Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka.

Ellitsgaard er blant utstillarane frå Sørlandet. Det er den anerkjende kokken Nicolai Ellitsgaard som står bak gourmetprodukta deira av grøne urteoljer og pestoar laga av reine og naturlege råvarer. Ellitsgaard var tidlegare kjøkkensjef ved Restaurant Måltid i Kristiansand før den vart avvikla i 2015. Måltid var rangert blant Noreg sine aller beste restauranter, og vart kåra til Skandinavias 25. beste restaurant av spiseguiden 66 Best Restaurants i 2014.

Nicolai Ellitsgaard er både produsent og kokk. Foto: Victoria Nevland

Er Ellitsgard klare for Grüne Woche?

Ja, eg føler at vi er veldig klar. Alt som måtte ordnast har Øyvind Nese (red. anm. matansvarleg og dagleg leiar for Landbrukets dag) og Ellen Saltermark (red anm. frå Innovasjon Norge og prosjektleder for Sørlandet sin stand) tatt seg av. Dei har vore veldig flinke til å sende ut ein masse e-poster med informasjon til oss produsentane. Eg manglar vel berre å pakke badeshortsen i kofferten då eg akkurat såg at der er spa og svømmebasseng på hotellet. Eg må også finslipe knivane mine så eg er klar til å filetere piggvar i Berlin. Den skal brukast saman med min dill & tangpesto.

 

Kva førebuingar har de gjort i forkant av messa?  
I forkant har der vore ein del førebuingar med å finne ut kva smaksprøver vi skulle ha med oss, då eg også er ein del av kjøkkenteamet der nede. Det er første gong Sørlandet har ein kokk med som også er produsent, så det blir spennande å sjå korleis det går.

 

Kva har du med deg til Grüne Woche?
Eg har med masse godt humør samt Ramsløk olje og dill & tangpesto.

 

Ellitsgaard har pesto av estragon, basilikum, gressløk, ramsløk, dill og tang, og ramsløkpure. Dill og tang-pestoen er med til Berlin.    Foto: Victoria Nevland

 

Kva betyr det for Ellitsgard å få delta på ei av dei største messene i verda? 

Det betyr veldig mykje. Vi er veldig glade og stolte over å vere ein del av dei “få” utvalde frå Sørlandet som er invitert med. Det er gøy å reise til nye stader og få presentere sine produkt der. Drømmen er jo på eit tidspunkt å kunne forsyne fleire land i verda enn berre Norge med deilige grøne urteoljer frå Norge.

 

Kva forventningar har du til messa?
Forventningane er å ha det gøy og kose meg saman med andre produsentar og kokker. Det er alltid koseleg å møde nye menneske som har ein lidenskap for det dei held på med.

 

Kva håpar du å ta med deg tilbake igjen til Norge?

Eg håpar å komme heim med mange visittkort i lomma mi på norske produsenter som eg kanskje ikkje kjente til frå før. Lokalmat har interessert meg lenge, også då eg jobba som kjøkkensjef på Restaurant Måltid i Kristiansand før vi stengte dørene der. Det var blant høgdepunkta når det kom nye “bønder” innom med ein pose jordskokkar eller ein halv gris som hadde gått rundt på ei mark i nærleiken. Tidlegare i år var eg på Senja og var ute på eit fiskemottak der for å hente fersk Skrei direkte frå kutteren. Sånt er ekstremt kjekt og eg vil gjerne ha meir av det! Ein masse ny kunnskap og nye idear hadde også vore fint å ta med seg heim igjen. Å bygge nye relasjonar og kunnskap om lokalmat i andre regioner enn Sørlandet står også veldig høgt på lista.

 

Meir frå Grüne Woche: 

Smaalensgåsa med italiensk vri til Berlin 

Nye tankar, motivasjon og auka samarbeid med lokalt reiseliv 

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka.

 

Ein av utstillarane frå Osloregionen er Smaalensgås frå Østfold. Dei beskriv seg sjølv som ein gjeng med entusiastiske og engasjerte unge bønder som arbeider mot ei felles målsetjing om å skape eit kortreist og bærekraftig produkt: ei unik og lokalt produsert smaalensgås med røter i gamle tradisjonar. Camilla Nordmo er ein av bøndene frå Taraldrud Gard i Marker kommune som representerer Smaalensgås frå Østfold under Grüne Woche.

 

Camilla Nordmo frå Taraldrud Gard, ein av gardane som er med i Smaalensgås frå Østfold. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

Er de klare for Grüne Woche?

– Ja, no er vi veldig klare til å reise nedover og komme i gong. Vi fekk beskjeden om at vi var plukka ut til å delta tidleg i haust, og vi kjenner at det kriblar litt ekstra i magen no som det endeleg nærmar seg. Vi har forberedt oss så godt vi kan, men vi har hørt frå tidlegare deltakarar at alt er mykje, mykje større enn ein kan førestille seg.

 

Korleis har de forberedt dykk til messa? 

– Ein stor del av førebuingane våre har handla om å produsere opp dei produkta vi skal ha med oss. Vi slakta årets gjæser i byrjinga av oktober, så vi hadde ikkje meir tid av vegen enn at vi akkurat rakk å få produkta ferdig i tide til messa. Ein del forberedande pressearbeid har det også blitt.

 

Kva har Smaalensgås med seg til Grüne Woche? 

– Vi har med oss dei nye spekeprodukta våre spekt gåsebryst og gåsesalami laga i samarbeid med Felloni Spekehus. Spekemester Felloni har tatt med seg italienske speketradisjonar til Norge, og lager nokon fantastiske produkt det ikkje finnast maken til i landet. Ein slags Italia møter Østfold i ein kombinasjon som er heilt unik!

Spekt gåsebryst og gåsesalami frå Smaalensgås. Foto: Tina Stafrèn/ Smaalensgås frå Østfold AS

 

Kva betyr det for Smaalensgås å få delta på ei av dei største messene i verda? 

– Vi er veldig stolte og glade for at vi ble plukka ut til å representerer Oslofjordregionen og Østfold i Berlin. Vi har jobba hardt i fleire år, og føler at vi no får ei stadfesting på at vi har gjort noko riktig. Det er morosamt når arbeidet ein legg ned bærer frukter.

 

Kva forventningar har de til messa?

– Vi ser først og frem fram til å få presentert oss sjølv og den fine gåsa vår til eit breiare publikum. Vi har etter kvart blitt godt kjent i matfylket Østfold, men vi håpar at vi gjennom Grüner Woche også kan promotere oss sjølv meir nasjonalt.

 

Kva håpar de å ta med dykk tilbake igjen til Norge? 

– Grüne Woche er ein fin arena til å skape samarbeid og nyskapning på tvers, og vi håpar at vi kan knytte nokon viktige kontaktar og samarbeidspartnarar for vårt vidare arbeid i årene framover. Den norske delegasjonen består i år av over 70 utstillarar. Ein gjeng med brei erfaring og mykje kompetanse, og vi kan antakeleg hauste mykje nyttig erfaring både undervegs og i etterkant av messa.

 

Meir frå Grüne Woche:

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka. 

Første mann ut var Olav Arnar Bø, dagleg leiar hos Vikja AS (Fjord Norge). Han var sjølv med på å etablere slakteriet og foredlingsverksemda som er eit samarbeid mellom gardar i Vik. Dei produserer økologisk kjøt med fokus på den beste trivsel og gode levekår for dyra deira. 

Er de klare for Grüne Woche?

– Ja, Vikja As er klare for den grøne veka i Berlin. Eg og Morten Holmberg, som er styreleiar, dreg nedover. Morten er flink i tysk, og eg har friska opp att tysken ved å sjå på Derrick! Elles har eg lese gjennom alle infoskriv og skal kjøpa meg nye svarte sko.

Kva har Vikja med seg til Grüne Woche? 

– Vikja har med pastrami (krydra roastbiff av storfe frå Turid), spekepølse av storfe (frå Turid) og salt laga etter tradisjonell metode, «Magnhild Dyrdalmetoden», og fenalår av lam frå Vikafjellet som har tørka i 8 månadar. Vi har også med flatbiff og ytrefilet av Vestlandsk Fjordfekalv. Kalvane var mine, ca. 6 månadar gamle og har aldri fått noko anna enn morsmjølk og gras. Kjøtet vart levert til oppsamlingsstad i Førde sist torsdag og vart transportert på fellestransport – både kjøl og frys.

Kva betyr det for Vikja AS å få delta på ei av dei største messene i verda? 

– Eg veit ikkje kva det betyr, men vi oppfattar det som ei anerkjenning av det vi har drive med og at vi vil få ekstra reklame for det vi driv med.

Kva forventningar har de til messa?

– Vi håpar å få kontakt med andre småskalaprodusentar, nye idear/tankar og omtale i lokale mediar med meir. Vikja er opne og håpar det skal verta lærerikt og inspirerande å delta.

Kva håpar de å ta med dykk tilbake igjen til Norge? 

– Vi håpar å ta med oss nye tankar, motivasjon og pågangsmot og auka samarbeid med lokalt reiseliv. Reiselivet er den høgste form for liv har eg høyrt ein stad.

 

Meir frå Grüne Woche:

Smaalensgåsa med italiensk vri til Berlin

Vil forsyne fleire land i verda med grøne urteoljer frå Norge

Kandal Kjøt DA er ei småskala foredlingsbedrift av geit- og kjekjøtt. Kandal Kjøt ligg øverst oppe i Kandal med utsikt over Breimsvatnet i Gloppen Kommune i Nordfjord. Med mål om å gje geit og kje-kjøt meir merksemd har Kandal klart nettopp det, ved gode og nøye råvarar, gamle oppskriftar og samarbeid med andre lokalmatprodusentar i Gloppen. 

Tredje generasjon.
Familiebedrifta vert starta opp av Bjørn og Magni Nygård i 1997. Og ettersom det kom meir etterspørsel av produkta utvida dei til eit større produksjonslokale på garden i 2004. Sonen Paul Nygård tok over som dagleg leiar i 2011, då det var skipa eit DA. Det er desse tre samt Jorun Beate, kona til Paul, som eige bedrifta. Borna til Paul og Jorun Beate, Johanne og Taline deltek etterkvart og er til stor hjelp på marknadane når varene skal seljast.


kandal-847

 

Gløymd ressurs.
“Geit er ei mager og god råvare som vi prøvar å gjere tilgjengeleg for folk flest. Vi nyttar nokre av oppskriftene som besteforeldra; Sara og Peder brukte då dei dreiv garden. Spekekjøtlåra vert tørrsalta og stabburstørka, og vi brukar kun reinskore kjøt i våre produkt. Alle våre produkt er naturleg fri for mjølk og gluten”.

 

“Geit- og kjekjøt er ein gløymd ressurs som fortener meir merksemd” – Paul Nygård.


1111
Sal & produkt.
Kandal Kjøt er lett å kjenne igjen på Bondens Marked. Dei er medlem og er ofte å sjå der med sine produkt. Det er også fleire butikkar i Sogn og Fjordane som sel spekekjøtt og andre varar frå Kandal Kjøt som er blitt populære blandt mange. Dei sel produkta til private, storkjøkken og butikkar. Det er på eit eige produksjonslokale på garden dei vidareforedlar kjøt av geit og kje.

Kandal Kjøt tilbyr spekepølse, spekekjøt, dampepølse og grillpølser. Dette er produkt som dei har heile året. Ellers så har dei sesong produkt som pinnekjøt, sylteflesk og kje-rull rundt juletider. På våren foredlar dei spe-kje på 5-6 veke, som har kun gått på mjølkeforing. På hausten foredlar dei kje som har gått på beite heile sommaren, av desse får dei kjesteik, sosekjøt, kjerull og pinnekjøtt.

Samarbeid.
“Vi synast det er spennande med samarbeid med andre lokalmatprodusentar, vi nyttar t.d urter frå «Høgt og Vilt» på nokre av våre produkt. Kjesteika dampar vi gjerne i eplemost frå Gardsbrenneriet.
Det er vanskelig å velje ein favoritt, for vi har mange flinke lokalmatprodusentar som vi set stor pris på. «Påldtun», «Gardsbrenneriet», «Fjellestad Gardskjøken» og «Høgt og vilt», er alle lokalmatprodusentar frå Gloppen som vi benyttar oss av”, fortel Jorun Beate Nygård.

Kandal Kjøt har eit tydeleg mål om å gje kundane sine ekte mat og gode matopplevingar med den “heimelaga” smaken som fleire og fleire vil ha.

Det har dei allerede klart å etablere, og folk skryter av den gode smaken og den autentiske smaksopplevinga produkta til Kandal Kjøt gir dei. Vi gler oss til å sjå korleis bedrifta utviklar seg og kva vi kan sjå frå dei i framtida. I mellomtida gler vi oss til jul, og alle dei gode smaksopplevingane som kjem.


Nettside:       http://kandalkjott.no/

Facebook:    https://www.facebook.com/Kandal-Kj%C3%B8tt-215276771349/?fref=ts

 

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med?  Send oss ei melding i skjemaet:

 

På eit lite gardsbruk på Sandane i Nordfjord held familiebedrifta Påldtun til. Påldtun består av Veronica Hauge og Magne Ravnestad, samt foreldra hennar. Småbruket ligg ved Gloppefjorden der frukt og bær får gode forhold å vekse i. Under innhausting av råvarane reiser frukta berre nokre få meter frå jord til produskjonslokala dei har på garden.

Gunnlaget.
“Barndomsminner på flaske” er slagordet til Påldtun og det med god grunn. Alt er 100% heimlaga og utan kunstige tilsetningstoff, samt alle råvarar kjem frå garden deira eller andre lokale gardar i nærleiken. Med andre ord er dette kortreist og sunne produkt som alle kan nyte. Hausten 2012 starta Veronica Påldtun Frukt & Bær. I dag sel dei produkt igjennom butikk, kafe, nettbutikk og til bedrifter og hotell. Påldtun er også å sjå stå stand på Bondens Marked Sogn og Fjordane, samt Bondens Marked i Bergen.

Produksjonen.
Dagens saftflaske i daglegvarebutikk finn du i plast og kan gje seg ut for å vere “heimelaga”, men smaken tilseie noko anna. Får du smake på Påldtun, så er den virkeleg “mor si eiga oppskrift” og har smaken av heimelaga saft og sylte. Prosessen foregår ved pressing med bruk av hydropresse. På den måten kaldpressa dei råsaft som etterpå pasteuriseres og tappes på flasker. Ved bruk av samlebandsprinsippet manuelt, tappar dei effektivt på glass ved først å koke syltetøy i ei stor kokegryte (100l) og så tappar ein, mens den andre setter på lokk. Omtrent 400 glas med sylte blir til på ei full koke.

unnamed-1

Eigne favorittar.
Påldtun har fleire favorittar blandt lokalprodusentane. I Gloppen er dei så heldige og har mange av dei. Påldtun handlar fast med blandt anna Kandal kjøt, “Dei har veldig gode pølser som vi brukar ofte. Eplemosten og  Attåten til Fjordane Gardspresseri, krydder frå Høgt og Vilt og røykelaks frå Svanøy Røykeri i Flora”.

Framtida.
I framtida kan vi få store utfordringar med å dekke matbehovet til verden. Men sjølv om det fortsatt er store mengdar importerte varar som skadar miljøet, ser det ut til at det kan snu meiner Påldtun. Med ein ny baby på vei blir dei neste månadane rolege for Påldtun, men fokuset på å produsere nok varer og få levert til butikkane er alltid der. Framover mot jul er det stor etterspørsel på produkta, som er ein favoritt blant mange å gje som gåve til jul, fortel Veronica. Påldtun er opptatt av å fornye seg og ha noko nytt å kunne tilby kundane sine frå tid til anna. Denne hausten er det nyheiter som bl.a “Sommardraum” som er ei drikkeklar saft av jordbær og rabarbra, plommesyltetøy og tørka frukt av eple og plomme.

“Folk i Noreg er blitt meir miljøbevisste og vil ha rein og naturleg mat som er sporbar og betalar gjerne meir for det. Levande bygde og sjølvforsyning av rein og naturleg mat vil alltid vere viktig for meg” – fortel Hauge.

illustrasjonsbilde-e

“Draumen er å bygge eit stort og praktisk produksjonslokale og at ein av oss kan jobbe med produksjonen på fulltid, men då må vi tørre å satse og ta sjansar. Det er ein balansegang mellom å ha fast jobb utanom gården og i tillegg drive ei attåtnæring. Det er tidskrevande og enormt mykje arbeid. I løpet av eit par år må vi begynne å ta stilling til om vi skal satse fullt ut eller redusere.” fortel Veronica.

“Enn so lenge ser det lovande ut for lokalmatbransjen i framtida, men det betyr ikkje at ein kan legge seg på ei kvilepute og tenkje at ting går seg til. Ein må heile tida jobbe for å produserer kvalitet og tenkje at ein skal vere best. Ein må også kunne fornye seg og vere tilgjengelig for kundane. Det er ein knallhard konkurranse. Framover er utfordringa med å prioritere marknader og produkjson. Vi kjem difor til å redusere antall dager på marknader for å prioritere produksjon og tid med familien vår”.

Det er tydelig at bak Påldtun står det ein liten familie med store draumar og ambisjonar med gode familieverdiar og mattradisjonar. Vi gler oss til å sjå og smake på utviklinga til Påldtun framover!

Instagram:     @paaldtun
Facebook:      www.facebook.com/paaldtun
Nettside:         www.paaldtun.no

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med? Send oss ei melding i skjemaet:

Dei lagar øl på “gamlemåten” og har på få år klart å bli kjend for sitt lokaløl og særpreg, samt fått trofaste fans i heile Noreg. Dei har ein av dei mestsolgte norske øla på Vinmonopolet og eksportere øl til fleire ulike land og skal denne veka sende øl for fyrste gong til Frankrike. Kinn Bryggeri i Florø er altså med andre ord, verdt å følge med på.

 

hostmotiv-til-kinn-bryggeri-med-slagord-large
Illustratør: Oda Valle.

Særpreget
I britisk, belgisk og amerikansk stil brygger dei øl ved gjennom gjæring i opne kar der produkta er verken pastauriserte eller filtrerte. Dei er 13 tilsette og rekna med å produsere 700.000 liter øl i 2016. I 2015 omsatt dei for over 22 millionar kroner.

Bak fasaden er det eigar Espen Lothe som styrar skipet, saman med kona Ann-Margitt Banne som arbeide med marknad og sal. Dei starta Kinn Bryggeri i 2009 og har sakte, men sikkert bygd det opp til den suksessen som det er i dag.

Som ein av dei større handverksbryggeria i Noreg, er Kinn dei einaste som har gjæring i opne kar. Øl produsert på denne måten gir eit særpreg i smaksbiletet og tilbakemeldingar frå kundane er at dei kjenn igjen smaken av Kinn på tvers av ølstilane.

Store 75cl flasker har blitt ein varemerke for Kinn Bryggeri og skill seg frå andre produsentar, og dette i kombinasjon med ein folkeleg visuell profil gir Bryggeriet eit særpreg i marknaden. Det amerikanske indiaølet Vestkyst er det mestselgande norske handverksølet. Kinn Bryggeri i ein unik posisjon blandt dei norske handverksprodusetane på Vinmonopolet der dei har 11 produkt blant dei 30 mestselgande norske øla.

 

4-nr-3
Foto: Eivind Senneset.

_c3c8420-large
Foto: Ulf Hansen.


Sal

Kinn Bryggeri sel til utsal, butikkar, hotell og restaurantar og reknar med å doble eksportvolumet i år frå i fjor. Dei eksporterar til Finland, Sverige, Danmark, Belgia, Tyskland, Spania, Storbritannina og neste veke send dei for fyrste gong øl til Frankrike. I Noreg har dei eigne selgarar stasjonert i Bergen og Oslo, ellers nyttast grossistar som Vectura, Asko, Vinhuset og Måkestad m.fl.

Lokalmat vs framtida.
Ettersom lokalmat er viktig, har Kinn heile vegen hatt eit sterkt fokus på kombinasjonen mat og øl, noko nettsida speglar med ein eigen matfinnar. Bryggerimeister Espen har alltid vore opptatt av at han skal lage øl som går godt i lag med mat, og dei har eit sortiment som passar til dei fleste matrettar. Men dei har mangla eit øl som balanserer den røykte julematen, så i år kjem dei med eit røykt juleøl med namnet «Eld». Kombinasjonen lokalprodusert mat og lokalprodusert øl går hånd i hånd, og har difor eit godt samarbeid med både Hjørnevikbua Restaurant og Bryggekanten i Florø når det gjeld å sette det rette ølet til menyen deira. Bryggeriet sett krav til kvalitet i restaurantane.

“Fokuset vårt er at dei brukar kortreiste råvarer så langt det lar seg gjere” – fortel Ann-Margitt til Kortmat.

 

_c3c9195_edit_30cm200ppi
Smaksskifer frå Hjørnevikbua restaurant. Foto: Ulf Hansen.

 

Rein og trygg mat er viktig.
Favorittane til Ann-Magritt og Espen blant lokalmatprodusentane i Sogn og Fjordane er Kandal kjøt. “Dei har kjekjøt som er fantastisk på grillen, ellers har vi små produsentar frå øyane utanfor Florø som leverar kvalitet t.d Færøy Gard med økologiske villsau og egg, samt Reksta Villsau med sine økologiske spekepølser. Elles er vi veldig begeistra for norske ostar som blir betre og betre;  Bufar frå Valdres Ost er utruleg god.” fortel Ann-Margitt.

Det er tydeleg at Kinn Bryggeri er bevisst og har eit klart mål om å fremme lokalmat- og drikke. Men det kjem ikkje utan etterspørsel frå publikum. “Norske forbrukarar blir meir og meir bevisste og vi trur dei framover vil verte endå meir interessert i kvar både mat og drikke kjem frå. Trygg og rein mat blir endå viktigare. Trass i strammare økonomiske tider opplev vi at folk kjøper handverksøl. Forbrukaren ynskjer kvalitet framfor kvantitet og i trongare tider kosar ein seg likevel med noko godt å drikke ” fortel Ann-Margitt.

Framtida & økologisk øl.
På det Gamlebryggeriet i Strandgata i Florø ynskje Kinn i framtida å eksperimentere med norske råvarer og bruke norsk gjær som den tradisjonelle Kveik-gjæra frå Hornindal. Dei ynskje også å lage økologisk øl og dei er i gong med fatlagring på franske eiketønner som det har vore lagra vin på. Dei fekk nyleg tilsendt molter frå Finnmark som skal på på vintønner saman med villgjæra øl. Framtida til bryggeriet er spennande og vi gler oss til å sjå og smake på det som kjem og det som allereie er i butikkane!

Nettstad:     www.kinn.no
Instagram   @kinnbryggeri
Facebook:   www.facebook.com/kinnbryggeri

 

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med? Send oss ei melding i skjemaet:

 

 

Matglede var tema for den første helga i september. Helga var fylt av god lokal mat- og drikke rundt om i landet. Matstreif i Oslo er Noregs største matfestival og Innovasjon Norge arrangerte i år for 12. gang på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet med over 200 norske produsentar tilstades.

NM i mat og drikke.
Solbærisen til Reins Kloster fekk gull i NM under Matstreif og Mat fra Toten blei kåra til Årets Stand og fleirekulturelle familier frå Geitmyra Matkultursenter serverte god mat som blei populært under årets festival. Det var NM i sjømathandel der konkuransen består av fleire prøvelsar både varemottak med kvalitets bedømming, skjæring av heil fisk, lagring og legging av fiskedisk etter regler samt salg og kundebehandling. Marthe Karlsen Moseby (19) frå vant NM i sjømat som jobbar på Jacobs Holtet på Ekeberg i Oslo.

bergenmatfest

Bilete: matfest.no

Vestlandets lokalmatfestival.
Bergen arrangerte både Bergen ølfestival og matfestival same helg. Fleire lokalmat produsentar frå trivselsfylket Sogn og Fjordane dro ned for å stå stand saman med over 100 utstillere og 500 mataktører forrige helg. Breim Gardsmat, Kandal Kjøt, Sognefjord Sjokolade, Svanøy Røykeri, Kystvilt AS, Påldtun, Kinn Bryggeri blant anna kom å delte sin smaksoppleving med bergensarane og besøkande.

Festivalprogram.
Nyleg kom også programmet for årets Matamål festival som arrangeres 21-25.september på Sandane. Nærmare 50 utstillarar frå rundt om i fylket kjem og står stand på Sandane. Du kan møte Kinn Bryggeri, Fjordane Gardspresseri, Solundmat, Høgt og Vilte Krydder, Svanøy og Påldtun blant anna. Det blir tilbud om å lære fruktpressing og studentane kan lære seg å lage billig og god hybelmat, samt borna kan møte dyr og ri på hest. Det blir god familiesteming, aktivitetar og matglede.

Sjå program for Matamål her:
http://matamal.no/

Matkollektivet

Matkollektivet er ein nettbutikk  som leverer mat frå bonden rett på døra di i Bergen og Askøy. Matkollektivet starta hausten 2014, og er i dag ein leverandør av bærekraftig råvarar av høg norsk kvalitet. Matkollektivet er vestlandsbøndene si største fan og er opptatt av å ha heile opplevinga med til sine kundar. I gjennomsnitt har 7 gårdsbruk blitt lagt ned kvar dag sidan 1990 – og det er matkollektivet fast bestemt å endre på, ved å levere lokal mat frå bonden som er produsert på lag med naturen. Om du er så heldig og bur i Bergen eller Askøy kommune, så kan du bestille Matboks for 2 – 4 personar eller enkeltprodukt som grønsakar, bakst eller meieriprodukt frå Matkollektivet her.

45678900000000000

Facebook.com/matkollektivet
Instagram @matkollektivet

Bilete frå matkollektivet.


 

Kolonihagen i Oslo – Økologisk mat og matkasse.

Kolonihagen_logo_500_302_90 (1)Resturant Frogner og matkasse.
Kolonihagen leverar smakfulle økologiske råvarar heim til folk og eigne resturantar i Oslo. Dei er oppteken av råvarar som er produsert på naturens premissar som er økologisk og bærekraftig. Her er kvalitet over kvantitet som gir trygghet og næringsrikt råvare viktig.

På Frogner har Kolonihagen tatt i bruk ein gamal stall som lokale og beholdt det rustikket preget som passar godt i lag med den reine og økologiske lokalmaten som blir servert.
8672324293_68a19329d0_o_1_ (1)

“Der du er”

Når fine veiret kjem i Oslos gater, så reise Kolonihagen “der du er” som er eit konsept der dei serverar sunn økologisk street food på forskjellige stadar i Oslo – alt ettersom kva som skjer i byen.

Kolonihagen bryggeri
Kolonihagen starter også eit bryggeri i 2013 og sel i dag økologisk øl på Kolonihagen Frogner, Tønsberg og på alle Meny butikkar i Noreg.

Bilete frå kolonihagen.no
kolonihagen02 (1)Facebook.com/kolonihagen
Instagram @kolonihagen


Mathallen på Vulkan.

Om du befinner deg i Oslo på besøk eller bosatt, så er Mathallen ein plass verdt å besøke for den matglade. Mathallen  i Oslo ligg på Vulkanområdet mellom øst og vest i Oslo sentrum og har ope frå måndag til sundag. Mathallen tar inspirasjon i dei europeiske mathallane og tilbyr bla spesialbutikkar, kafear og spisestadar. Matrelaterte konferansar, kurs og messer er aktivitetar som mathallen tilbyr i tillegg til servering av spennande smakar og ferske råvarar. 

Mathallen-en-sommerdag-1024x681

facebook.com/mathallenoslo/
Instagram: @mathallenoslo

Bilete frå mathallenoslo.no


Svanøy Røykeri og laks20111008_Svanoy-Roykeri_1232-952x439

Svanøy Røykeri ligg på Marø Havbruk på øya Svanøy utanfor kystbyen Florø i Sogn og Fjordane. Det er ei lita familie bedrift på 3 generasjoners kvinner. Her produserar dei laks av beste kvalitet og er opptatt av å følgje laksen frå den er 70-80 gram til den er ferdig foredla produkt. Etter røyking blir laksen marinert og det er ikkje få smakar å vele mellom: norsk akevitt, mildare konjakk, kvitløk og krydder, marinert med sjølvplukka pors og eigenprodusert porssnaps eller den tradisjonelle røykelaksen. Svanoylaks.no har også fått seg nettbutikk der ein enkelt kan bestille dei produkta ein vil ha, rett heim. 

3-stende-bilder-952x439

Facebook
Instagram: @svanoylaks
Bilete frå svanoylaks.no


Far min sitt kjøkken

“Far min sitt kjøkken” skrivast av Geir Hopen Nødset som opprinnleg kjem frå ei tidligare fiskarslekt på Vestlandet. Bloggen er inspirert av Nødsets far som drev med hobbyproduksjon av tradisjonsrik norsk mat. “Far Min Sitt Kjøkken” har som målsetting å bruke lokalproduserte råvarar og bringe vidare kunnskap om tradisjonsrik mat inn i framtida. På bloggen finn du oppskriftar og framgangsmåtar for å salte, røykje og speke maten.
farminsittkjøkken_01 (1)
Har du lyst å finne ut korleis du laga spekepølse på gamle metoden? Eller korleis lage spekeskinke på italiensk vis? Då bør du ta ein titt på farminsittkjokken.no. Bloggen blir også skrevet på nynorsk som gjer opplevinga endå betre!

Facebook.no/farminsittkjokken
Instagram @farminsittkjokken

Bilete frå farminsittkjokken.com


Kraftmamma

logo

Kraftmamma består av mødrene Vibeke, Gry, Anne Marit og Marianne som alle saman kjem frå ulike bakgrunnar og har alle saman funne ein betre livsstil igjennom naturleg og tradisjonsrik matlaging.

Kraftmamma er ei tidsreise tilbake til forfedrenes tilberedingsmetodar og kunnskap om næringsrik tradisjonsmat. Kraftkoking, bløytlegging, melkesyregjæring og surdeigsbakst er ein av dei tinga som kraftmamma er opptatt av å formidle slik at næringsinnhaldet aukar og blir lettare å fordøye for liten og stor. Her er det kunnskap om råvaren stor, og korleis den skal brukast på best mogleg måte.

Dei driv ulike nettsider, bloggar og kurs som har drivkraft i kortreist mat og ein naturleg livsstil. På sida finn du også ei liste over produsentar av melkeprodukt, kjøttvarer og grønnsaker som er produsert naturleg og bærekraftig. Engelsk teksta versjon av kraftmamma: mynordicpantry.blogspot.no

facebook.com/Kraftmamma
instagram: @kraftmamma @duggurd


Fra Jord til Bord

Bloggen frajordtilbord.no som er skrevet av Gry Hammer som også står bak Kraftmamma, er verdt å følgje. Gry skriver bøker og held foredrag og kurs om jakten på det ypperste, reinaste
og den mest bærekraftige maten. Her finn du oppskrifter, informasjon om kurs og foredrag og mykje god lesing rein mat!

fra jord itl bord

facebook.com/FraJordTilBord/
Instagram: @gryhammer

Bilete frå jordtilbord.no / Werner Juvik.


Gutta på haugen
Skjermbilde-2014-11-12-kl.-11.51.50

Gutta på haugen er ein spesialbutikk på Ullevågsvegen i Oslo for smaksrike matvarer, med eit stort utval av kortreiste og langreiste delikatesser.  Vil du bort frå Oslo sentrums tjas og mas, stikk innom Gutta på Haugen, og vips får du kjensla av å leve for hundre år sidan, med kjøpmannsdisk, kvalitetsvarer, spennande oster, spekemat, frukt og grønnsaker og mykje anna  digg. Gutta på haugen kan du besøke på Mathallen, sjekk deira nettside og sosiale medier for oppdateringar om diverse aktivitetar.

Facebook.com/guttapahaugen
Instagram @guttapahaugen
testshots_gutta_paa_haugen_mai2015-34-of-47 Bilete frå gutta.no

JUNI

Førde Øl og Matfestival
Facebook.com/fordeolfestival  – Sentrum Sør, Førde  3 – 4 juni.2016.

Lærdalsmarknaden
http://laerdalsmarknaden.no – 17 – 19.juni 2016 – Velkommen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hånd i hånd.

Sildebordet i Florø
www.facebook.com/Sildebordet/  17 – 19.juni vert verdas lengste sildebord arrangert i Florø! Då dekker vi omlag 350 meter bord gjennom Florø sentrum. Her vert det servert fleire gode silderettar, og alle får ete seg mette. Heilt gratis!

Himmel og Hav Kystfestival

Sildebordet er ein del av Himmel og Hav Kystfestival – ein festival som også omfattar laksens dag, konsertar og det historiske spelet «Kinnaspelet – Songen ved det store djup».

Norsk Laksefestival
http://www.norsklaksefestival.no/ – Nok ein gong arrangeres Norsk Laksefestival i Surnadal. 23 – 26.juni. 2016 er det klart for fiskekonkurranse, martnadsgate, tivoli, konsertar og mykje meir for heile familien.

Mat og havnefestivalen
http://www.matoghavnefestivalen.no/ – 24 – 26.juni.2016. Festivalen samler om lag 30.000 festivaldeltakere, derav både turister og regionens innbyggere til folkefest siste helgen i juni. Under festivalen er det yrende liv i Halden. Gjestehavna fylles av båter fra hele kysten. Torget forvandles til et matmarked, omringet av byens serveringssteder som byr på herlige matopplevelser.

GLADMATfESTIVALJULI 

Matopplevelser i Numdal
http://matopplevelserinumedal.no/ – 1 – 2.juli.2016.
Salg og markedsføring for 35 lokale aktører innen lokalmat og grønt reiseliv. Foredling av Spælsau fra Numedal mm, utgiver av boken «Mat fra Numedal», arrangør av Matfestivalen i Numedal og lokalmatmarkeder i høst- og påskeferie samt salg og servering i kafè og butikk på Rollag Stasjon.

Gladmat festivalen
http://gladmat.no/  Gladmat er den ledande matfestivalen, både i Noreg og i Norden, og skal fremme publikums interesse for mat og matkultur. I 2016 arrangeres festivalen for 18. år på rad i Stavanger frå 20 – 23. juli 2016.

Morellfestivalen
http://morellfestivalen.no – 28 – 31.juli 2016 i Lofthus i Hardanger. Morellfestivalen går over 3 dagar og tilbyr eit svært innhaldsrikt program for både små og store. Marknadsplassen byr på spanande produkt og mykje å smaka på.

AUGUST

Kalvåg Kystfestival
https://www.facebook.com/kystfestival – 5 – 7.august. Kalvåg vil koke av kystkultur, og i år står mat og drikke som tema! Her blir det underhaldning og aktivitet for både små og store. Den tradisjonsrike Rorbua med sin gode stemning og Steinar Engelbrekson’s band spiller på Knutholmen både fredag og laurdag. Kystlagets båter blir pusset og gjort klar for rokonkuranse på vika. Sett av den første helga i august og kom til Kalvåg. Her har vi plass for båter, bobiler eller muligheter for rorbu/rom leige fra Knutholmen.

Trøndersk matfestival
http://oimat.no/tronderskmatfestival/
– Trondheim Torg 04 – 06.august.2016

Bryggerifestivalen
http://oimat.no/bryggerifestivalen/ – Trondheim, 04 – 06. august. 2016. Bryggerifestivalen i Trondheim er ein festival for spesialøl og håndbrygget øl. Festivalen arrangerast samtidig som Trøndersk Matfestival.

Skalldyrfestivalen
http://skalldyrfestivalen.weebly.com/ – 10 – 14.august.2016. Skalldyrfestivalen er ein tradisjonsrik festival som har utvikla seg meir og meir til ein matfestival. Hele Mandal sentrum stengast og det er ett yrende folkeliv. Titusener av folk entrer festivalen for å ete fantastisk god sjømat, gå på konsert og generelt ha ein deilig avslutning på sommaren.

Norsk Bringebær Festival
http://norskbringebaerfestival.no – 19 – 21.august 2016 på Vik – største bringebærkommunen i landet!

Smaksfestivalen Godt i Gapet
www.facebook.com/Smaksfestivalen – 19 – 21.august. God mat, god drikke, god stemning og gode opplevingar. Under Smaksfestivalen skal freistingane komme som perler på ei snor.

Mersmak i skien
http://www.mersmakiskien.no/ – Matfestivalen Mersmak i Skien arrangerast 26. og 27. august. 2016 og for 9. gong. Det blir ein folkefest med meir enn 100 utstillere og stort mangfold. Publikum kan oppdage nye smakar og hente inspirasjon fra Økologisk torg, Barnas torg, Bondens torg, Utmarka vår, Mat fra hele verden, Regional matkultur og hjå alle utstillerne i gata!

Matfestivalen i Ålesund
http://www.matfestivalen.no/
– Den Norske Matfestivalen i Ålesund går av stabelen 24. til 27. august 2016. Vi gler oss til å gje deg mange spennande utstillere, fagseminar, kurs, gode mat- og drikkeopplevelsar på arenaen og festivaltilbud på byens restauranter og hotell.

TRØDERSKMATFESTIVALSEPTEMBER

Bergen Ølfestival
http://bergenolfestival.no/ – 2 -3. september. Bli med på Norges største og beste ølfestival! Bergen Ølfestival fyller 5 år i år, og med på BØ 2016 er hele 41 norske bryggerier! BØ kan også by på god mat, foredrag, konkurranser og andre aktiviteter.

Bergen matfestival
http://www.matfest.no/
2. – 4. september Koengen – Bergenhus Festning. Bergen Matfestival er blitt den viktigaste arena for presentasjon og salg av bærekraftig kortreist mat i Hordaland og Sogn og Fjordane og synliggjøring av vår stolte matkultur og historie.

Matstreif
http://www.innovasjonnorge.no/matstreif/
– 2-4.september.2016, Oslo. MATSTREIF er Norges største matfestival – som arrangerast midt i hjertet av hovedstaden. Arrangør er Innovasjon Norge, på oppdrag fra LMD. Festivalen tilbyr det beste du får av norsk lokalmat og vi ynskje å auke entusiasmen, kunnskapen, bevisstheten og stoltheten rundt norsk mat- og drikkekultur.

Oslo Akevittfestival
https://billetto.no/events/130381 – Lørdag 3.september blir det mulig å smake over 100 ulike norske akevitter fra forskjellige leverandører og produsenter.

Egertorget Matfestival
http://http://egertorget.no/ – 3 – 4.september – Hokksund. Egertorget Matfestival skal være et arrangement som fremmer lokalmat og norske tradisjoner samtidig som det skal være en inspirasjonkilde til videreutvikling av norske landbruksprodukter. Mottoet våres er: Ekte smak – Ekte opplevelser.

Vesterålen Matfestival
http://www.vesteralenmatfestival.no/ – 10 – 17.september. Vesterålen Matfestival er en regional matfest, med arrangementer over hele Vesterålen – i alle kommuner. Festivalen var ny i 2010. Festivalen skal bidra til å fremme regionens sterke og spennende arktiske mattradisjoner, og en matkultur som fortjener å bli tatt vare på.

Arktisk Mat
http://www.arkmat.no/ – 16 – 18.september  – Mosjøen.

Smak av Sogn
www.facebook.com/smakavsogn– 21 – 25.september. Smak av Sogn er matfestivalen i Sogn! Ope for alle med lidenskap for mat! Me har kurs, fagdag og marknadsdagar. Alltid siste helga i september.

Matamål
http://matamal.no/
– Matfestivalen på Sandane, Sogn og Fjordane, 21-25.september.2016.

Smakfest i Tromsø
http://www.smakfest.no/ – 23-24.september 2016. SMAK er matfestivalen for og i Nord-Norge, den arrangast midt i matfatet Tromsø i september. Tromsø er Norges nest største fiskevær, vertskap for prisbelønte produsentear av matvarer, dyrkande produkt av svært høg kvalitet, gode restaurantar og matutdanning til å vere stolt av. SMAK har tatt posisjonen som hele Nord-Norges matfestival og skal vise mangfoldet av dei fantastiske råvarene, matkulturen og kompetansen som finnes i landsdelen vår.

Norsk Eplefest
http://eplefest.no/
– 24.september.2016. Markedsdagen Norsk Eplefest arrangeres i sentrum av Gvarv – også ofte omtalt som Frukthovedstaden.

Matstreif2016_900

OKTOBER

Akevittfestivalen
http://www.akevittfestivalen.no/
– 13 – 15.oktober.2016 – Gjøvik.

Hardanger matkulturfestival
http://www.hardanger-matkulturfestival.no/
– 14 – 16.oktober.2016 Eidfjord, Hardanger.
Hardanger Matkulturfestival Eidfjord er ein festival som forsøker å skapa ein møtestad mellom tradisjonsberarar og presentera historia vår gjennom lokale mattradisjonar, handverkstradisjonar og kunstnarleg innslag for liten og stor. Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord.

NOVEMBER

Rakfisk festival
http://www.rakfisk.no/ – 03 – 05.november.2016. Med 25 000 besøkande kvart år har Norsk Rakfiskfestival etter kvart blitt ein av dei største markedsplassane for Norske småskalaprodusentar. Festivalen haldast alltid første helg i november på Fagernes i Valdres.

Gamalostfestivalen
http://gamalostfestivalen.no – 26 – 29.mai.2016

Geitostfestivalen
http://geitostfestivalen.no

*Bilete frå Trøndersk matfestival, Bergen Matfestival / matfest.no, Innovasjons Norge og gladmat.no