Vi reiser gjennom Våtedalen. Følger lukta av nybaka havrekjeks. Det ryktast at dei er så populære at nokon reiser heilt frå Sotra til Byrkjelo for å sikre seg ein pakke av Bakar Jon sine Havrekjeks. Då Kortmat er innom er dei så klart utseld, men bakar og butikksjef Hilde Fjellestad er i gang med ei ny deig. Ho har vore oppe sidan morgonskifte hennar starta kl. tre i natt.

–  Vi produserer ca. 1000 slike for dagen. No i sommar så lagar vi dei kvar dag og elles tre til fire gongar i veka, fortel ho.

Fjellestad rullar ut deig i raskt tempo, og Anita Helgheim skjer ut rette ruter som Åse Aamot Evebø steikar i omnen heilt bakarst i lokalet. Varmen ligg som eit teppe rundt oss, og etter i stund tek ho ut brett med perfekte og gyllenbrune kjeks som duftar av søt havre. Når dei har kjølt seg ned blir dei stabla saman i esker og plassert på hyllene i butikken som ligg vegg i vegg med bakeriet. Bakar Jon sender også ut havrekjeks til andre Coop Extra-butikkar.

 

Bikka 100

Bakar Jon var opphaveleg eit bakeri tilknytt ein vanleg daglegvarehandel. For fem år sidan blei bedrifta ein del av Coop Vest og deira lokalmatsatsing. Tanken var at Bakar Jon skulle vere eit «lokalt spiskammers» der kundane finn gode lokale produkt med basis i lokale råvarer. I byrjinga hadde spesialbutikken 20 produsentar å vise til i hyllene sine. I dag har dei bikka 100.

– Då vi først starta var det vanskeleg å finne fram til produsentane, men no merker vi at de blir lettare å finne gode produkt og det er veldig kjekt. No må eg til og med takke nei til enkelte produsentar, så ein kan seie at vi har eit luksusproblem, smiler Fjellestad.

 

 

Sesongens favorittar

Mange av varene har dei inne heile året, medan andre er sesongbasert. No mot sommaren og hausten går det mykje i poteter og anna grønt, bær og frukt, og grillmat så klart.

– Nokon av sommarfavorittane er mellom anna kjekjøtt og Jølstraauren som er perfekt på grillen, seier ho.  

Den lokale maten kjem dermed ikkje langvegs frå. Kandal Kjøtt er like i nærleiken, og det same er Påldtun Frukt og Bær på Sandane, og Jølster, der Jølstraauren held til, passerte vi på vegen hit frå Florø. Blant lokalmatprodukta er det honningen frå Voss som har reist lengst.

 

(artikkelen fortset under bildet) 

Hilde Fjellestad likar utfordringane ho møter på som butikksjef hos Bakar Jon som spesialiserer seg på lokal mat.

 

Likar utfordringa

– Ein stor del av jobben min går ut på å ringe rundt å bestille produkt direkte frå produsentane. Det er ikkje slik som i ein vanleg daglegvarehandelen der ein kanklikke seg inn på ei side og få det meste frå ein leverandør. Her blir det ofte 90 telefonar før alle varene er på veg. Så det er ein annleis måte å drive butikk på, men eg likar utfordringa, innrømmer Fjellestad.

Ho gjekk sjølv i lære hos Bakar Jon som starta bakeriet, og han hadde gått i lære hos sin far. I januar i år tok ho over som butikksjef, som den første utanfor familien, men ho føler seg godt heime hos Bakar Jon og har jobba der i over 12 år. Med meir ansvar og fleire arbeidsoppgåver har ho tilsett Kristin Sandal som lokalmat-ansvarleg i butikken, og Sandal vil etter kvart overta den største delen av kontakta med leverandørane og bestilling av varer. Fjellestad er også på jakt etter ein kreativ konditor til bakeriet.

 

Best på lokalmat

–  Vi utviklar oss heile tida, likar å tenke nytt og skal no også bli eit kompetansesenter for lokalmat, fortel Fjellestad.  

Dei har nyleg pussa opp lokalet, med mellom anna nye kontor, og har no plass til eit kompetanseteam som kjem flyttande frå Førde.

Kompetansesenteret vil vere ein møteplass der produsentane kan komme med spørsmål om sine produkt og få rettleiing til å komme seg vidare i prosessen for å bli godkjent. Her vil dei få hjelp med å få alle papira i orden med omsyn til merking, mattilsynet og anna før dei får entre hyllene til Coop Vest-butikkane.

– Coop Vest brukar i dag mykje tid og penger på å vere rådgjevande organ for produsentane og dette ynskjer vi å samle hos Bakar Jon. Slik kan vi bygge kompetanse på lokal mat der, i tillegg til at dette skal vere plassen der vi tester om forbrukaren vil kjøpe nye produkt. Coop Vest vil vere best på lokalmat, og vår satsing på Bakar Jon er med på å forsterke den posisjonen, seier Geir Espe, administrerande direktør hjå Coop Vest.

 

Lokal mat på menyen

Bakar Jon blir på mange måtar eit endå viktigare sentrum for lokal mat i Sogn og Fjordane. Og med både bakeri, butikk og kafé er dei ein populær stoppestad og sosiale møteplass for både lokale og reisande. I sommar kjem dei besøkande til nyoppussa og utvida butikk med kjøpmannsdisk. Kaféen har også fått seg eit løft med lyse strøk maling og nye bord og stolar. Snart kjem det óg ferske menyar over kafédisken til Janne Marie Solheim der mykje av maten dei freistar med vil vere av det lokale slaget.

– Her kan dei besøkande få smake på lokale produkt som til dømes Kandal sin kjeburger som dei også kan få kjøpe med seg frå butikken, fortel Solheim, som er dagleg leiar for kaféen.  

Dei besøkande kan også plukke med seg så mange pakkar Bakar Jon Havrekjeks som dei vil. Det gjorde i alle fall vi, for det blir fort tomt igjen.  

 

Sjå bildeserie frå besøket hos Bakar Jon: 

 

Første månaden i det nye året er nesten over. Vi ser tilbake på  2016 og fram mot lokalmatåret 2017 saman med Aud Slettehaug, dagleg leiar for Kompetansenettverket lokalmat vest. Slettehaug er også styreleiar i Bondens Marked Sogn og Fjordane, er over gjennomsnittet interessert i lokal mat og følgjer godt med på kva som røyrer seg av nye smakar og mattrendar. Ho trur lokalmatåret 2016 lovar godt for 2017 og lyser død over banner-up. 


​Kva var høgdepunktet i lokalmatåret 2016? 
– I 2016 tok lokalmaten for alvor steget inn i ein moden fase. Vi har fantastiske råvarer som vert til gull når vi fermenterer, foredlar og legg til rette for kvalitet. Vi har til og med verdas beste ost, Kraftkar frå Tingvollost, laga av heilt vanlege bønder på nordmøre. Dei leverer heilt vanleg norsk mjølk og foredlar noko av den mjølka til verdas beste. Den vart kåra på World Cheese award 2016 som tidenes beste vinnar gjennom alle dei åra konkurransen har vore heldt. Det var desidert eit av høgdepunkta!


Er der andre milesteinar frå 2016 som er verdt å ta med? 
– Ja, i 2016 fekk også bonden lov til å selje alkoholhaldig drikkevare frå garden inn til 22%. Det betyr at sider som vert laga på dei vanlege norske eplesortane kan få fermentere seg og få den rette gode smaken med ca. 9% alkoholstyrke og ikkje verte tilpassa eit regelverk på 4,7%. Smak og tradisjon får utvikle seg og får selje ei vare som turisten kan ta med seg frå garden på lik linje med andre land i Europa. Kanskje 2016 var eit springbrett for stoltheit og anerkjenning. Det vert i alle fall ikkje mindre lokalmat i åra som kjem. Kunden ser også ut til å like den nye maten vår – for salsrekordar vart sette både her og der.


Tek du med deg nokon viktige lærdommer inn i det nye året som kan vere nyttige å dele med andre aktørar i lokalmatbransjen?
– ​Kommunikasjon er eit fagfelt der vi kanskje har litt å jobbe med. Her går trendar og verda rasande fort og ein vert fort utdaterte når ein kjempar om merksemda. Lokalmat julekorga til Kortmat fekk jo ei enorm merksemd i sosiale meda. Det viser at folk likar lokalmat! Vi har mykje å lære om å kommunisere djupare, meir målretta og kanskje ikkje så komplisert. Ver enkel, skap engasjement, inviter folket inn og med på smaksopplevingane. På matfestivalen i Bergen fekk eg vere med i juryen som skulle plukke ut den beste standen, og det var ikkje lett. Kommunikasjon var eit av kriteria. Gå litt ut frå standen, reis på messer og festivalar du ikkje sjølv deltek på eller ta opp eit googlesøk på bilder og sjå og vurder kva som fungerer. Blikket skal fange, inspirere, skape lyster. Eg trur eg må lyse død over banner-up på utandørsarrangement både her heime og i Italia. Banner up vert lett støy og kostar for mykje pengar. La heller produktet bugne, og la sansane ta over.  Vi har lært mykje frå kokkane om å trylle fram gode smakar. Til dømes litt honning i rømme på ferske jordbær. Det laga eg til på ein sommarmarknad, og det var mange som ikkje hadde tord eller tenkt på at det kunne vere godt. Det var himmelsk!


Kva trur du vi kjem til å sjå av mattrendar i år? 
– Om det kjem i 2017 veit eg ikkje, men dette med fermentering og å forstå bakteriar og deira betydning for vår helse trur eg vil bli endå meir populært. Dette gjeld både fermentering av drikkevare, mjølk og grønsaker. Det enklaste vi kan gjere er å lage vår eiga surmjølk av kefirkorn, men eg har mest tru på at folk i 2017 kjem til å kjøpe seg ein Kombucha-te om dei ikkje alt drikk dette.


Kva spådommer og planer har du for lokalmatåret 2017? 
–  Eg trur det vert eit fantastisk år. Tenker du på å verte lokalmataktør så kom til oss i Komptansenettverket så skal vi forsøke å lose deg fram. Har du inspirasjon og lyst så kan du få dette til – du treng ikkje å ha nærngsmiddelfagleg bakgrunn. Privat skal eg pukke meir bær i skog og utmark i 2017, eg sette ikkje av nok tid i 2016 til det og det var så mykje gode bær der ute. Der er også fisk i sjøen, og våren er her snart med både strutseving og ramsløk. Kven veit kanskje du vert ein lokalmatgründer på sanketuren?


Kompetansenettverk lokalmat vest (tidlegare Kompetansenavet Vest)

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenettverket. Norge er delt inn i 5 kompetansenettverk som utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gir oppfølging av fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenettverket lokalmat vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland, men har aktivitetar rundt om i begge fylka.

 

Jula er ei tid då mange av oss samlast rundt bordet med god mat og drikke. Som oftast er det sjølve julemiddagen som får det meste av merksemda når det kjem til kor mykje hjarte og sjel vi legg i førebuinga. Men kva med å gjere julefrukosten om til ei smaksoppleving også?

Kortmat har spurt lokalmatentusiastane og kokkane Kent Ole Strømsøy og Sondre Strand, frå Hjørnevikbua i Florø, om korleis ein lagar til den perfekte frukosten denne jula. Så om det ikkje ikkje allereie er ein fast tradisjon hos deg, så kan det kanskje bli det? Ein treng nemleg ikkje å bruke timesvis på kjøkkenet for å nyte ein førsteklasses frukost som er rik på herlege lokale smakar med desse tipsa her.

Vel gode råvarer.

For å verkeleg kjenne på dei gode smakane er det viktig å velje råvarer av god kvalitet. Om du gjer det, så er mykje av jobben unnagjort. Mange dyktige lokalmatprodusentar har allereie gjort mesteparten av strevet for deg ved å legge ned tid og kjært handtverk i maten dei lagar. Hugs at det er betre å velje få gode råvarer framfor fleire middelmåtige.

Prioriter julepålegget.

Til ein julefrukost er det lurt å prioritere julepålegget som ein ikkje brukar så mykje av resten av året, slik som sylteflesk, lammerull, kjerull, julesild, røykelaks eller gravlaks, og sjølvsagt herlege bakevarer og ekte smør. Her er det ein smakssak kva ein vel av pålegg, men det er viktig å tenke på heile smaksbilde: salt, søtt, syrleg og bittert, eventuelt umami for den vidarekomne. Smak deg fram og sett saman dine favorittar til frukosten.

 

Umami

Umami er den hemmelege smaken, også kalla den femte smak, ved sidan av salt, søtt, syrleg og bittert. På japansk betyr umami ”velsmakande” og ein finn den blant anna i proteinrike matvarer som kjøtt og meieriprodukt, i moden ost, sopp, tomatar og surkål.

 

Alternativ handleliste (som vi hadde til julefrukosten til Kortmat):

  • Tradisjonell einebærrøykt laks frå Svanøy
  • Spekepølse frå Reksta Villsau
  • Egg frå Færøy Gard
  • Sylteflesk og kjerull av kasjmirgeit frå Fjord Gardsmat
  • Verdas beste ost Kraftkar frå Tingvollost (du finn den blant anna hos Lille Marked i Florø)
  • Knekkebrød og blåbærsyltetøy frå Håjen Lefsebakeri
  • Solsikkebrød og julebrød frå Florø Bakeri
  • Gardsmost frå Fjordane Gardspresseri

 

 

Kombiner med noko enkelt, men smakfullt.

Det er også noko spesielt med det du lagar frå botn av, og det treng ikkje ta lang tid for at det skal bli bra. Kva med ein syrleg og frisk potetsalat, ein lun raudbetesalat, saftig eggerøre og ein grov sennepssaus som komplimenterer smakane i julepålegget?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ver tålmodig med eggerøra!

Det er fort gjort å tenke at eggerøre er ei enkel sak, men mange har ein tendens til å steike den på for høg varme slik at den blir tørr. Om du skal lage eggerøre, ver forsiktig med varmen. Følg instruksane i denne oppskrifta, og du får ei lett og kremaktig røre som er glimrande til røykelaks.

Fordel arbeidsoppgåvene.

 Julefrukosten kan gjerne starte før ein setter seg til bords. Det kan vere både sosialt og koseleg å gjere klar frukosten i lag. Ein får ikkje berre meir tid saman, men sparar også endå meir tid på sjølve førebuinga.

Bruk middagsrestane.

Det er i jula at vi nordmenn kastar mest mat, så bruk gjerne restane frå julemiddagen. Kald ribbe og pinnekjøtt eignar seg også som pålegg, og rødkål og surkål smakar ypparleg til sylteflesk og lammerull.

Hald på tradisjonane, men ikkje ver redd for å prøve noko nytt.

Tradisjon er tradisjon av ein grunn, men nokon gonger må ein også lage nye tradisjonar. Vi håpar du vil la deg inspirere av dei flotte tipsa og oppskriftene til Strømsøy og Strand. Og om du gjer det, så del det gjerne med oss på Instagram.

 

Instagram

Fortel oss kva du diskar opp med for at julefrukosten skal bli så perfekt som mogleg? Del bilde ditt med oss på Instagram ved å tagge oss @kortmat #perfektjulefrukost

 

Oppskriftene finn du også her: 

Frisk potetsalat

Lun raudbetesalat

Saftig eggerøre

Grov sennepssaus

 

Laurdag 17. desember er siste sjanse til å leite etter skjulte matskattar og lokale julegåver på Bondens marked i Førde. Med berre ei veke igjen til jul er det nemleg siste Bondens marked før julefreden kan få senke seg. Har du framleis ein del igjen på handlelista di? Ta turen innom. Her finn du både julekaker, julepølse, pinnekjøtt, spekekjøtt, lutefisk, røykelaks, syltetøy, eplejus og mykje anna godt som kan vere med på gjere jula om til ei smaksoppleving av dei sjeldne.

 

Desse produsentane stiller på Elevetorget frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Breim Gardsmat 

Ekte julepølse, hermetiske plommer og morellar, plommesyltetøy og rips- og rognebærgele.

 

Fjord Gardsmat

Smakfulle pølser, sylteflesk, geiterull, sous vide skankar og Aronia-gelè.  Krydra pølse (Julepylsa Jòlablòt), som dei sel ferdig dampa. Den steikjast litt på panna og vert herleg med brun saus, surkål, poteter og smørdampa gulrot og rosenkål.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Jevnlid Garden

Julepølser og sylteflesk. Julepølsene er laga på same oppskrift som har vore brukt på garden Jevnlid gjennom generasjoner. Sylteflesket er etter farmora deira si oppskrift, og kling med namnet farmors sylteflesk.

 

(Lista fortset under bilda)

                    bondensmarked1   bondensmarked7   bondensmarked13

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Reksta Villsau

Økologiske spekepølser av villsau i to storleikar. Dei har også med skinn av villsau og kassar/korger av rekved.

 

Svanøy Røykeri 

Tradisjonell røykelaks og forskjellige marinerte variantar, gravelaks og laksekarbonadar.

 

Sognamost 

100% rein eplejus av aroma og gravstein frå Sogn. Epla kjem frå eigen gard og nabogarder på Slinde og fruktgarder i Sogndal. Den kjem i bag-in-box pakningar på 3 og 5 liter, og den passar godt som drikke til måltider: sjømat og kylling spesielt. Nå i desse juletider kan jusen også anbefalast som alternativ julegløgg og ikkje minst som julegåve.

 

Solundmat As 

Pinnekjøtt og fenalår av villsau, spekepølse med pepparsmak, salta og tørka sauehaue, klippfisk av lange og torsk, lutefisk av lange, bacalaobitar av torsk, middagsbitar av lange og torskeloins.

 

Sverre Åmot 

Sveipa treprodukt: smykkeskrin, brødfat, korger, matboksar, pluss ein del andre fine julegåver.

 

Sørværet Villsau 

Sørværet Villsau har ikkje kjøtt igjen i år, men stiller med nydelige villsauskinn frå lam og vær. Dei har også med seg mjukt garn frå sine gammalnorske sauer.

 

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

 

Les også:

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

Dei smakfulle julegåvene og den tradisjonelle julematen finn du på Bondens marked i Førde på laurdag 10. desember. Her kan du handle kortreist julebrød, julepølse, pinnekjøtt, spekekjøtt, lutefisk, røykelaks, syltetøy, eplejus og mykje anna godt som du kan kose deg med i jula. Lokale godbitar og mjuke saueskinn kan også pakkast inn som spennande julegåver. Kanskje finn du det meste du treng til ei velsmakande jul her?

 

Desse produsentane stiller på Elevetorget frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Botnatunet Gardsmat 

Sunnfjordlefse med rømme/fløyte, kling, flatbrød, natronkaker, julebrød og grovbrød.

 

Breim Gardsmat 

Ekte julepølse, hermetiske plommer og morellar, plommesyltetøy og rips- og rognebærgele.

 

Fjord Gardsmat

Smakfulle pølser. sylteflesk, geiterull, sous vide skankar og Aronia-gelè.  Krydra pølse (Julepylsa Jòlablòt), som dei sel ferdig dampa. Den steikjast litt på panna og vert herleg med brun saus, surkål, poteter og smørdampa gulrot og rosenkål.

 

Heimtun

Økologisk kjøtt av fjordfe og gammalnorsk spel, pølse, pinnekjøtt og ferskt hjortekjøtt.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Svanøy Røykeri 

Tradisjonell røykelaks og forskjellige marinerte variantar, gravelaks og laksekarbonadar.

 

Sognamost 

100% rein eplejus av aroma og gravstein frå Sogn. Epla kjem frå eigen gard og nabogarder på Slinde og fruktgarder i Sogndal. Den kjem i bag-in-box pakningar på 3 og 5 liter, og den passar godt som drikke til måltider: sjømat og kylling spesielt. Nå i desse juletider kan jusen også anbefalast som alternativ julegløgg og ikkje minst som julegåve.

 

Solundmat As 

Pinnekjøtt og fenalår av villsau, spekepølse med pepparsmak, salta og tørka sauehaue, klippfisk av lange og torsk, lutefisk av lange, bacalaobitar av torsk, middagsbitar av lange og torskeloins.

 

Sverre Åmot 

Sveipa treprodukt: smykkeskrin, brødfat, korger, matboksar, pluss ein del andre fine julegåver.

 

Sørværet Villsau 

Sørværet Villsau har ikkje kjøtt igjen i år, men stiller med nydelige villsauskinn frå lam og vær. Dei har også med seg fine garn frå sine gammalnorske sauer.

 

Vi minner også om at det er Bondens marked på Elvetorget 17. desember.

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

 

Les også:

Konkurranse: Denne matskatten kan bli din

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

 

Kva er smaken av jul for deg? 

Svar på spørsmålet vårt og årets julegåve kan bli di.

Saman med nokon av dei beste lokalmatprodusentane vi kjenner har Kortmat laga til ei julekasse med lekker og smakfull lokalmat som vi ønsker å gi vekk til jul.

Denne spennande julekassa kan bli di ved å like Facebook-innlegget vårt og svare på spørsmålet vårt i kommentarfeltet. Om du ønsker å dele innlegget vårt er det berre kjekt, men det er ikkje noko krav for å delta.

Konkurransen er open frå onsdag 7. desember til onsdag 14. desember. Torsdag 15. desember trekker vi den heldige vinnaren opp frå nisselua slik at vi kan få levert gåva til deg før jula ringer inn. Vinnaren publiserast på Facebook-sida vår same dag.

Nyfiken på kva som er oppi?

Julekassa inneheld:

  • Møyrt fenalår frå Solundmat
  • Tre ulike variantar av spekepølse frå Kandal Kjøtt, Reksta Villsau og Sangnæs.
  • Farmors sylteflesk frå Jevnlid Gard
  • Laks frå Svanøy Røykeri
  • Eplemost og eplegløgg frå Fjordane Gardspresseri
  • Bringebærsaft frå Påldtun Frukt og Bær
  • Sjakkruter og kolakaker frå Erketunet Gardsbakeri og serinakaker frå Håjen Lefsebakeri.
  • Midtsommardraum te frå Høgt og Vilt
  • Juleblanding frå Sognefjord Sjokolade

Med ønske om ei velsmakande og god jul frå alle oss til deg!

 

Les også:

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

Lokalmat – årets julegåve til dei som har alt

Laurdag 3. desember er det Bondens marked i Florø. Det er siste gong det er Bondens marked på Torget før jul, så om ein vil handle inn gode råvarer og kortreist julemat laga på tradisjonelt vis, så er dette staden å vere laurdag.  Kanskje finn du nye eller kjende favorittar som du kan pakke inn som smakfulle julegåver eller anna knask som du og familien din kan kose dykk med i jula. Det du skulle trenge av kjøtt til sjølve julemiddagen finn du også her.

 

Desse produsentane stiller på Torget i Strandgata laurdag frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Heimtun

Økologisk kjøtt av fjordfe og gammalnorsk spel, pølse, pinnekjøtt og ferskt hjortekjøtt.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Jevnlid Garden

Julepølser og sylteflesk. Julepølsene er laga på same oppskrift som har vore brukt på garden Jevnlid gjennom generasjoner. Sylteflesket er etter farmora deira si oppskrift, og kling med namnet farmors sylteflesk.

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Reksta Villsau

Økologiske spekepølser av villsau i to storleikar. Dei har også med skinn av villsau og kassar/korger av rekved.

 

Sognefjord Sjokolade

Pralinar og forskjellige lekre blandingar av kortreist sjokolade og julegodteri.

 

Les også: 9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

Vi minner også om at det er Bondens marked på Elvetorget i Førde 10. og 17. desember.

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

  • Lokal mat er kortreist. Det betyr at når du kjøper lokal mat og drikke så bruker du kjøpekrafta di til å støtte oppom lokale bønder og produsentar og deira levebrød.
  • Det finnast faktisk kortreist konfekt. Konfekt er ofte å finne under juletreet til folk, men den treng ikkje vere eit keisamt gjensyn. Sognefjord Sjokolade har mykje spennande å velje mellom og vi kan anbefale Knutholmen Butikken sin sjokolade på det varmaste. 
  • Lokalmat er blant dei mest bærekraftige og miljøvenleg gåvene du kan gi. Den er ikkje berre kortreist, men fyller heller ikkje opp heimen med unødige gjenstandar. Etande godsaker forsvinn nokså fort.
  • Om du har funnet ein matskatt, som du ønsker å dele med dei du er glad i, er sannsynet for at dei også vil like den veldig stor.
  • Du har statistikken på di side. 1 av 4 veit nemleg ikkje kva dei ønsker seg til jul. 
  • Lokalmat er lekkert. Den er velsmakande og det perfekte supplementet til ein elles føreseieleg julegåve. Ei flaske vin er ofte ein gjengangar blant julegåvene, men blir ekstra spesiell om du til dømes kombinerer den med ei smakfull spekepølse frå Jevnlid eller verdas beste ost Kraftkar frå Tingvollost.
  • Du kan handle den på nett med godt samvit. Fleire av lokalmatprodusentane sel sine produkt på nettet. Mellom anna Sangnespølsa, Solundmat,  og Svanøylaks
  • Den passer for dei aller fleste. Der er mykje variasjon blant lokalmatprodusentane, og ein finn både søtt og salt blant sortimentet. Det kan også vere greitt å ha ei ekstra julegåve liggande i bakhand om du skulle få ei uventa gåve frå nokon, slik har du alltid noko på lur som du kan gi tilbake.
  • Den kan delast med fleire. Og er det ikkje det vi ønsker å gjere i jula? Å dele med dei vi har rundt oss og å ha det fint i lag? Ein kan ikkje trå feil med noko godt i pakkane og på bordet.

