Innlegg

Familien Havåg lever berre på norsk mat

Familien Havåg frå Sunnmøre følte seg lurt i matbutikken av villeiande produktnamn og fine bilde av norsk natur og norske flagg. Dei bestemte seg for å gjere noko med det, og i november i fjor starta dei ei kulinarisk reise: Prosjekt Norges Matfat. Familieprosjektet går ut på at dei berre skal ete norsk og lokalprodusert mat i eitt år. Fire månader inn i prosjektet har vi tatt ein kortprat med Lene Havåg, mor og sjølvutnemnd prosjektleiar,  for å høyre korleis det går, kva utfordringar og godar dei møter på undervegs, og kva tips dei har til andre som let seg inspirere.

Kva inspirerte dykk til å starte prosjektet?

– Vi følte oss ofte lurt i matbutikken av villeiande produktnamn, fine bilde eller flagg. Det var vanskeleg å få tak i lokaldyrka grønsaker og mat frå småprodusentar. Vi følte også at vi levde i ei overflod av mat, der alt kan kjøpast uansett årstid. Vi ønsker heller å ete ut i frå sesong. Finne gleda igjen over dei små tinga, som den første rabarbraen som kjem om våren eller smaken av småkaker til jul.

Vi vil også ha ærleg mat. Bønder som leverer reine råvarer, og som får betalt for det, og matprodusentar som ikkje legg skjul på kva produktet inneheld og kor det kjem frå. Vi ønsker butikkar som sel sesongbaserte varer, kortreist mat og med mindre emballasje.

Kva utfordringar møter de på no når de berre skal ete norsk mat?

– Dårleg merking av opphavs- og produksjonsland. Mange produkt utgjer seg for å vere norske, men er enten produsert i utlandet eller basert på importerte varer. Det er også vanskeleg å ete ute.  

Mange seier at vi må gå så mange omvegar for å få tak i lokalprodusert mat. Kva tenker du om det, og korleis har prosjektet forandra handlerutinane dykkar?

– Ja! Dei fleste dagligvarebutikkar har eit lite utval, og her er nokon betre enn andre. Det finnast ikkje butikkar i vårt nærområde kor vi kan handle alle kvardagsvarene som vi treng. Vi handlar litt her og litt der, direkte frå bonden, bestiller på nett eller frå bondens marknad og liknande. Her er det heilt klart eit forbetringspotensiale. For i prosjektet er det greitt å handle på denne måten, men det burde vere mykje enklare å få tak i den norske maten.

Er det nokon produkt som er spesielt vanskelege å få tak i?

– Norsk mjøl må ein på spesialbutikk eller bestille på nett for å få tak i. Vi har enno ikkje lukkast med å få tak i norsk eddik. Det er mange småprodusentar som sel eddik, men det er då fransk eddik som er smakstilsatt med til dømes norske bringebær. Det har også vore vanskeleg å finne ei nøytral olje. Den norske rapsoljen er veldig kraftig på smak, og eignar seg ikkje til å lage for eksempel majones.

Har prosjekta ført til at de har funne fram til nokon nye smaksopplevingar eller fått augo opp for nye matrettar?

– Vi et mykje meir fisk. Kål, byggryn og poteter har også fått ein stor plass i vårt kjøkken og vi bruker dei på nye måtar. Mellom anna byggotto og potetlasagne er blitt nye middagsfavorittar!

Er det andre rutinar eller vaner som har endra seg heime hos dykk etter at de starta prosjektet?

– Matgleda! Vi set større pris på maten, for vi har gjerne måtte gjere ein jobb før den ligg på middagsbordet vårt.

Vi handlar på ein anna måte også. Når eg får tak i gode råvarer så kjøper eg inn mykje og lagrar den i boda eller i frysaren.

Kva respons får du frå folk når dei høyrer om prosjektet dykkar?

– Utelukkande positive tilbakemeldingar. Dei fleste synes det er bra det blir satt fokus på. Dei begynner å kikke i sine eigne skap og skuffer, og blir overraska over kor lite av maten som er norsk.

Kva tips har du til andre som let seg inspirere, og som går med tankar om å ete meir norsk lokalprodusert mat?

