travel Value Shopen på Vigra Flyplass, Smak i Lom, Mætt & Go i Kristiansund,  og Monicas Godteributikk i Bodø. Facebook-sida deira held deg elles oppdatert på kva som skjer i Geiranger Sjokolade si verd.

 

FJORDNÆR: Gerianger Sjokolade ligg vakkert til like ved Geirangerfjorden.  Foto: Geiranger Sjokolade

 

Knutholmen «Butikken»

Fredag 7. april opnar Knutholmen i Kalvåg ein heilt ny butikk som har eit breitt utval av varer innanfor interiør, gåver, lokalt brygg, handlaga sjokolade og mykje meir. Det er Martine og Martin frå Knutholmen som står for produksjonen av konfekten. Den blir laga i ei gammal sjøbu som heiter Sjøholt. Der har dei eit lite produksjonskjøkken kor dei blandar saman det beste av det beste, Valrhona-sjokolade, med sjølvlaga fyll utan konserveringsmidlar. Konfekten kjem i 12 forskjellige smakar og vil variere med sesong og tilgang. Dei har alt frå karamell og ganacher til ulike bærfyll, og sjokoladen er signert med Knutholmen sitt eige mønster. «Butikken»  held forresten også opent i påskehelga. Meir info og opningstider finn du her.

 

Meium Sjokolade

Meium Sjokolade er ein økologisk konfektfabrikk i Selbu kommune som lagar “tradisjonell nordisk konfekt” med mellom anna bjørk og einer, lokalt øl, molter, tindved, tyttebær, blåbær og blåmuggost frå Selbu Meieri (Selbu Blå), seterbrunost, gulrot, og tørka elgkjøtt eller reinkjøtt. Fabrikken gjekk i fjor av med prisen for årets nykommar med sin konfektsjokolade med gelé på ølsortar frå lokale bryggeri på Trøndersk Matfestival. I tillegg til sjokoladar av mange variantar, tilbyr dei også ein konfektmeny som passer til lokale og særprega øltypar. Dei sel sjokoladen sin på Bondens marknad og norske matfestivalar, og via eigen nettbutikk. På nettsida deira finn du også ei oversikt over utsalsstader for produkta deira.

 

Pralina i Ålesund

Hos Pralina på Emblem i  Ålesund får du kjøpt handlaga sjokolade direkte frå fabrikken. Sjokoladen er støypt for hand og laga etter eigne oppskrifter med lokale råvarer som mellom anna jordbær og bringebær frå Valldal, lokal honning og havsalt frå Gossen. I tillegg har dei sjokolade med flytande karamell, mokka og ikkje minst no til påske; marsipankonfekt med nougat! Pralina har sjølvsagt eigne påskeeegg med påskeharar og egg av ulik sjokolade. Ei oversikt over nokre forhandlarar finn du her.

 

Pralin Sjokoladeverkstad på Sandnes

Pascal Bulinckx er ein belgisk «chocolatier» og saman med Kone Mari R Andersen driv han Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes. Der lagar dei konfekt av den berømte belgiske sjokoladen Callebaut fra Belgia, eller praliner som dei kallar dei. I tillegg til Pralin melkesjokolade, mørk og lys sjokolade, har dei også sjokolade med fruktpuré av blåbær, pasjonsfrukt, bringebær og mango. All sjokoladen er handlaga med ferske naturlege ingrediensar, 100% kakaosmør og ingen konserveringsmidlar. Sjokoladen deira kan du kjøpe via nettbutikken deira, eller om du er i Sandnes kan du ta turen innom butikken og kaféen deira i Langegata 34.

 

PRALIN: Sjokoladen til Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes får du kjøpt både på nett og i butikken deira. Foto: Pralin Sjokoladeverskstad

 

Sjokoladesalongen i Vestfossen

Sjokoladesalongen i Vestfossen kan skilte med belgisk sjokolade, ferske råvarer og Norges beste konditor som nyleg vart krona under Konditor NM på smaksmessa på Lillestrøm. Dei har herlege sjokoladebitar med silkemjukt fyll utan noko form for konserveringsmidlar. Sjokoladetrøfler og sjokoladebrekk er blant sortimentet. Produkta finn du i kaféen og sjokoladebutikken deira i Vestfossen, storgata 61, og i ein del butikkar/gardsbutikkar kor Eventyrsmak sel varene sine.

 

Sognefjord Sjokolade

Sognefjord Sjokolade er ein sjokoladefabrikk i Marifjøra ved Sognefjorden driven av Paul og Franka Fransen. Dei hentar inspirasjon frå omgivnaden ved Sognefjorden og smeltar saman dei gode smakane frå lokale ingrediensar i Luster med belgisk sjokolade. Du finn mellom anna jordbær og bringebær frå Bollingberg Gard, eplejus frå Kroken Frukt og Bær, pærejus frå Eplet Bed & Apple og honning frå Lustrahonning i sjokoladebitane deira. Dei har eige sjokoladeutsal frå Kafe Marifjøra, og sjokoladen deira er også å få tak i hos Bakar Jon, Coop Extra Førde, Coop Extra Stryn, Lustrabui Sogndal og Lustrabui Luster.

 

Påskekonkurranse

Saman med Geiranger Sjokolade, Knutholmen «Butikken», Pralin Sjokoladeverkstad, Pralina og Sognefjord Sjokolade har vi laga til ei påskeoverrasking med lokale godbitar som kan bli di. Delta i konkurransen på Facebook-sida vår!

Bondens marked før påske

Ei ny høgtid krev mat av det beste slag, og det er igjen duka for Bondens marked Sogn og Fjordane. Før påske har dei marknad i Florø laurdag 8. april og i Førde tysdag 11. april. Den lokale påskematen finn du på Bondens marked.

Bondens marked Florø 8. april:

På torget i Florø kan du kjøpe lokalt påskegodt og sjokolade frå Sognefjord Sjokolade, og sikre deg påskelaksen frå Svanøy Røykeri. Håjen lefsebakeri stiller også på marknaden og har med seg Sunnfjordlefse, flatbrød, fiskebrød, potetkaker, natronkaker, kaffilefse, rundstykker, knekkebrød og syltetøy.

Kandal Kjøt kjem med ferskt kjekjøt, grillpølser og spekemat av geit, og Jevnlid Garden med kjøtbollar med ramsløk og si signatur spekepølse: «Chorizo de Lida». Fjord Gardsmat har med seg eit utval av geiterull, vikingkubbe (sylteflesk), pølser og burgere.

I tillegg kjem også Heimtun, Reksta Villsau og Kari Storesund, så her finn ein mykje god mat som ein kan kose seg med i påska.

Marknaden er open frå kl. 10.30 til kl. 15.00.

Bondens marked Førde 11. april:

Det blir også marknad på Elvetorget i Førde tysdag 11. april og følgande utstillarar kjem dit: Håjen lefsebakeri, Kandal Kjøt, Svanøy Røykeri, Påldtun Frukt og Bær, Botnatunet Gardsmat, Heimtun, Fjord Gardsmat og Kari Storesund.

Marknaden er open frå kl. 11.00 til kl. 17.00.

 

 

 

 

 

,

Konkurranse: Denne matskatten kan bli din

Kva er smaken av jul for deg? 

Svar på spørsmålet vårt og årets julegåve kan bli di.

Saman med nokon av dei beste lokalmatprodusentane vi kjenner har Kortmat laga til ei julekasse med lekker og smakfull lokalmat som vi ønsker å gi vekk til jul.

Denne spennande julekassa kan bli di ved å like Facebook-innlegget vårt og svare på spørsmålet vårt i kommentarfeltet. Om du ønsker å dele innlegget vårt er det berre kjekt, men det er ikkje noko krav for å delta.

Konkurransen er open frå onsdag 7. desember til onsdag 14. desember. Torsdag 15. desember trekker vi den heldige vinnaren opp frå nisselua slik at vi kan få levert gåva til deg før jula ringer inn. Vinnaren publiserast på Facebook-sida vår same dag.

Nyfiken på kva som er oppi?

Julekassa inneheld:

  • Møyrt fenalår frå Solundmat
  • Tre ulike variantar av spekepølse frå Kandal Kjøtt, Reksta Villsau og Sangnæs.
  • Farmors sylteflesk frå Jevnlid Gard
  • Laks frå Svanøy Røykeri
  • Eplemost og eplegløgg frå Fjordane Gardspresseri
  • Bringebærsaft frå Påldtun Frukt og Bær
  • Sjakkruter og kolakaker frå Erketunet Gardsbakeri og serinakaker frå Håjen Lefsebakeri.
  • Midtsommardraum te frå Høgt og Vilt
  • Juleblanding frå Sognefjord Sjokolade

Med ønske om ei velsmakande og god jul frå alle oss til deg!

 

Les også:

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

Lokalmat – årets julegåve til dei som har alt

,

Smakfulle gåver og kortreist julemat på Bondens marked

Laurdag 3. desember er det Bondens marked i Florø. Det er siste gong det er Bondens marked på Torget før jul, så om ein vil handle inn gode råvarer og kortreist julemat laga på tradisjonelt vis, så er dette staden å vere laurdag.  Kanskje finn du nye eller kjende favorittar som du kan pakke inn som smakfulle julegåver eller anna knask som du og familien din kan kose dykk med i jula. Det du skulle trenge av kjøtt til sjølve julemiddagen finn du også her.

 

Desse produsentane stiller på Torget i Strandgata laurdag frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Heimtun

Økologisk kjøtt av fjordfe og gammalnorsk spel, pølse, pinnekjøtt og ferskt hjortekjøtt.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Jevnlid Garden

Julepølser og sylteflesk. Julepølsene er laga på same oppskrift som har vore brukt på garden Jevnlid gjennom generasjoner. Sylteflesket er etter farmora deira si oppskrift, og kling med namnet farmors sylteflesk.

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Reksta Villsau

Økologiske spekepølser av villsau i to storleikar. Dei har også med skinn av villsau og kassar/korger av rekved.

 

Sognefjord Sjokolade

Pralinar og forskjellige lekre blandingar av kortreist sjokolade og julegodteri.

 

Les også: 9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

Vi minner også om at det er Bondens marked på Elvetorget i Førde 10. og 17. desember.

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/