Innlegg

Noko å glede seg til: matfestivalar i 2017

Matglade, svoltne så vel som tørste, har mange gode matfestivalar å glede seg til i år. Vi har begynt på ei oversikt som vi håpar vil vekse seg større i løpet av året. Her vil du finne mykje godt å bite i, og det kan fort bli vanskeleg å velje kva du skal få med deg av dei store smaksfestane i 2017.  Og om favorittfestivalen din ikkje er på lista, så kan du tipse oss 🙂

JUNI

Norsk Spekematfestival 

Tynset / 8.-10. juni

Norsk spekematfestival lovar deg smaken av fjellet og det beste landet har å by på av spekemat. Festivalen startar torsdag 8. juni med ein innovasjon-og matkonferanse for produsentar, bønder, offentlege embetsmenn og andre med næring innan norsk mat- og landbruk. Dagen avsluttast med ein festaften med spekemat på menyen så klart!

Fredag 9. juni er inspirasjonsdagen for produsentar, matinteresserte og hobbykokkar og blir ein dag fylt med læring, inspirasjon og gode smakar.

Lørdag 10. juni er det open dag på Torget med utstillerar, spekematprodusentar og aktivitetar for store og små! Bli kjend med produsentane og nyt opplevingar for både sjel og gane. Sjekk programmet deira her. 

 

Norsk Laksefestival

Surnadalen / 22.-25.Juni

Nok ein gang arrangerast Norsk Laksefestival i Surnadalen. Her blir det marknadsgate, fiskekonkurranse, ein heilaften med norsk popmusikk og mykje anna for heile familien. Mellom anna familieshow og ablegøyer med underhaldingsartisten VirrVarr. Programmet finn du her.

 

Matfestivalen i Numedal

Numedal / 30.juni og 1. juli

Billetsalget til matfestivalen i Numedalen er i gang og dei tilbyr spennande 5-rettars lokalmatmeny med matteater, lokalmatmarked, pølsekurs, kappmjølking og konsert. Festivalen arrangerast i Rollaug sentrum som ligg midt i Numedal, ca. 1 time med bil frå Kongsberg i retning Geilo. Om du kjem med  telt, campingvog eller bubil, så kan  du bu på festivalcampen på Rollaug skule. 

 

JULI

Eid Gatematfestival

Nordfjordeid / 15. juli

Lørdag den 15.juli er det sommarshopping og gågate på Nordfjordeid og Minibakeriet arrangerer Gatematfestival i eidsgata. Fleire dyktige kokkar kjem frå heile Norge for å lage ekte gatemat i gågata.  Dei lovar kokketaco, grilling av gris, pulled pork sliders, gatetapas, fiskesuppe, miniburgers og mykje meir. I tillegg kjem også fleire lokale bønder og produsentar for å selje produkta sine.

 

GLADMAT

Stavanger / 19 – 22. juli

I juli arrangerast Gladmat, Nordens største matfestival, for 19. året på rad. Festivalen beskrivast som eit utstillingsvindaug for matproduksjon, gastronomi og matkultur, og ein viktig møteplass for forbrukerar og foredlerar av mat. Gladmat ynskjer å vise fram nisjeprodukt, råvarer og det siste av trendar. Samstundes ser dei etter deltakerar som representerer lokale kvalitetsprodukt med unike historier.

 

Tuppeline på Trøndersk Matfestival i august i fjor. Foto: Wil Lee-Wright / Oi! Trøndersk Mat og Drikke AS

 

AUGUST

Trøndersk Matfestival

Trondheim / 3. – 5. august  

Trøndersk matfestival er blitt Norges leiande lokalmatfestival med mange utstillerar samla frå ein region. Dei serverer nye og spennande produkt og matretter i tillegg til tradisjonsretter. Alt basert på råvarer, produkt og matspesialiteter frå regionen.

 

Bryggerifestivalen

Trondheim / 3 – 5. august

Side om side med Trøndersk Matfestival arrangerast Bryggerifestivalen i Trondheim. Festivalen er ein utstillingsplass av spesialøl og handbrygga øl frå bryggeri i Midt-Norge. I tillegg inviterer dei også bryggeri frå andre regioner og land. På festivalen blir det smaksarena for mat og øl med ei rekke ulike ølsortar, Øl og Mat NM – eit meisterskap for heimebryggjerar, kurs/foredag som passer for både nyfikne øl-entusiastar og fagfolk, og festmiddag i samarbeid med Trøndersk Matfestival.

 

Skalldyrfestivalen

Mandal / 10.-13. august

10.-13. august er det klart for Sørlandet sin største matfestival: Skalldyrfestivalen.  Då blir Mandal sentrum gjort om til eit stort festivalområde med eit yrande folkeliv og sydlansk stemning. Bryggegata blir fylt med restauranttelt, matmarked, utstillarar, street food, kokkeskule for born, og VM i rekepilling. Her er også underhaldning med konsertar, gatemusikantar og tivoli.

 

Mimi goes glamping

Åmot Operagard / 18.-20. august

Opera, natur, fantastisk mat og myke moro! Dette er berre noko av det Mimi goes glamping lovar festivalgåerane sine. Opplev arier på fjorden i historiske båter, opera på låven, overraskingar rundt bålet under stjernene, poesi og musikk, yoga og mykje meir! Søndag 20. august flyttar også Bondens Marknad inn på festivalen. Her kan du smake på herlege gourmetoverraskingar basert på lokale råvarer. Festivalen har fått mykje merksemd internasjonalt og Opera Now har komme med følgande utsegn:  «When the event catches  on they might well have to kill for a ticket.»

 

Den Norske Matfestivalen

Ålesund / 24.-26. august

Den Norske Matfestivalen i Ålesund er ein festival med lang tradisjon og går av stabelen for 33. gang den 24. til 26. august 2017. Her blir det mange spennande utstillerar, fagseminar, kurs, gode mat- og drikkeopplevingar på festivalarenaen og festivaltilbod på eit utvalg av byen sine flotte restauranter.

 

Godt i Gapet 

Florø / 25-26. august

Smaksfesten følger fjorårets suksess med Bondens marknad i gågata, lokal mat og drikke, stand med eksotiske smakar frå andre hjørner av verda og gourmetkveldar på byens utestader. Det blir også truleg eit skikkeleg øltelt med mikrobryggeri frå rundt omkring.

 

SEPTEMBER

Bergen Matfest

Bryggen i Bergen / 1-3. september

Bergen Matfest går av stabelen i september og lovar eit vell av gode smakar frå dyktige lokalmatprodusentar, utsøkte menyar i restaurantteltet «Matbyen Bergen», internasjonalt Unesco gastronomideltaking, kokkeshow, matkurs, konkurransar, barneaktivitetar og supergod stemning.

 

BØ – Bergen Ølfest

Bergenhus Festning / 1-2. september

Bergen og Norges største ølfestival på Bergenhus Festning. Festivalen har fokus på handverksøl og ynskjer å vise at øl er så mykje meir enn berre «halvliteren». Her blir det nye opplevingar knytta til øl og mat, både når det gjeld smak og kunnskap. På festivalen kan ein gjere seg kjent med ølet si spennande verd og dei som bryggjer det her i Norge. Temaet i år er «tid»: ølhistorie, den nye mikrobryggeribølgja, brygging før og no, og ølet si framtid.

 

Matstreif

Rådhusplassen og Kontraskjæret i Oslo / 22-23. september

Matstreif er Norges største matfestival og arrangerast årleg av Innovasjon Norge på oppdrag frå LMD. Dei hadde ca. 235.000 besøkjande i fjor og årets festival er på Rådhusplassen og på Kontraskjæret. Her vil store og små matentusiastar kunne møte produsentane og få mogelegheit til å smake seg gjennom noko av det beste Norge har å by på av kvalitetsvarer.

 

SMAK

Tromsø / 22 – 23. september

SMAK er matfestivalen for og i Nord-Norge, midt i matfatet Tromsø. Tromsø er Norges nest største fiskevær og vertskap for prislønna produsentar av mat, produkt av høg kvalitet og gode restaurantar.

 

Matamål 

Sandane / 30 september

Matamålfestivalen er den største og beste marknadsplassen for sal av lokalmat mellom Trondheim og Bergen! Torgdagen er laurdag den 30 september og vert som tidlegare arrangert på Heradsplassen i Sandane sentrum. Her vert det mange spennande standar med god lokal mat og drikke. I tillegg vert det også ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne nokre.

 

Norsk Matglede på Geilo. Foto: Paul A. Lockhart.

Hardanger Matkulturfestival 

Eidfjord / 29. september – 1. oktober

Hardanger Matkulturfestival Eidfjord er ein møtestad mellom tradisjonsberarar og lokale mattradisjonar, handverkstradisjonar og kunstnarleg innslag for liten og stor. Her blir det også marknad med smakebitar av lokal tradisjonsmat og tilbod om kurs i ulike matkulturelle emne. Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord og årets tema er «Tenker grønt». 

 

OKTOBER

Norsk Matglede

Geilo / 6-8. oktober

Norsk Matglede inviterer til matfest og matglede i høgfjellet i oktober. Festivalen har fokus på småskalaproduksjon, økologiske råvarer og kortreist mat. Lørdag 7. oktober arrangerast det eit stort matmarked med kun norsk lokalmat frå småskalaprodusenter, frå kl. 10-17. Kokkekamp, matauksjon og servering av hallingtapas er alltid faste poster på programmet denne dagen.

 

Matfestivalen i Lofoten

Lofothallen på Leknes / 14 -15. oktober

Under matfestivalen blir Lofothallen på Leknes omgjort til ein spennande arena for lokal mat og matkultur. Heile Nord-Norge er eit gedigent spiskammers for god mat, enten råstoffet kommer frå hav eller land. Amatørar og profesjonelle, kjente og ukjente kokker, vil være til stades og der vil vere mange matglimt og bitar som er verdt å få med seg. I hallen vil det også vere eigen restaurant med smakfulle retter av fisk og Lofotlam.

 

NOVEMBER

Fagernes Rakfiskfestival

Fagernes / 3. til 5. november

Med 25.000 besøkande kvart år har Norsk Rakfiskfestival etter kvart blitt ein av dei største marknadsplassane for norske småskalaprodusentar. Her omsettast det ca. 15 tonn rakfisk i løpet av festivalhelga, og i tillegg kjem det over 110 andre utstillarar som fyller gatene med norske kvalitetsprodukt innanfor norsk mat og handverk.

 

Festivalar som har vore:

 

FEBRUAR

Tråante 2017

Trondheim / 6-8. februar

12 lavvoar blir til ein midt i hjarte av Trondheim når Tråante feirar norsk reinkjøt og reindrifta i eit mangfald av smak og særpreg frå helten på vidda. Festivalen lovar tre fantastiske dagar med ein arena full av liv, lukt og smak. Her blir det produsentar av reinkjøt og reinkjøtprodukt, samt duodjiutøvere med handverk i samisk tradisjon.

MARS

Spis og Drikk-festivalen 2017

Oslo Spektrum / 3-4. mars 2017

I mars arrangerast Spis og Drikk i Norge for første gong. Den er blant landets største festivalar for deg som likar god mat og vin. Her blir det vin, champagne, whisky, cocktails, øl med mykje fantastisk mat som kombinerast med noko godt i glaset. Her kan ein også vere med på ulike kurs kor ein kan prøve seg fram med å mikse eigne drinkar.


MAI

Oslo Vegetarfestival

Hausmannsgate 14-16, Oslo / 13 -14. mai

Oslo Vegetarfestival vil vise det beste som vegetarverda har å by på. Bli med på ei helg stappfull av herleg mat, fine produkt, spennande foredrag og inspirerande kokkekurs. I fjor kunne festivalen skryte på seg 6000 besøkjande, og i år har dei også ”plenty” med plass: eit stort uteområde med matstands, tre etasjar med stands inne på DogA og to etasjar inne i Kulturkirka Jacob.

 

Tips oss!

Veit du om ein smaksrik festival som ikkje har komme med på lista vår? Del den med oss då vel ved å sende ein e-post til sirilinn@kortmat.no

 

, ,

Matfestivalar i 2016

JUNI

Førde Øl og Matfestival
Facebook.com/fordeolfestival  – Sentrum Sør, Førde  3 – 4 juni.2016.

Lærdalsmarknaden
http://laerdalsmarknaden.no – 17 – 19.juni 2016 – Velkommen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hånd i hånd.

Sildebordet i Florø
www.facebook.com/Sildebordet/  17 – 19.juni vert verdas lengste sildebord arrangert i Florø! Då dekker vi omlag 350 meter bord gjennom Florø sentrum. Her vert det servert fleire gode silderettar, og alle får ete seg mette. Heilt gratis!

Himmel og Hav Kystfestival

Sildebordet er ein del av Himmel og Hav Kystfestival – ein festival som også omfattar laksens dag, konsertar og det historiske spelet «Kinnaspelet – Songen ved det store djup».

Norsk Laksefestival
http://www.norsklaksefestival.no/ – Nok ein gong arrangeres Norsk Laksefestival i Surnadal. 23 – 26.juni. 2016 er det klart for fiskekonkurranse, martnadsgate, tivoli, konsertar og mykje meir for heile familien.

Mat og havnefestivalen
http://www.matoghavnefestivalen.no/ – 24 – 26.juni.2016. Festivalen samler om lag 30.000 festivaldeltakere, derav både turister og regionens innbyggere til folkefest siste helgen i juni. Under festivalen er det yrende liv i Halden. Gjestehavna fylles av båter fra hele kysten. Torget forvandles til et matmarked, omringet av byens serveringssteder som byr på herlige matopplevelser.

GLADMATfESTIVALJULI 

Matopplevelser i Numdal
http://matopplevelserinumedal.no/ – 1 – 2.juli.2016.
Salg og markedsføring for 35 lokale aktører innen lokalmat og grønt reiseliv. Foredling av Spælsau fra Numedal mm, utgiver av boken «Mat fra Numedal», arrangør av Matfestivalen i Numedal og lokalmatmarkeder i høst- og påskeferie samt salg og servering i kafè og butikk på Rollag Stasjon.

Gladmat festivalen
http://gladmat.no/  Gladmat er den ledande matfestivalen, både i Noreg og i Norden, og skal fremme publikums interesse for mat og matkultur. I 2016 arrangeres festivalen for 18. år på rad i Stavanger frå 20 – 23. juli 2016.

Morellfestivalen
http://morellfestivalen.no – 28 – 31.juli 2016 i Lofthus i Hardanger. Morellfestivalen går over 3 dagar og tilbyr eit svært innhaldsrikt program for både små og store. Marknadsplassen byr på spanande produkt og mykje å smaka på.

AUGUST

Kalvåg Kystfestival
https://www.facebook.com/kystfestival – 5 – 7.august. Kalvåg vil koke av kystkultur, og i år står mat og drikke som tema! Her blir det underhaldning og aktivitet for både små og store. Den tradisjonsrike Rorbua med sin gode stemning og Steinar Engelbrekson’s band spiller på Knutholmen både fredag og laurdag. Kystlagets båter blir pusset og gjort klar for rokonkuranse på vika. Sett av den første helga i august og kom til Kalvåg. Her har vi plass for båter, bobiler eller muligheter for rorbu/rom leige fra Knutholmen.

Trøndersk matfestival
http://oimat.no/tronderskmatfestival/
– Trondheim Torg 04 – 06.august.2016

Bryggerifestivalen
http://oimat.no/bryggerifestivalen/ – Trondheim, 04 – 06. august. 2016. Bryggerifestivalen i Trondheim er ein festival for spesialøl og håndbrygget øl. Festivalen arrangerast samtidig som Trøndersk Matfestival.

Skalldyrfestivalen
http://skalldyrfestivalen.weebly.com/ – 10 – 14.august.2016. Skalldyrfestivalen er ein tradisjonsrik festival som har utvikla seg meir og meir til ein matfestival. Hele Mandal sentrum stengast og det er ett yrende folkeliv. Titusener av folk entrer festivalen for å ete fantastisk god sjømat, gå på konsert og generelt ha ein deilig avslutning på sommaren.

Norsk Bringebær Festival
http://norskbringebaerfestival.no – 19 – 21.august 2016 på Vik – største bringebærkommunen i landet!

Smaksfestivalen Godt i Gapet
www.facebook.com/Smaksfestivalen – 19 – 21.august. God mat, god drikke, god stemning og gode opplevingar. Under Smaksfestivalen skal freistingane komme som perler på ei snor.

Mersmak i skien
http://www.mersmakiskien.no/ – Matfestivalen Mersmak i Skien arrangerast 26. og 27. august. 2016 og for 9. gong. Det blir ein folkefest med meir enn 100 utstillere og stort mangfold. Publikum kan oppdage nye smakar og hente inspirasjon fra Økologisk torg, Barnas torg, Bondens torg, Utmarka vår, Mat fra hele verden, Regional matkultur og hjå alle utstillerne i gata!

Matfestivalen i Ålesund
http://www.matfestivalen.no/
– Den Norske Matfestivalen i Ålesund går av stabelen 24. til 27. august 2016. Vi gler oss til å gje deg mange spennande utstillere, fagseminar, kurs, gode mat- og drikkeopplevelsar på arenaen og festivaltilbud på byens restauranter og hotell.

TRØDERSKMATFESTIVALSEPTEMBER

Bergen Ølfestival
http://bergenolfestival.no/ – 2 -3. september. Bli med på Norges største og beste ølfestival! Bergen Ølfestival fyller 5 år i år, og med på BØ 2016 er hele 41 norske bryggerier! BØ kan også by på god mat, foredrag, konkurranser og andre aktiviteter.

Bergen matfestival
http://www.matfest.no/
2. – 4. september Koengen – Bergenhus Festning. Bergen Matfestival er blitt den viktigaste arena for presentasjon og salg av bærekraftig kortreist mat i Hordaland og Sogn og Fjordane og synliggjøring av vår stolte matkultur og historie.

Matstreif
http://www.innovasjonnorge.no/matstreif/
– 2-4.september.2016, Oslo. MATSTREIF er Norges største matfestival – som arrangerast midt i hjertet av hovedstaden. Arrangør er Innovasjon Norge, på oppdrag fra LMD. Festivalen tilbyr det beste du får av norsk lokalmat og vi ynskje å auke entusiasmen, kunnskapen, bevisstheten og stoltheten rundt norsk mat- og drikkekultur.

Oslo Akevittfestival
https://billetto.no/events/130381 – Lørdag 3.september blir det mulig å smake over 100 ulike norske akevitter fra forskjellige leverandører og produsenter.

Egertorget Matfestival
http://http://egertorget.no/ – 3 – 4.september – Hokksund. Egertorget Matfestival skal være et arrangement som fremmer lokalmat og norske tradisjoner samtidig som det skal være en inspirasjonkilde til videreutvikling av norske landbruksprodukter. Mottoet våres er: Ekte smak – Ekte opplevelser.

Vesterålen Matfestival
http://www.vesteralenmatfestival.no/ – 10 – 17.september. Vesterålen Matfestival er en regional matfest, med arrangementer over hele Vesterålen – i alle kommuner. Festivalen var ny i 2010. Festivalen skal bidra til å fremme regionens sterke og spennende arktiske mattradisjoner, og en matkultur som fortjener å bli tatt vare på.

Arktisk Mat
http://www.arkmat.no/ – 16 – 18.september  – Mosjøen.

Smak av Sogn
www.facebook.com/smakavsogn– 21 – 25.september. Smak av Sogn er matfestivalen i Sogn! Ope for alle med lidenskap for mat! Me har kurs, fagdag og marknadsdagar. Alltid siste helga i september.

Matamål
http://matamal.no/
– Matfestivalen på Sandane, Sogn og Fjordane, 21-25.september.2016.

Smakfest i Tromsø
http://www.smakfest.no/ – 23-24.september 2016. SMAK er matfestivalen for og i Nord-Norge, den arrangast midt i matfatet Tromsø i september. Tromsø er Norges nest største fiskevær, vertskap for prisbelønte produsentear av matvarer, dyrkande produkt av svært høg kvalitet, gode restaurantar og matutdanning til å vere stolt av. SMAK har tatt posisjonen som hele Nord-Norges matfestival og skal vise mangfoldet av dei fantastiske råvarene, matkulturen og kompetansen som finnes i landsdelen vår.

Norsk Eplefest
http://eplefest.no/
– 24.september.2016. Markedsdagen Norsk Eplefest arrangeres i sentrum av Gvarv – også ofte omtalt som Frukthovedstaden.

Matstreif2016_900

OKTOBER

Akevittfestivalen
http://www.akevittfestivalen.no/
– 13 – 15.oktober.2016 – Gjøvik.

Hardanger matkulturfestival
http://www.hardanger-matkulturfestival.no/
– 14 – 16.oktober.2016 Eidfjord, Hardanger.
Hardanger Matkulturfestival Eidfjord er ein festival som forsøker å skapa ein møtestad mellom tradisjonsberarar og presentera historia vår gjennom lokale mattradisjonar, handverkstradisjonar og kunstnarleg innslag for liten og stor. Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord.

NOVEMBER

Rakfisk festival
http://www.rakfisk.no/ – 03 – 05.november.2016. Med 25 000 besøkande kvart år har Norsk Rakfiskfestival etter kvart blitt ein av dei største markedsplassane for Norske småskalaprodusentar. Festivalen haldast alltid første helg i november på Fagernes i Valdres.

Gamalostfestivalen
http://gamalostfestivalen.no – 26 – 29.mai.2016

Geitostfestivalen
http://geitostfestivalen.no

*Bilete frå Trøndersk matfestival, Bergen Matfestival / matfest.no, Innovasjons Norge og gladmat.no