– Når du vet kor maten kjem frå og kven som ha laga den, smaker alt så mykje betre. Visst fleire kjøper norsk mat, vil utvalet og tilgangen bli betre og det vil bli enklare for alle å få tak i den gode maten.

Og dersom det er eit praktisk tips for korleis ein kan begynne i det små?
– Vel norske matvarer der du har moglegheit til det. Kjøp ut i frå sesong, og så lokalprodusert som mogeleg. Sjå etter Nyt Norge eller Spesialitetmerket, då er du sikker på at råvarene er norsk og at den er produsert i Norge. Har du lagringsplass ville eg henta poteter, rotgrønsaker, løk og andre lagringsdyktige grønsaker hos bønder i nærområdet ditt. Kjøtt er også fint å kjøpe direkte frå bonden. Følg med i lokalavisa, oppslagstavler eller på nett. Mange sel heilt eller halvt lam på hausten. Kje, fjellgris, og økologisk oksekjøtt er også mogeleg å bestille på nett.

 

Prosjekt Norges Matfat

Vil du vite meir om prosjektet til familien Havåg, og følgje med dei undervegs kan du besøkje bloggen deira her. Der finn du gode oppskrifter og tips til korleis du kan ete meir norsk mat. 

, ,

Vil forsyne fleire land i verda med grøne urteoljer frå Norge

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka.

Ellitsgaard er blant utstillarane frå Sørlandet. Det er den anerkjende kokken Nicolai Ellitsgaard som står bak gourmetprodukta deira av grøne urteoljer og pestoar laga av reine og naturlege råvarer. Ellitsgaard var tidlegare kjøkkensjef ved Restaurant Måltid i Kristiansand før den vart avvikla i 2015. Måltid var rangert blant Noreg sine aller beste restauranter, og vart kåra til Skandinavias 25. beste restaurant av spiseguiden 66 Best Restaurants i 2014.

Nicolai Ellitsgaard er både produsent og kokk. Foto: Victoria Nevland

Er Ellitsgard klare for Grüne Woche?

Ja, eg føler at vi er veldig klar. Alt som måtte ordnast har Øyvind Nese (red. anm. matansvarleg og dagleg leiar for Landbrukets dag) og Ellen Saltermark (red anm. frå Innovasjon Norge og prosjektleder for Sørlandet sin stand) tatt seg av. Dei har vore veldig flinke til å sende ut ein masse e-poster med informasjon til oss produsentane. Eg manglar vel berre å pakke badeshortsen i kofferten då eg akkurat såg at der er spa og svømmebasseng på hotellet. Eg må også finslipe knivane mine så eg er klar til å filetere piggvar i Berlin. Den skal brukast saman med min dill & tangpesto.

 

Kva førebuingar har de gjort i forkant av messa?  
I forkant har der vore ein del førebuingar med å finne ut kva smaksprøver vi skulle ha med oss, då eg også er ein del av kjøkkenteamet der nede. Det er første gong Sørlandet har ein kokk med som også er produsent, så det blir spennande å sjå korleis det går.

 

Kva har du med deg til Grüne Woche?
Eg har med masse godt humør samt Ramsløk olje og dill & tangpesto.

 

Ellitsgaard har pesto av estragon, basilikum, gressløk, ramsløk, dill og tang, og ramsløkpure. Dill og tang-pestoen er med til Berlin.    Foto: Victoria Nevland

 

Kva betyr det for Ellitsgard å få delta på ei av dei største messene i verda? 

Det betyr veldig mykje. Vi er veldig glade og stolte over å vere ein del av dei «få» utvalde frå Sørlandet som er invitert med. Det er gøy å reise til nye stader og få presentere sine produkt der. Drømmen er jo på eit tidspunkt å kunne forsyne fleire land i verda enn berre Norge med deilige grøne urteoljer frå Norge.

 

Kva forventningar har du til messa?
Forventningane er å ha det gøy og kose meg saman med andre produsentar og kokker. Det er alltid koseleg å møde nye menneske som har ein lidenskap for det dei held på med.

 

Kva håpar du å ta med deg tilbake igjen til Norge?

