Innlegg

Lokalt påskegodt på tur

Foto: Pralina i Ålesund har forma flotte påskeegg og påskeharar av sjokolade.

 

Det nærmar seg påske, påskegodt, påskeegg, fjell- og hyttekos. Dette er tida då vi kanskje puttar i oss meir godteri enn i jula. Kanskje blir det priskrig på smågodt og kvikklunsj på tur, men om du ønsker å prøve lokal sjokolade denne påska, så veit vi kor du finn den. Det begynner nemleg å bli ein del lokale versjonar av Willy Wonka her til lands. Så kvifor ikkje ta med nokre av desse lokale godbitane inn i påska?

Obs! Før vi tek for oss lista vil vi berre seie at det er ikkje alle produkta som er like enkle å få tak i. Det er nemleg ikkje alle som har nettbutikk. Men om du ikkje finn dei på nett, så er du kanskje så heldig at du skal forbi ein av desse stadane på veg til fjellet og/eller hytta?

Geiranger Sjokolade

Ved vakre Geirangerfjord finn ein eit tidlegare båthus som no er ein spennande sjokoladefabrikk. Der lagar dei mellom anna smakfulle sjokoladebitar med olivenolje og havsalt, nøtter, aprikos, blåmuggost, jordbær, bringebær, blåbær, chili, akevitt og whisky. Og favoritten blant dei reisande er visst ein sjokolade med brunost.

Om du er i nærleiken av Geirangerfjorden i påska, anbefaler vi at du tek turen innom. Geiranger sjokolade kan ein også kjøpe hos Stangeriet i Mathallen Oslo, Bakar Jon i Byrkjelo, Skikkelig Mat Sartorsenter utanfor Bergen, Porsgrund Outlet på Devoldfabrikken utanfor Ålesund, Travel Value Shopen på Vigra Flyplass, Smak i Lom, Mætt & Go i Kristiansund,  og Monicas Godteributikk i Bodø. Facebook-sida deira held deg elles oppdatert på kva som skjer i Geiranger Sjokolade si verd.

 

FJORDNÆR: Gerianger Sjokolade ligg vakkert til like ved Geirangerfjorden.  Foto: Geiranger Sjokolade

 

Knutholmen «Butikken»

Fredag 7. april opnar Knutholmen i Kalvåg ein heilt ny butikk som har eit breitt utval av varer innanfor interiør, gåver, lokalt brygg, handlaga sjokolade og mykje meir. Det er Martine og Martin frå Knutholmen som står for produksjonen av konfekten. Den blir laga i ei gammal sjøbu som heiter Sjøholt. Der har dei eit lite produksjonskjøkken kor dei blandar saman det beste av det beste, Valrhona-sjokolade, med sjølvlaga fyll utan konserveringsmidlar. Konfekten kjem i 12 forskjellige smakar og vil variere med sesong og tilgang. Dei har alt frå karamell og ganacher til ulike bærfyll, og sjokoladen er signert med Knutholmen sitt eige mønster. «Butikken»  held forresten også opent i påskehelga. Meir info og opningstider finn du her.

 

Meium Sjokolade

Meium Sjokolade er ein økologisk konfektfabrikk i Selbu kommune som lagar “tradisjonell nordisk konfekt” med mellom anna bjørk og einer, lokalt øl, molter, tindved, tyttebær, blåbær og blåmuggost frå Selbu Meieri (Selbu Blå), seterbrunost, gulrot, og tørka elgkjøtt eller reinkjøtt. Fabrikken gjekk i fjor av med prisen for årets nykommar med sin konfektsjokolade med gelé på ølsortar frå lokale bryggeri på Trøndersk Matfestival. I tillegg til sjokoladar av mange variantar, tilbyr dei også ein konfektmeny som passer til lokale og særprega øltypar. Dei sel sjokoladen sin på Bondens marknad og norske matfestivalar, og via eigen nettbutikk. På nettsida deira finn du også ei oversikt over utsalsstader for produkta deira.

 

Pralina i Ålesund

Hos Pralina på Emblem i  Ålesund får du kjøpt handlaga sjokolade direkte frå fabrikken. Sjokoladen er støypt for hand og laga etter eigne oppskrifter med lokale råvarer som mellom anna jordbær og bringebær frå Valldal, lokal honning og havsalt frå Gossen. I tillegg har dei sjokolade med flytande karamell, mokka og ikkje minst no til påske; marsipankonfekt med nougat! Pralina har sjølvsagt eigne påskeeegg med påskeharar og egg av ulik sjokolade. Ei oversikt over nokre forhandlarar finn du her.

 

Pralin Sjokoladeverkstad på Sandnes

Pascal Bulinckx er ein belgisk «chocolatier» og saman med Kone Mari R Andersen driv han Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes. Der lagar dei konfekt av den berømte belgiske sjokoladen Callebaut fra Belgia, eller praliner som dei kallar dei. I tillegg til Pralin melkesjokolade, mørk og lys sjokolade, har dei også sjokolade med fruktpuré av blåbær, pasjonsfrukt, bringebær og mango. All sjokoladen er handlaga med ferske naturlege ingrediensar, 100% kakaosmør og ingen konserveringsmidlar. Sjokoladen deira kan du kjøpe via nettbutikken deira, eller om du er i Sandnes kan du ta turen innom butikken og kaféen deira i Langegata 34.

 

PRALIN: Sjokoladen til Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes får du kjøpt både på nett og i butikken deira. Foto: Pralin Sjokoladeverskstad

 

Sjokoladesalongen i Vestfossen

Sjokoladesalongen i Vestfossen kan skilte med belgisk sjokolade, ferske råvarer og Norges beste konditor som nyleg vart krona under Konditor NM på smaksmessa på Lillestrøm. Dei har herlege sjokoladebitar med silkemjukt fyll utan noko form for konserveringsmidlar. Sjokoladetrøfler og sjokoladebrekk er blant sortimentet. Produkta finn du i kaféen og sjokoladebutikken deira i Vestfossen, storgata 61, og i ein del butikkar/gardsbutikkar kor Eventyrsmak sel varene sine.

 

Sognefjord Sjokolade

Sognefjord Sjokolade er ein sjokoladefabrikk i Marifjøra ved Sognefjorden driven av Paul og Franka Fransen. Dei hentar inspirasjon frå omgivnaden ved Sognefjorden og smeltar saman dei gode smakane frå lokale ingrediensar i Luster med belgisk sjokolade. Du finn mellom anna jordbær og bringebær frå Bollingberg Gard, eplejus frå Kroken Frukt og Bær, pærejus frå Eplet Bed & Apple og honning frå Lustrahonning i sjokoladebitane deira. Dei har eige sjokoladeutsal frå Kafe Marifjøra, og sjokoladen deira er også å få tak i hos Bakar Jon, Coop Extra Førde, Coop Extra Stryn, Lustrabui Sogndal og Lustrabui Luster.

 

Påskekonkurranse

Saman med Geiranger Sjokolade, Knutholmen «Butikken», Pralin Sjokoladeverkstad, Pralina og Sognefjord Sjokolade har vi laga til ei påskeoverrasking med lokale godbitar som kan bli di. Delta i konkurransen på Facebook-sida vår!

Bondens marked før påske

Ei ny høgtid krev mat av det beste slag, og det er igjen duka for Bondens marked Sogn og Fjordane. Før påske har dei marknad i Florø laurdag 8. april og i Førde tysdag 11. april. Den lokale påskematen finn du på Bondens marked.

Bondens marked Florø 8. april:

På torget i Florø kan du kjøpe lokalt påskegodt og sjokolade frå Sognefjord Sjokolade, og sikre deg påskelaksen frå Svanøy Røykeri. Håjen lefsebakeri stiller også på marknaden og har med seg Sunnfjordlefse, flatbrød, fiskebrød, potetkaker, natronkaker, kaffilefse, rundstykker, knekkebrød og syltetøy.

Kandal Kjøt kjem med ferskt kjekjøt, grillpølser og spekemat av geit, og Jevnlid Garden med kjøtbollar med ramsløk og si signatur spekepølse: «Chorizo de Lida». Fjord Gardsmat har med seg eit utval av geiterull, vikingkubbe (sylteflesk), pølser og burgere.

I tillegg kjem også Heimtun, Reksta Villsau og Kari Storesund, så her finn ein mykje god mat som ein kan kose seg med i påska.

Marknaden er open frå kl. 10.30 til kl. 15.00.

Bondens marked Førde 11. april:

Det blir også marknad på Elvetorget i Førde tysdag 11. april og følgande utstillarar kjem dit: Håjen lefsebakeri, Kandal Kjøt, Svanøy Røykeri, Påldtun Frukt og Bær, Botnatunet Gardsmat, Heimtun, Fjord Gardsmat og Kari Storesund.

Marknaden er open frå kl. 11.00 til kl. 17.00.

 

 

 

 

 

, ,

Lokalmatåret som var lovar godt for framtida

Første månaden i det nye året er nesten over. Vi ser tilbake på  2016 og fram mot lokalmatåret 2017 saman med Aud Slettehaug, dagleg leiar for Kompetansenettverket lokalmat vest. Slettehaug er også styreleiar i Bondens Marked Sogn og Fjordane, er over gjennomsnittet interessert i lokal mat og følgjer godt med på kva som røyrer seg av nye smakar og mattrendar. Ho trur lokalmatåret 2016 lovar godt for 2017 og lyser død over banner-up. 


​Kva var høgdepunktet i lokalmatåret 2016? 
– I 2016 tok lokalmaten for alvor steget inn i ein moden fase. Vi har fantastiske råvarer som vert til gull når vi fermenterer, foredlar og legg til rette for kvalitet. Vi har til og med verdas beste ost, Kraftkar frå Tingvollost, laga av heilt vanlege bønder på nordmøre. Dei leverer heilt vanleg norsk mjølk og foredlar noko av den mjølka til verdas beste. Den vart kåra på World Cheese award 2016 som tidenes beste vinnar gjennom alle dei åra konkurransen har vore heldt. Det var desidert eit av høgdepunkta!


Er der andre milesteinar frå 2016 som er verdt å ta med? 
– Ja, i 2016 fekk også bonden lov til å selje alkoholhaldig drikkevare frå garden inn til 22%. Det betyr at sider som vert laga på dei vanlege norske eplesortane kan få fermentere seg og få den rette gode smaken med ca. 9% alkoholstyrke og ikkje verte tilpassa eit regelverk på 4,7%. Smak og tradisjon får utvikle seg og får selje ei vare som turisten kan ta med seg frå garden på lik linje med andre land i Europa. Kanskje 2016 var eit springbrett for stoltheit og anerkjenning. Det vert i alle fall ikkje mindre lokalmat i åra som kjem. Kunden ser også ut til å like den nye maten vår – for salsrekordar vart sette både her og der.


Tek du med deg nokon viktige lærdommer inn i det nye året som kan vere nyttige å dele med andre aktørar i lokalmatbransjen?
– ​Kommunikasjon er eit fagfelt der vi kanskje har litt å jobbe med. Her går trendar og verda rasande fort og ein vert fort utdaterte når ein kjempar om merksemda. Lokalmat julekorga til Kortmat fekk jo ei enorm merksemd i sosiale meda. Det viser at folk likar lokalmat! Vi har mykje å lære om å kommunisere djupare, meir målretta og kanskje ikkje så komplisert. Ver enkel, skap engasjement, inviter folket inn og med på smaksopplevingane. På matfestivalen i Bergen fekk eg vere med i juryen som skulle plukke ut den beste standen, og det var ikkje lett. Kommunikasjon var eit av kriteria. Gå litt ut frå standen, reis på messer og festivalar du ikkje sjølv deltek på eller ta opp eit googlesøk på bilder og sjå og vurder kva som fungerer. Blikket skal fange, inspirere, skape lyster. Eg trur eg må lyse død over banner-up på utandørsarrangement både her heime og i Italia. Banner up vert lett støy og kostar for mykje pengar. La heller produktet bugne, og la sansane ta over.  Vi har lært mykje frå kokkane om å trylle fram gode smakar. Til dømes litt honning i rømme på ferske jordbær. Det laga eg til på ein sommarmarknad, og det var mange som ikkje hadde tord eller tenkt på at det kunne vere godt. Det var himmelsk!


Kva trur du vi kjem til å sjå av mattrendar i år? 
– Om det kjem i 2017 veit eg ikkje, men dette med fermentering og å forstå bakteriar og deira betydning for vår helse trur eg vil bli endå meir populært. Dette gjeld både fermentering av drikkevare, mjølk og grønsaker. Det enklaste vi kan gjere er å lage vår eiga surmjølk av kefirkorn, men eg har mest tru på at folk i 2017 kjem til å kjøpe seg ein Kombucha-te om dei ikkje alt drikk dette.


Kva spådommer og planer har du for lokalmatåret 2017? 
–  Eg trur det vert eit fantastisk år. Tenker du på å verte lokalmataktør så kom til oss i Komptansenettverket så skal vi forsøke å lose deg fram. Har du inspirasjon og lyst så kan du få dette til – du treng ikkje å ha nærngsmiddelfagleg bakgrunn. Privat skal eg pukke meir bær i skog og utmark i 2017, eg sette ikkje av nok tid i 2016 til det og det var så mykje gode bær der ute. Der er også fisk i sjøen, og våren er her snart med både strutseving og ramsløk. Kven veit kanskje du vert ein lokalmatgründer på sanketuren?


Kompetansenettverk lokalmat vest (tidlegare Kompetansenavet Vest)

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenettverket. Norge er delt inn i 5 kompetansenettverk som utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gir oppfølging av fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenettverket lokalmat vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i begge fylka.

 

, ,

Noko å glede seg til: matfestivalar i 2017

Matglade, svoltne så vel som tørste, har mange gode matfestivalar å glede seg til i år. Vi har begynt på ei oversikt som vi håpar vil vekse seg større i løpet av året. Her vil du finne mykje godt å bite i, og det kan fort bli vanskeleg å velje kva du skal få med deg av dei store smaksfestane i 2017.  Og om favorittfestivalen din ikkje er på lista, så kan du tipse oss 🙂 

 

FEBRUAR

Tråante 2017

Trondheim / 6-8. februar

12 lavvoar blir til ein midt i hjarte av Trondheim når Tråante feirar norsk reinkjøt og reindrifta i eit mangfald av smak og særpreg frå helten på vidda. Festivalen lovar tre fantastiske dagar med ein arena full av liv, lukt og smak. Her blir det produsentar av reinkjøt og reinkjøtprodukt, samt duodjiutøvere med handverk i samisk tradisjon.

 

MARS

Spis og Drikk-festivalen 2017

Oslo Spektrum / 3-4. mars 2017

I mars arrangerast Spis og Drikk i Norge for første gong. Den er blant landets største festivalar for deg som likar god mat og vin. Her blir det vin, champagne, whisky, cocktails, øl med mykje fantastisk mat som kombinerast med noko godt i glaset. Her kan ein også vere med på ulike kurs kor ein kan prøve seg fram med å mikse eigne drinkar.


MAI

Oslo Vegetarfestival

Hausmannsgate 14-16, Oslo / 13 -14. mai

Oslo Vegetarfestival vil vise det beste som vegetarverda har å by på. Bli med på ei helg stappfull av herleg mat, fine produkt, spennande foredrag og inspirerande kokkekurs. I fjor kunne festivalen skryte på seg 6000 besøkjande, og i år har dei også ”plenty” med plass: eit stort uteområde med matstands, tre etasjar med stands inne på DogA og to etasjar inne i Kulturkirka Jacob.

 

JUNI

Norsk Laksefestival

Surnadalen / 22.-25.Juni

Nok ein gang arrangerast Norsk Laksefestival i Surnadalen. Her blir det marknadsgate, fiskekonkurranse, ein heilaften med norsk popmusikk og mykje anna for heile familien. Mellom anna familieshow og ablegøyer med underhaldingsartisten VirrVarr. Programmet deira finn du her.

 

Matfestivalen i Numedal

Numedal / 30.juni og 1. juli

Billetsalget til matfestivalen i Numedalen er i gang og dei tilbyr spennande 5-rettars lokalmatmeny med matteater, lokalmatmarked, pølsekurs, kappmjølking og konsert. Festivalen arrangerast i Rollaug sentrum som ligg midt i Numedal, ca. 1 time med bil frå Kongsberg i retning Geilo. Om du kjem med  telt, campingvog eller bubil, så kan  du bu på festivalcampen på Rollaug skule. 

 

JULI

GLADMAT

Stavanger / 19 – 22. juli

I juli arrangerast Gladmat, Nordens største matfestival, for 19. året på rad. Festivalen beskrivast som eit utstillingsvindaug for matproduksjon, gastronomi og matkultur, og ein viktig møteplass for forbrukerar og foredlerar av mat. Gladmat ynskjer å vise fram nisjeprodukt, råvarer og det siste innan trendar. Samstundes ser dei etter deltakerar som representerer lokale kvalitetsprodukt med unike historier.

 

Tuppeline på Trøndersk Matfestival i august i fjor. Foto: Wil Lee-Wright / Oi! Trøndersk Mat og Drikke AS

 

AUGUST

Trøndersk Matfestival

Trondheim / 3. – 5. august  

Trøndersk matfestival er blitt Norges leiande lokalmatfestival med mange utstillerar samla frå ein region. Dei serverer nye og spennande produkt og matretter i tillegg til tradisjonsretter. Alt basert på råvarer, produkt og matspesialiteter frå regionen.

 

Bryggerifestivalen

Trondheim / 3 – 5. august

Side om side med Trøndersk Matfestival arrangerast Bryggerifestivalen i Trondheim. Festivalen er ein utstillingsplass av spesialøl og handbrygga øl frå bryggeri i Midt-Norge. I tillegg inviterer dei også bryggeri frå andre regioner og land. På festivalen blir det smaksarena for mat og øl med ei rekke ulike ølsortar, Øl og Mat NM – eit meisterskap for heimebryggjerar, kurs/foredag som passer for både nyfikne øl-entusiastar og fagfolk, og festmiddag i samarbeid med Trøndersk Matfestival.

 

Skalldyrfestivalen

Mandal / 10.-13. august

10.-13. august er det klart for Sørlandet sin største matfestival: Skalldyrfestivalen.  Då blir Mandal sentrum gjort om til eit stort festivalområde med eit yrande folkeliv og sydlansk stemning. Bryggegata blir fylt med restauranttelt, matmarked, utstillarar, street food, kokkeskule for born, og VM i rekepilling. Her er også underhaldning med konsertar, gatemusikantar og tivoli.

 

Mimi goes glamping

Åmot Operagard / 18.-20. august

Opera, natur, fantastisk mat og myke moro! Dette er berre noko av det Mimi goes glamping lovar festivalgåerane sine. Opplev arier på fjorden i historiske båter, opera på låven, overraskingar rundt bålet under stjernene, poesi og musikk, yoga og mykje meir! Søndag 20. august flyttar også Bondens Marknad inn på festivalen. Her kan du smake på herlege gourmetoverraskingar basert på lokale råvarer. Festivalen har fått mykje merksemd internasjonalt og Opera Now har komme med følgande utsegn:  «When the event catches  on they might well have to kill for a ticket.»

 

Den Norske Matfestivalen

Ålesund / 24.-26. august

Den Norske Matfestivalen i Ålesund er ein festival med lang tradisjon og går av stabelen for 33. gang den 24. til 26. august 2017. Her blir det mange spennande utstillerar, fagseminar, kurs, gode mat- og drikkeopplevingar på festivalarenaen og festivaltilbod på eit utvalg av byen sine flotte restauranter.

 

Godt i Gapet 

Florø / 25-26. august

Smaksfesten følger fjorårets suksess med Bondens marknad i gågata, lokal mat og drikke, stand med eksotiske smakar frå andre hjørner av verda og gourmetkveldar på byens utestader. Det blir også truleg eit skikkeleg øltelt med mikrobryggeri frå rundt omkring.

 

SEPTEMBER

Bergen Matfest

Bryggen i Bergen / 1-3. september

Bergen Matfest går av stabelen i september og lovar eit vell av gode smakar frå dyktige lokalmatprodusentar, utsøkte menyar i restaurantteltet «Matbyen Bergen», internasjonalt Unesco gastronomideltaking, kokkeshow, matkurs, konkurransar, barneaktivitetar og supergod stemning.

 

BØ – Bergen Ølfest

Bergenhus Festning / 1-2. september

Bergen og Norges største ølfestival på Bergenhus Festning. Festivalen har fokus på handverksøl og ynskjer å vise at øl er så mykje meir enn berre «halvliteren». Her blir det nye opplevingar knytta til øl og mat, både når det gjeld smak og kunnskap. På festivalen kan ein gjere seg kjent med ølet si spennande verd og dei som bryggjer det her i Norge. Temaet i år er «tid»: ølhistorie, den nye mikrobryggeribølgja, brygging før og no, og ølet si framtid.

 

Matstreif

Rådhusplassen og Kontraskjæret i Oslo / 22-23. september

Matstreif er Norges største matfestival og arrangerast årleg av Innovasjon Norge på oppdrag frå LMD. Dei hadde ca. 235.000 besøkjande i fjor og årets festival er på Rådhusplassen og på Kontraskjæret. Her vil store og små matentusiastar kunne møte produsentane og få mogelegheit til å smake seg gjennom noko av det beste Norge har å by på av kvalitetsvarer.

 

SMAK

Tromsø / 22 – 23. september

SMAK er matfestivalen for og i Nord-Norge, midt i matfatet Tromsø. Tromsø er Norges nest største fiskevær og vertskap for prislønna produsentar av mat, produkt av høg kvalitet og gode restaurantar.

 

Matamål 

Sandane / 30 september

Matamålfestivalen er den største og beste marknadsplassen for sal av lokalmat mellom Trondheim og Bergen! Torgdagen er laurdag den 30 september og vert som tidlegare arrangert på Heradsplassen i Sandane sentrum. Her vert det mange spennande standar med god lokal mat og drikke. I tillegg vert det også ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne nokre.

 

Norsk Matglede på Geilo. Foto: Paul A. Lockhart.

 

OKTOBER

Norsk Matglede

Geilo / 6-8. oktober

Norsk Matglede inviterer til matfest og matglede i høgfjellet i oktober. Festivalen har fokus på småskalaproduksjon, økologiske råvarer og kortreist mat. Lørdag 7. oktober arrangerast det eit stort matmarked med kun norsk lokalmat frå småskalaprodusenter, frå kl. 10-17. Kokkekamp, matauksjon og servering av hallingtapas er alltid faste poster på programmet denne dagen.

 

Matfestivalen i Lofoten

Lofothallen på Leknes / 14 -15. oktober

Under matfestivalen blir Lofothallen på Leknes omgjort til ein spennande arena for lokal mat og matkultur. Heile Nord-Norge er eit gedigent spiskammers for god mat, enten råstoffet kommer frå hav eller land. Amatørar og profesjonelle, kjente og ukjente kokker, vil være til stades og der vil vere mange matglimt og bitar som er verdt å få med seg. I hallen vil det også vere eigen restaurant med smakfulle retter av fisk og Lofotlam.

 

NOVEMBER

Fagernes Rakfiskfestival

Fagernes / 3. til 5. november

Med 25.000 besøkande kvart år har Norsk Rakfiskfestival etter kvart blitt ein av dei største marknadsplassane for norske småskalaprodusentar. Her omsettast det ca. 15 tonn rakfisk i løpet av festivalhelga, og i tillegg kjem det over 110 andre utstillarar som fyller gatene med norske kvalitetsprodukt innanfor norsk mat og handverk.

 

Tips oss!

Veit du om ein smaksrik festival som ikkje har komme med på lista vår? Del den med oss då vel ved å sende ein e-post til sirilinn@kortmat.no