Les også: Gi ei unik matoppleving i gåve

 

Jula er nok ein gong like om hjørnet og det er på tide å tenkje på kva ein skal kjøpe i gåve til kjære og kjente: familie, venner, arbeidskollegaer og tilsette. Men det er ikkje alltid like lett å finne ut kva ein skal gi til dei som har “alt”. Derfor har Kontorspar i Førde satsa på lokalmat frå bønder i Sogn og Fjordane som årets julegåve.

Saman med bønder og lokalprodusentar har dei plukka ut det beste som fylket vårt sine fjordar og fjell har og by på av lokale matgleder. Utvalet finn du både i butikken og nettbutikken deira, så julegåvene kan du bestille på nett i år med godt samvit.

Kortreist, bærekraftig og velsmakande mat er god grunn til å handle lokalt. Vi har all grunn til å støtte opp om bøndene i dette fylket, seier Astrid Systad, dagleg leiar hos Kontorspar.

Eplegløgg frå Fjordane Gardspresseri, konfekt frå Sognefjord Sjokolade, tradisjonell einerøykt laks frå Svanøy og spekepølse av storfe frå Jevnlid, er berre nokre av dei kulinariske godbitane ein finn i nettbutikken deira. I tillegg til enkelt produkt, har dei også samansette gåvepakkar om ein vil gjere ekstra stor stas på nokon. Kva overraskingar som gøymer seg i gåvepakkane kan du sjå her. Og heile utvalet deira finn du her.

Midtsommardraum te frå høgt og vilt

srgb_produkt_8

Konfekt frå Sognefjord Sjokolade

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lokalmat som julegåve er populært blant bedrifter, men Systad fortel at også privatpersoner er innom butikken deira for å handle lokale julegåver.

Sjølv om det ikkje er så mange som har begynt det store innkjøpet enno, så har eg trur på at salet vil auke fram mot jul, slår ho fast.

Det er derfor lurt å vere tidleg ute når ein først skal handle noko som er unik og lokalt vs. produsert i overflod. Og når ein først er innom butikken deira kan det også vere fristande å gjere nokon juleinnkjøp til seg sjølv. Vi kan mellom anna anbefale kolakaker eller sjakkrutet frå Erketunet Gardsbakeri. Det er kanskje det nærmaste ein kjem heimelaga utan å lage det sjølv, samstundes som to av sju sorter er sikra utan så mykje som eit par tastetrykk.

Eit tilbod for alle

Lokalmat som julegåve er eit tilbod for alle. Kontorspar pakkar gåvene inn i fine gåveesker og leverer dei til deg til avtalt tid. Dei heldigaste, bedrifter i Sunnfjord, Ytre Sogn, Fjaler, Askvoll, Flora og Jølster, får pakkane frakta utan kostnad. Medan dei som held til i andre deler av fylket, samt, elles i landet, må betale posten sine satsar for bedriftspakke dør-til-dør. Siste bestillingsfrist er 1. desember. 

Privatpersonar kan bestille gåvene på nett, for så å hente og betale i butikk i veke 50 og 51.

Du kan ta kontakt med Astrid Systad på tlf.57 82 74 10 dersom du har spørsmål.

Gå til nettbutikken her

Er du produsent og ønsker å selge varene dine på nett?  Kortmat hjelper deg med å drive årets julekampanje

No nærmar det seg juletider og her kan du sjå datoar for når det er markedsdagar i Sogn & Fjordane i desember:

 

  • 03.desember
    Torget i Florø

  • 10.desember
    Elvetorget i Førde

  • 17.desember
    Elvetorget i Førde

 

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/