Eg håpar å komme heim med mange visittkort i lomma mi på norske produsenter som eg kanskje ikkje kjente til frå før. Lokalmat har interessert meg lenge, også då eg jobba som kjøkkensjef på Restaurant Måltid i Kristiansand før vi stengte dørene der. Det var blant høgdepunkta når det kom nye «bønder» innom med ein pose jordskokkar eller ein halv gris som hadde gått rundt på ei mark i nærleiken. Tidlegare i år var eg på Senja og var ute på eit fiskemottak der for å hente fersk Skrei direkte frå kutteren. Sånt er ekstremt kjekt og eg vil gjerne ha meir av det! Ein masse ny kunnskap og nye idear hadde også vore fint å ta med seg heim igjen. Å bygge nye relasjonar og kunnskap om lokalmat i andre regioner enn Sørlandet står også veldig høgt på lista.

 

Meir frå Grüne Woche: 

Smaalensgåsa med italiensk vri til Berlin 

Nye tankar, motivasjon og auka samarbeid med lokalt reiseliv 

, ,

Smaalensgåsa med italiensk vri til Berlin

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka.

 

Ein av utstillarane frå Osloregionen er Smaalensgås frå Østfold. Dei beskriv seg sjølv som ein gjeng med entusiastiske og engasjerte unge bønder som arbeider mot ei felles målsetjing om å skape eit kortreist og bærekraftig produkt: ei unik og lokalt produsert smaalensgås med røter i gamle tradisjonar. Camilla Nordmo er ein av bøndene frå Taraldrud Gard i Marker kommune som representerer Smaalensgås frå Østfold under Grüne Woche.

 

Camilla Nordmo frå Taraldrud Gard, ein av gardane som er med i Smaalensgås frå Østfold. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

Er de klare for Grüne Woche?

– Ja, no er vi veldig klare til å reise nedover og komme i gong. Vi fekk beskjeden om at vi var plukka ut til å delta tidleg i haust, og vi kjenner at det kriblar litt ekstra i magen no som det endeleg nærmar seg. Vi har forberedt oss så godt vi kan, men vi har hørt frå tidlegare deltakarar at alt er mykje, mykje større enn ein kan førestille seg.

 

Korleis har de forberedt dykk til messa? 

– Ein stor del av førebuingane våre har handla om å produsere opp dei produkta vi skal ha med oss. Vi slakta årets gjæser i byrjinga av oktober, så vi hadde ikkje meir tid av vegen enn at vi akkurat rakk å få produkta ferdig i tide til messa. Ein del forberedande pressearbeid har det også blitt.

 

Kva har Smaalensgås med seg til Grüne Woche? 

– Vi har med oss dei nye spekeprodukta våre spekt gåsebryst og gåsesalami laga i samarbeid med Felloni Spekehus. Spekemester Felloni har tatt med seg italienske speketradisjonar til Norge, og lager nokon fantastiske produkt det ikkje finnast maken til i landet. Ein slags Italia møter Østfold i ein kombinasjon som er heilt unik!

Spekt gåsebryst og gåsesalami frå Smaalensgås. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

 

Kva betyr det for Smaalensgås å få delta på ei av dei største messene i verda? 

– Vi er veldig stolte og glade for at vi ble plukka ut til å representerer Oslofjordregionen og Østfold i Berlin. Vi har jobba hardt i fleire år, og føler at vi no får ei stadfesting på at vi har gjort noko riktig. Det er morosamt når arbeidet ein legg ned bærer frukter.

 

Kva forventningar har de til messa?

– Vi ser først og frem fram til å få presentert oss sjølv og den fine gåsa vår til eit breiare publikum. Vi har etter kvart blitt godt kjent i matfylket Østfold, men vi håpar at vi gjennom Grüner Woche også kan promotere oss sjølv meir nasjonalt.

 

Kva håpar de å ta med dykk tilbake igjen til Norge? 

– Grüne Woche er ein fin arena til å skape samarbeid og nyskapning på tvers, og vi håpar at vi kan knytte nokon viktige kontaktar og samarbeidspartnarar for vårt vidare arbeid i årene framover. Den norske delegasjonen består i år av over 70 utstillarar. Ein gjeng med brei erfaring og mykje kompetanse, og vi kan antakeleg hauste mykje nyttig erfaring både undervegs og i etterkant av messa.

 

Meir frå Grüne Woche: