Eit av føremåla som Kortmat jobbar med er å gjere lokal mat meir tilgjengeleg på nett. Dette gjer vi mellom anna ved å lage nettsider med integrert nettbutikk til lokale matprodusentar. Det er sjelden vi skryt over eige arbeid, men vi vil gjerne gjere det litt no slik at du har moglegheit til å bli kjent med det siste utvalet av lokal mat på nett her:

 

Nasjonal turistveg Gaularfjellet: Gaularfjell.no

På nettsida Gaularfjell finn du herleg lokal mat kombinert med norsk natur og kortreist ferie. Gjennom utvikling av denne sida har vi vore så heldige å bli kjend med nasjonal turistveg Gaularfjellet, og vi er no veldig freista til å utforske denne strekninga ved første høve. Langs denne vegen er det mellom anna rikeleg med vakre naturopplevingar, gode historier, utsøkte lokale smakar og spennande oppdagingar som ventar.

Besøk gjerne sida deira og planlegg din neste tur her. Du kjem ikkje til å angre!

 

Norsk Hjortesenteret: hjortesenteret.no

Den nye nettsida til Norsk Hjortesenter vil nok glede mange som er interessert i hjort, vilt, jakt og råvarer av ypparste kvalitet. Nettsida har ein eigen nettbutikk kor du kan kjøpe bankebiff, flatbiff, entrecôte, heilt slakt av hjort og mykje anna godt, pluss utstyr til slakt av hjort. Sida deira inneheld også ei oversikt over kurs og events som dei tilbyr, og ein Hjorteblogg der du kan lese relevante nyhende og innlegg frå Norsk Hjortesenter.

Ta turen innom Norsk Hjortesenter på nett her!  

 

Sangnæs Pølsa: sangnespolsa.no

Den historiske Sangnæspølsa har fått si eiga nettside der du kan kjøpe den spesialitetsmerka pølsa i nettbutikken deira. Her kan du velje mellom heil pølse, skiva eller snabb. Dei sender over heile landet og tilbyr gratis frakt på ordre over kr. 600.

Handl Sangnæspølsa her.

 

Toten Kjøtt: totenkjott.no

Toten Kjøtt er ein levarøndør av ferske og spekede matvarer på Østlandet. Dei har fått ei heilt ny nettside med integrert nettbutikk kor du kan handle eit utval av deira smakfulle spesialitetar som biffsalami, reinsdyrpølse, Totenpølse og viltpølse.

Høyrest det freistande ut? Handl i nettbutikken deira her.

 

Lokal mat på kartet
Kortmat er alltid på skattejakt blant god lokalprodusert mat & drikke, og spennande reiseopplevingar. Vi vil gjerne vere med å sette di bedrift og dine produkt på kartet. Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod på post@kortmat.no.

Foto: Pralina i Ålesund har forma flotte påskeegg og påskeharar av sjokolade.

 

Det nærmar seg påske, påskegodt, påskeegg, fjell- og hyttekos. Dette er tida då vi kanskje puttar i oss meir godteri enn i jula. Kanskje blir det priskrig på smågodt og kvikklunsj på tur, men om du ønsker å prøve lokal sjokolade denne påska, så veit vi kor du finn den. Det begynner nemleg å bli ein del lokale versjonar av Willy Wonka her til lands. Så kvifor ikkje ta med nokre av desse lokale godbitane inn i påska?

Obs! Før vi tek for oss lista vil vi berre seie at det er ikkje alle produkta som er like enkle å få tak i. Det er nemleg ikkje alle som har nettbutikk. Men om du ikkje finn dei på nett, så er du kanskje så heldig at du skal forbi ein av desse stadane på veg til fjellet og/eller hytta?

Geiranger Sjokolade

Ved vakre Geirangerfjord finn ein eit tidlegare båthus som no er ein spennande sjokoladefabrikk. Der lagar dei mellom anna smakfulle sjokoladebitar med olivenolje og havsalt, nøtter, aprikos, blåmuggost, jordbær, bringebær, blåbær, chili, akevitt og whisky. Og favoritten blant dei reisande er visst ein sjokolade med brunost.

Om du er i nærleiken av Geirangerfjorden i påska, anbefaler vi at du tek turen innom. Geiranger sjokolade kan ein også kjøpe hos Stangeriet i Mathallen Oslo, Bakar Jon i Byrkjelo, Skikkelig Mat Sartorsenter utanfor Bergen, Porsgrund Outlet på Devoldfabrikken utanfor Ålesund, Travel Value Shopen på Vigra Flyplass, Smak i Lom, Mætt & Go i Kristiansund,  og Monicas Godteributikk i Bodø. Facebook-sida deira held deg elles oppdatert på kva som skjer i Geiranger Sjokolade si verd.

 

FJORDNÆR: Gerianger Sjokolade ligg vakkert til like ved Geirangerfjorden.  Foto: Geiranger Sjokolade

 

Knutholmen «Butikken»

Fredag 7. april opnar Knutholmen i Kalvåg ein heilt ny butikk som har eit breitt utval av varer innanfor interiør, gåver, lokalt brygg, handlaga sjokolade og mykje meir. Det er Martine og Martin frå Knutholmen som står for produksjonen av konfekten. Den blir laga i ei gammal sjøbu som heiter Sjøholt. Der har dei eit lite produksjonskjøkken kor dei blandar saman det beste av det beste, Valrhona-sjokolade, med sjølvlaga fyll utan konserveringsmidlar. Konfekten kjem i 12 forskjellige smakar og vil variere med sesong og tilgang. Dei har alt frå karamell og ganacher til ulike bærfyll, og sjokoladen er signert med Knutholmen sitt eige mønster. “Butikken”  held forresten også opent i påskehelga. Meir info og opningstider finn du her.

 

Meium Sjokolade

Meium Sjokolade er ein økologisk konfektfabrikk i Selbu kommune som lagar “tradisjonell nordisk konfekt” med mellom anna bjørk og einer, lokalt øl, molter, tindved, tyttebær, blåbær og blåmuggost frå Selbu Meieri (Selbu Blå), seterbrunost, gulrot, og tørka elgkjøtt eller reinkjøtt. Fabrikken gjekk i fjor av med prisen for årets nykommar med sin konfektsjokolade med gelé på ølsortar frå lokale bryggeri på Trøndersk Matfestival. I tillegg til sjokoladar av mange variantar, tilbyr dei også ein konfektmeny som passer til lokale og særprega øltypar. Dei sel sjokoladen sin på Bondens marknad og norske matfestivalar, og via eigen nettbutikk. På nettsida deira finn du også ei oversikt over utsalsstader for produkta deira.

 

Pralina i Ålesund

Hos Pralina på Emblem i  Ålesund får du kjøpt handlaga sjokolade direkte frå fabrikken. Sjokoladen er støypt for hand og laga etter eigne oppskrifter med lokale råvarer som mellom anna jordbær og bringebær frå Valldal, lokal honning og havsalt frå Gossen. I tillegg har dei sjokolade med flytande karamell, mokka og ikkje minst no til påske; marsipankonfekt med nougat! Pralina har sjølvsagt eigne påskeeegg med påskeharar og egg av ulik sjokolade. Ei oversikt over nokre forhandlarar finn du her.

 

Pralin Sjokoladeverkstad på Sandnes

Pascal Bulinckx er ein belgisk «chocolatier» og saman med Kone Mari R Andersen driv han Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes. Der lagar dei konfekt av den berømte belgiske sjokoladen Callebaut fra Belgia, eller praliner som dei kallar dei. I tillegg til Pralin melkesjokolade, mørk og lys sjokolade, har dei også sjokolade med fruktpuré av blåbær, pasjonsfrukt, bringebær og mango. All sjokoladen er handlaga med ferske naturlege ingrediensar, 100% kakaosmør og ingen konserveringsmidlar. Sjokoladen deira kan du kjøpe via nettbutikken deira, eller om du er i Sandnes kan du ta turen innom butikken og kaféen deira i Langegata 34.

 

PRALIN: Sjokoladen til Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes får du kjøpt både på nett og i butikken deira. Foto: Pralin Sjokoladeverskstad

 

Sjokoladesalongen i Vestfossen

Sjokoladesalongen i Vestfossen kan skilte med belgisk sjokolade, ferske råvarer og Norges beste konditor som nyleg vart krona under Konditor NM på smaksmessa på Lillestrøm. Dei har herlege sjokoladebitar med silkemjukt fyll utan noko form for konserveringsmidlar. Sjokoladetrøfler og sjokoladebrekk er blant sortimentet. Produkta finn du i kaféen og sjokoladebutikken deira i Vestfossen, storgata 61, og i ein del butikkar/gardsbutikkar kor Eventyrsmak sel varene sine.

 

Sognefjord Sjokolade

Sognefjord Sjokolade er ein sjokoladefabrikk i Marifjøra ved Sognefjorden driven av Paul og Franka Fransen. Dei hentar inspirasjon frå omgivnaden ved Sognefjorden og smeltar saman dei gode smakane frå lokale ingrediensar i Luster med belgisk sjokolade. Du finn mellom anna jordbær og bringebær frå Bollingberg Gard, eplejus frå Kroken Frukt og Bær, pærejus frå Eplet Bed & Apple og honning frå Lustrahonning i sjokoladebitane deira. Dei har eige sjokoladeutsal frå Kafe Marifjøra, og sjokoladen deira er også å få tak i hos Bakar Jon, Coop Extra Førde, Coop Extra Stryn, Lustrabui Sogndal og Lustrabui Luster.

 

Påskekonkurranse

Saman med Geiranger Sjokolade, Knutholmen “Butikken”, Pralin Sjokoladeverkstad, Pralina og Sognefjord Sjokolade har vi laga til ei påskeoverrasking med lokale godbitar som kan bli di. Delta i konkurransen på Facebook-sida vår!

Svolten på noko godt å strøyme? Kortmat har skumma igjennom Netflix og NRK TV-App, og sanka saman eit lite “smörgåsbord” av kortreiste og langreiste dokumentarar og seriar som er verdt å få med seg. Her finn du mellom anna mat frå Norden og verdas hjørner, insekt, gourmet og saké på menyen.  

 

Kortreist frå NRK TV-app

 

1. Biebbmo – samiske mattradisjoner (2014)

Svensk dokumentar. Biebbmo er det lulesamiske ordet for mat. Men kva er samisk mat? Og kvifor er den så viktig å bevare? Matambassadør Greta Huuva loser oss gjennom eit heilt år i det samiske landskapet, som også er samene sitt tradisjonelle spiskammer. Blant forsommerens delikatesser finner vi nye bjørkeskudd, kvannen som spirer ved bekkane, og bark frå furu. Seinare er det moltene som sankast frå myrane. Hausten er slaktetid, og deretter følger jakt på både elg og fugl.

 

2. Insekt som middag (2016)

Dansk dokumentar. Etande insekt er ifølge FN ein ressurs som kan bidra til å motverke sult i verda. Kokkar og gastronomar framhevar den gode smaken, og det er både miljøvennleg og næringsrikt. Forskerane og kokkene på Nordic Food Lab i København har reist rundt i verda for å samle kunnskap om korleis insekt allereie brukast som mat i mange samfunn. Men vil industrielt produserte insekt smake like godt? Og er mat laga av insekt eit symptom på ei krise eller løysinga på den?

 

3. Skandinavisk mat (2015)

Australsk matserie. Ein matrevolusjon er over Skandinavia. Australske Adam Liaw reiser nordover for å bli kjend med nordisk mat, historie, kultur og framtida for nordisk matlaging. Første stopp er København, der han lærer kunsten å lage ein perfekt kopp dansk kaffe. Vidare i serien utforskar han våre nordlegaste trakter. Han besøker restaurant Huset i Longyearbyen, tilbereder gravlaks i ei Moelven-brakke og er innom Svalbard sitt globale frøhvelv. Serien byr på mange mateventyr i Norden, samisk tradisjonell mat, krabbefisking i Bergen og eit innblikk i kva som rører seg i kulissane til den grensesprengande Michelin-restauranten Maeemo i Oslo.

 

 

 4. Utan mat og drikke (2015)

Norsk dokumentar. Kan vi leve av berre norsk mat? Ida og familien hennar prøvar i ein heil månad. Dei må kutte ut kaffi, sukker og all ferdigmat, og brøda må vere av surdeig. Dessutan dyrkar dei potetar, har høner i hagen og lagar sukkerfritt syltetøy frå eigne bær. Vi møter norske bønder, kokkar og ekspertar innan matproduksjon og samfunnssikkerheit som kan fortelje meir om norsk mat. Men er eit heilnorsk kosthald betre for oss, og har vi nok mat i Norge om importen brått skulle bli forhindra?

 

 

Langreist frå Netflix

 

 5. Chef’s Table & Chef’s Table – Frankrike (2015-)

Chef’s Table er kanskje ein av dei mest kjende matdokumentarseriane på Netflix. Kvar episode tek for seg ‘etosen’ til nokon av verdas mest begava, esentriske og visjonære kokkar som Dan Barber og Francis Mallmann. Til tider er den litt vel pompøs, men likevel ei av dei store matopplevingane på straumen. Rettane er som kunstverk å rekne, og like mykje eit syn for auge, som ein smaksfest for ganen om vi skal tru lovorda frå verdas matelite.  

Chef’s Table er no også ute med ein eigen fransk versjon: Chef’s Table – Frankrike der ein blir kjend med nokon av dei mest revolusjonerande mesterkokkane til det franske kjøkkenet.

 

 6. Cooked (2016-)

Cooked er ein mini-dokumentarserie der vi følgjer den anerkjende matskribenten Michael Pollan på ei reise gjennom ulike element som har revolusjonert maten vi spis. Serien har totalt fire episodar, og kvar episode tek for seg eit av dei fysiske elementa som har blitt brukt til å forvandle rå ingrediensar til delikate retter: ild, vatn, luft og jord. Pollan prøvar seg på baking, brygging, og bresering, og utforskar korleis matlaging forandrar og formar verda vår.

 

7. The Birth of Saké (2015)

Ein cinematisk dokumentar som gir eit innblikk i livene til handverkerane ved Yoshida-bryggeriet, eit 144 år gamalt familieeigd bryggeri i Nord-Japan. Dei legg entusiasme og erfaring til grunn når dei lagar saké i verdsklasse.

 

 

8. The Mind of a Chef (2012 – )

I dokumentarserien “The Mind of a Chef” inviterer David Chang deg med på ei matreise utan like for å vise kva som har inspirert han og matlaginga hans. Her er stor variasjon på menyen, frå Ramen-nudlar i Japan til fideo og salta torskeomelett i Spania. Serien blandar saman matlaging, reise, vitenskap og historie, og viser fram oppskrifter som kan reproduserast heime, spennande restauranter, gode historier og eksperimentering med mat i stor stil.

 

Har vi gått glipp av din matfavoritt på straumen? Tips oss i kommentarfeltet under.