Innlegg

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka.

 

Ein av utstillarane frå Osloregionen er Smaalensgås frå Østfold. Dei beskriv seg sjølv som ein gjeng med entusiastiske og engasjerte unge bønder som arbeider mot ei felles målsetjing om å skape eit kortreist og bærekraftig produkt: ei unik og lokalt produsert smaalensgås med røter i gamle tradisjonar. Camilla Nordmo er ein av bøndene frå Taraldrud Gard i Marker kommune som representerer Smaalensgås frå Østfold under Grüne Woche.

 

Camilla Nordmo frå Taraldrud Gard, ein av gardane som er med i Smaalensgås frå Østfold. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

Er de klare for Grüne Woche?

– Ja, no er vi veldig klare til å reise nedover og komme i gong. Vi fekk beskjeden om at vi var plukka ut til å delta tidleg i haust, og vi kjenner at det kriblar litt ekstra i magen no som det endeleg nærmar seg. Vi har forberedt oss så godt vi kan, men vi har hørt frå tidlegare deltakarar at alt er mykje, mykje større enn ein kan førestille seg.

 

Korleis har de forberedt dykk til messa? 

– Ein stor del av førebuingane våre har handla om å produsere opp dei produkta vi skal ha med oss. Vi slakta årets gjæser i byrjinga av oktober, så vi hadde ikkje meir tid av vegen enn at vi akkurat rakk å få produkta ferdig i tide til messa. Ein del forberedande pressearbeid har det også blitt.

 

Kva har Smaalensgås med seg til Grüne Woche? 

– Vi har med oss dei nye spekeprodukta våre spekt gåsebryst og gåsesalami laga i samarbeid med Felloni Spekehus. Spekemester Felloni har tatt med seg italienske speketradisjonar til Norge, og lager nokon fantastiske produkt det ikkje finnast maken til i landet. Ein slags Italia møter Østfold i ein kombinasjon som er heilt unik!

Spekt gåsebryst og gåsesalami frå Smaalensgås. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

 

Kva betyr det for Smaalensgås å få delta på ei av dei største messene i verda? 

– Vi er veldig stolte og glade for at vi ble plukka ut til å representerer Oslofjordregionen og Østfold i Berlin. Vi har jobba hardt i fleire år, og føler at vi no får ei stadfesting på at vi har gjort noko riktig. Det er morosamt når arbeidet ein legg ned bærer frukter.

 

Kva forventningar har de til messa?

– Vi ser først og frem fram til å få presentert oss sjølv og den fine gåsa vår til eit breiare publikum. Vi har etter kvart blitt godt kjent i matfylket Østfold, men vi håpar at vi gjennom Grüner Woche også kan promotere oss sjølv meir nasjonalt.

 

Kva håpar de å ta med dykk tilbake igjen til Norge? 

– Grüne Woche er ein fin arena til å skape samarbeid og nyskapning på tvers, og vi håpar at vi kan knytte nokon viktige kontaktar og samarbeidspartnarar for vårt vidare arbeid i årene framover. Den norske delegasjonen består i år av over 70 utstillarar. Ein gjeng med brei erfaring og mykje kompetanse, og vi kan antakeleg hauste mykje nyttig erfaring både undervegs og i etterkant av messa.

 

Meir frå Grüne Woche: