Innlegg

Familien Havåg lever berre på norsk mat

Familien Havåg frå Sunnmøre følte seg lurt i matbutikken av villeiande produktnamn og fine bilde av norsk natur og norske flagg. Dei bestemte seg for å gjere noko med det, og i november i fjor starta dei ei kulinarisk reise: Prosjekt Norges Matfat. Familieprosjektet går ut på at dei berre skal ete norsk og lokalprodusert mat i eitt år. Fire månader inn i prosjektet har vi tatt ein kortprat med Lene Havåg, mor og sjølvutnemnd prosjektleiar,  for å høyre korleis det går, kva utfordringar og godar dei møter på undervegs, og kva tips dei har til andre som let seg inspirere.

Kva inspirerte dykk til å starte prosjektet?

– Vi følte oss ofte lurt i matbutikken av villeiande produktnamn, fine bilde eller flagg. Det var vanskeleg å få tak i lokaldyrka grønsaker og mat frå småprodusentar. Vi følte også at vi levde i ei overflod av mat, der alt kan kjøpast uansett årstid. Vi ønsker heller å ete ut i frå sesong. Finne gleda igjen over dei små tinga, som den første rabarbraen som kjem om våren eller smaken av småkaker til jul.

Vi vil også ha ærleg mat. Bønder som leverer reine råvarer, og som får betalt for det, og matprodusentar som ikkje legg skjul på kva produktet inneheld og kor det kjem frå. Vi ønsker butikkar som sel sesongbaserte varer, kortreist mat og med mindre emballasje.

Kva utfordringar møter de på no når de berre skal ete norsk mat?

– Dårleg merking av opphavs- og produksjonsland. Mange produkt utgjer seg for å vere norske, men er enten produsert i utlandet eller basert på importerte varer. Det er også vanskeleg å ete ute.  

Mange seier at vi må gå så mange omvegar for å få tak i lokalprodusert mat. Kva tenker du om det, og korleis har prosjektet forandra handlerutinane dykkar?

– Ja! Dei fleste dagligvarebutikkar har eit lite utval, og her er nokon betre enn andre. Det finnast ikkje butikkar i vårt nærområde kor vi kan handle alle kvardagsvarene som vi treng. Vi handlar litt her og litt der, direkte frå bonden, bestiller på nett eller frå bondens marknad og liknande. Her er det heilt klart eit forbetringspotensiale. For i prosjektet er det greitt å handle på denne måten, men det burde vere mykje enklare å få tak i den norske maten.

Er det nokon produkt som er spesielt vanskelege å få tak i?

– Norsk mjøl må ein på spesialbutikk eller bestille på nett for å få tak i. Vi har enno ikkje lukkast med å få tak i norsk eddik. Det er mange småprodusentar som sel eddik, men det er då fransk eddik som er smakstilsatt med til dømes norske bringebær. Det har også vore vanskeleg å finne ei nøytral olje. Den norske rapsoljen er veldig kraftig på smak, og eignar seg ikkje til å lage for eksempel majones.

Har prosjekta ført til at de har funne fram til nokon nye smaksopplevingar eller fått augo opp for nye matrettar?

– Vi et mykje meir fisk. Kål, byggryn og poteter har også fått ein stor plass i vårt kjøkken og vi bruker dei på nye måtar. Mellom anna byggotto og potetlasagne er blitt nye middagsfavorittar!

Er det andre rutinar eller vaner som har endra seg heime hos dykk etter at de starta prosjektet?

– Matgleda! Vi set større pris på maten, for vi har gjerne måtte gjere ein jobb før den ligg på middagsbordet vårt.

Vi handlar på ein anna måte også. Når eg får tak i gode råvarer så kjøper eg inn mykje og lagrar den i boda eller i frysaren.

Kva respons får du frå folk når dei høyrer om prosjektet dykkar?

– Utelukkande positive tilbakemeldingar. Dei fleste synes det er bra det blir satt fokus på. Dei begynner å kikke i sine eigne skap og skuffer, og blir overraska over kor lite av maten som er norsk.

Kva tips har du til andre som let seg inspirere, og som går med tankar om å ete meir norsk lokalprodusert mat?

– Når du vet kor maten kjem frå og kven som ha laga den, smaker alt så mykje betre. Visst fleire kjøper norsk mat, vil utvalet og tilgangen bli betre og det vil bli enklare for alle å få tak i den gode maten.

Og dersom det er eit praktisk tips for korleis ein kan begynne i det små?
– Vel norske matvarer der du har moglegheit til det. Kjøp ut i frå sesong, og så lokalprodusert som mogeleg. Sjå etter Nyt Norge eller Spesialitetmerket, då er du sikker på at råvarene er norsk og at den er produsert i Norge. Har du lagringsplass ville eg henta poteter, rotgrønsaker, løk og andre lagringsdyktige grønsaker hos bønder i nærområdet ditt. Kjøtt er også fint å kjøpe direkte frå bonden. Følg med i lokalavisa, oppslagstavler eller på nett. Mange sel heilt eller halvt lam på hausten. Kje, fjellgris, og økologisk oksekjøtt er også mogeleg å bestille på nett.

 

Prosjekt Norges Matfat

Vil du vite meir om prosjektet til familien Havåg, og følgje med dei undervegs kan du besøkje bloggen deira her. Der finn du gode oppskrifter og tips til korleis du kan ete meir norsk mat. 

, ,

Lokalmatåret som var lovar godt for framtida

Første månaden i det nye året er nesten over. Vi ser tilbake på  2016 og fram mot lokalmatåret 2017 saman med Aud Slettehaug, dagleg leiar for Kompetansenettverket lokalmat vest. Slettehaug er også styreleiar i Bondens Marked Sogn og Fjordane, er over gjennomsnittet interessert i lokal mat og følgjer godt med på kva som røyrer seg av nye smakar og mattrendar. Ho trur lokalmatåret 2016 lovar godt for 2017 og lyser død over banner-up. 


​Kva var høgdepunktet i lokalmatåret 2016? 
– I 2016 tok lokalmaten for alvor steget inn i ein moden fase. Vi har fantastiske råvarer som vert til gull når vi fermenterer, foredlar og legg til rette for kvalitet. Vi har til og med verdas beste ost, Kraftkar frå Tingvollost, laga av heilt vanlege bønder på nordmøre. Dei leverer heilt vanleg norsk mjølk og foredlar noko av den mjølka til verdas beste. Den vart kåra på World Cheese award 2016 som tidenes beste vinnar gjennom alle dei åra konkurransen har vore heldt. Det var desidert eit av høgdepunkta!


Er der andre milesteinar frå 2016 som er verdt å ta med? 
– Ja, i 2016 fekk også bonden lov til å selje alkoholhaldig drikkevare frå garden inn til 22%. Det betyr at sider som vert laga på dei vanlege norske eplesortane kan få fermentere seg og få den rette gode smaken med ca. 9% alkoholstyrke og ikkje verte tilpassa eit regelverk på 4,7%. Smak og tradisjon får utvikle seg og får selje ei vare som turisten kan ta med seg frå garden på lik linje med andre land i Europa. Kanskje 2016 var eit springbrett for stoltheit og anerkjenning. Det vert i alle fall ikkje mindre lokalmat i åra som kjem. Kunden ser også ut til å like den nye maten vår – for salsrekordar vart sette både her og der.


Tek du med deg nokon viktige lærdommer inn i det nye året som kan vere nyttige å dele med andre aktørar i lokalmatbransjen?
– ​Kommunikasjon er eit fagfelt der vi kanskje har litt å jobbe med. Her går trendar og verda rasande fort og ein vert fort utdaterte når ein kjempar om merksemda. Lokalmat julekorga til Kortmat fekk jo ei enorm merksemd i sosiale meda. Det viser at folk likar lokalmat! Vi har mykje å lære om å kommunisere djupare, meir målretta og kanskje ikkje så komplisert. Ver enkel, skap engasjement, inviter folket inn og med på smaksopplevingane. På matfestivalen i Bergen fekk eg vere med i juryen som skulle plukke ut den beste standen, og det var ikkje lett. Kommunikasjon var eit av kriteria. Gå litt ut frå standen, reis på messer og festivalar du ikkje sjølv deltek på eller ta opp eit googlesøk på bilder og sjå og vurder kva som fungerer. Blikket skal fange, inspirere, skape lyster. Eg trur eg må lyse død over banner-up på utandørsarrangement både her heime og i Italia. Banner up vert lett støy og kostar for mykje pengar. La heller produktet bugne, og la sansane ta over.  Vi har lært mykje frå kokkane om å trylle fram gode smakar. Til dømes litt honning i rømme på ferske jordbær. Det laga eg til på ein sommarmarknad, og det var mange som ikkje hadde tord eller tenkt på at det kunne vere godt. Det var himmelsk!


Kva trur du vi kjem til å sjå av mattrendar i år? 
– Om det kjem i 2017 veit eg ikkje, men dette med fermentering og å forstå bakteriar og deira betydning for vår helse trur eg vil bli endå meir populært. Dette gjeld både fermentering av drikkevare, mjølk og grønsaker. Det enklaste vi kan gjere er å lage vår eiga surmjølk av kefirkorn, men eg har mest tru på at folk i 2017 kjem til å kjøpe seg ein Kombucha-te om dei ikkje alt drikk dette.


Kva spådommer og planer har du for lokalmatåret 2017? 
–  Eg trur det vert eit fantastisk år. Tenker du på å verte lokalmataktør så kom til oss i Komptansenettverket så skal vi forsøke å lose deg fram. Har du inspirasjon og lyst så kan du få dette til – du treng ikkje å ha nærngsmiddelfagleg bakgrunn. Privat skal eg pukke meir bær i skog og utmark i 2017, eg sette ikkje av nok tid i 2016 til det og det var så mykje gode bær der ute. Der er også fisk i sjøen, og våren er her snart med både strutseving og ramsløk. Kven veit kanskje du vert ein lokalmatgründer på sanketuren?


Kompetansenettverk lokalmat vest (tidlegare Kompetansenavet Vest)

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenettverket. Norge er delt inn i 5 kompetansenettverk som utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gir oppfølging av fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenettverket lokalmat vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i begge fylka.