, ,

Slik lagar du den perfekte julefrukosten

Jula er ei tid då mange av oss samlast rundt bordet med god mat og drikke. Som oftast er det sjølve julemiddagen som får det meste av merksemda når det kjem til kor mykje hjarte og sjel vi legg i førebuinga. Men kva med å gjere julefrukosten om til ei smaksoppleving også?

Kortmat har spurt lokalmatentusiastane og kokkane Kent Ole Strømsøy og Sondre Strand, frå Hjørnevikbua i Florø, om korleis ein lagar til den perfekte frukosten denne jula. Så om det ikkje ikkje allereie er ein fast tradisjon hos deg, så kan det kanskje bli det? Ein treng nemleg ikkje å bruke timesvis på kjøkkenet for å nyte ein førsteklasses frukost som er rik på herlege lokale smakar med desse tipsa her.

Vel gode råvarer.

For å verkeleg kjenne på dei gode smakane er det viktig å velje råvarer av god kvalitet. Om du gjer det, så er mykje av jobben unnagjort. Mange dyktige lokalmatprodusentar har allereie gjort mesteparten av strevet for deg ved å legge ned tid og kjært handtverk i maten dei lagar. Hugs at det er betre å velje få gode råvarer framfor fleire middelmåtige.

Prioriter julepålegget.

Til ein julefrukost er det lurt å prioritere julepålegget som ein ikkje brukar så mykje av resten av året, slik som sylteflesk, lammerull, kjerull, julesild, røykelaks eller gravlaks, og sjølvsagt herlege bakevarer og ekte smør. Her er det ein smakssak kva ein vel av pålegg, men det er viktig å tenke på heile smaksbilde: salt, søtt, syrleg og bittert, eventuelt umami for den vidarekomne. Smak deg fram og sett saman dine favorittar til frukosten.

 

Umami

Umami er den hemmelege smaken, også kalla den femte smak, ved sidan av salt, søtt, syrleg og bittert. På japansk betyr umami ”velsmakande” og ein finn den blant anna i proteinrike matvarer som kjøtt og meieriprodukt, i moden ost, sopp, tomatar og surkål.

 

Alternativ handleliste (som vi hadde til julefrukosten til Kortmat):

  • Tradisjonell einebærrøykt laks frå Svanøy
  • Spekepølse frå Reksta Villsau
  • Egg frå Færøy Gard
  • Sylteflesk og kjerull av kasjmirgeit frå Fjord Gardsmat
  • Verdas beste ost Kraftkar frå Tingvollost (du finn den blant anna hos Lille Marked i Florø)
  • Knekkebrød og blåbærsyltetøy frå Håjen Lefsebakeri
  • Solsikkebrød og julebrød frå Florø Bakeri
  • Gardsmost frå Fjordane Gardspresseri

 

 

Kombiner med noko enkelt, men smakfullt.

Det er også noko spesielt med det du lagar frå botn av, og det treng ikkje ta lang tid for at det skal bli bra. Kva med ein syrleg og frisk potetsalat, ein lun raudbetesalat, saftig eggerøre og ein grov sennepssaus som komplimenterer smakane i julepålegget?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ver tålmodig med eggerøra!

Det er fort gjort å tenke at eggerøre er ei enkel sak, men mange har ein tendens til å steike den på for høg varme slik at den blir tørr. Om du skal lage eggerøre, ver forsiktig med varmen. Følg instruksane i denne oppskrifta, og du får ei lett og kremaktig røre som er glimrande til røykelaks.

Fordel arbeidsoppgåvene.

 Julefrukosten kan gjerne starte før ein setter seg til bords. Det kan vere både sosialt og koseleg å gjere klar frukosten i lag. Ein får ikkje berre meir tid saman, men sparar også endå meir tid på sjølve førebuinga.

Bruk middagsrestane.

Det er i jula at vi nordmenn kastar mest mat, så bruk gjerne restane frå julemiddagen. Kald ribbe og pinnekjøtt eignar seg også som pålegg, og rødkål og surkål smakar ypparleg til sylteflesk og lammerull.

Hald på tradisjonane, men ikkje ver redd for å prøve noko nytt.

Tradisjon er tradisjon av ein grunn, men nokon gonger må ein også lage nye tradisjonar. Vi håpar du vil la deg inspirere av dei flotte tipsa og oppskriftene til Strømsøy og Strand. Og om du gjer det, så del det gjerne med oss på Instagram.

 

Instagram

Fortel oss kva du diskar opp med for at julefrukosten skal bli så perfekt som mogleg? Del bilde ditt med oss på Instagram ved å tagge oss @kortmat #perfektjulefrukost

 

Oppskriftene finn du også her: 

Frisk potetsalat

Lun raudbetesalat

Saftig eggerøre

Grov sennepssaus

,

Frisk potetsalat

Enkel å lage, og frisk og syrleg på smak. Denne potetsalaten med vintereple og sylteagurk er nydeleg attåt spekemat, lammerull og røykelaks. Komplimenter den også med ein søt raudbetesalat og dei andre oppskriftene på bloggen vår, og julefrukosten blir komplett. 

 

Du treng:

8-10 stk. kokefaste poteter

1/3 purreløk i tynne ringer

1 norsk vintereple i små terningar

150 g grovhakka sylteagurk

½ dl sylteagurklake

2,5 dl seterrømme

5 ss majones

salt og pepar

 

Slik gjer du det:

Til dressingen blandar du saman rømme, majones og sylteagurklake. Smak til med salt og pepar.

Bland deretter resten av ingrediensane saman med dressingen. Smak til ein siste gong om den treng meir salt og pepar.

Pynt med rød karse.

 

Lyst på fleire oppskrifter eller tips til korleis du lagar til ein perfekt julefrukost?

 

Les også: 

Slik lagar du den perfekte julefrukosten 

Saftig eggerøre

Lun raudbetesalat

Grov sennepssaus

,

Lun raudbetesalat

Gjer litt ekstra stas ut av frukosten i jula. Denne smakfulle raudbetesalaten passer godt til sylteflesk, kjerull og spekemat. Den gir ein søtleg og fin balanse til feittet og kryddersmakane i julepålegget.

 

Du treng:

500 g raudbetar

2 ss lynghonning

2 ss rapsolje

Grovsalt

100 g rista hasselnøtter

Grovhakka bladpersille

 

Slik gjer du det:

Vask raudbetane godt! Skallet skal vere på under steiking i omnen.

Bland saman heile betar og rapsolje slik at dei får eit godt lag med olje rundt seg. Vend inn grovsalt, ca. 1 god neve og steik betane på 175 grader i ca. 45 min til 1 time.

Medan betane er i omnen kan du også riste hasselnøttene på same temperatur til dei har fått ein gyllen farge og skallet dett av. Hasselnøttene skal grovhakkast, men spar gjerne litt heile nøtter til pynt.

Når betane er møre og skallet glir lett av kan ein reinske dei. Kutt betane i rustikke terningar, ca. 1,5-2 cm. Bland inn lynghonning, hasselnøtter og persille.

Pynt med heile hasselnøtter og litt persille på toppen.

 

Voilà!

 

Lyst på fleire oppskrifter eller tips til korleis du lagar til ein perfekt julefrukost?

 

 

Les også: 

Slik lagar du den perfekte julefrukosten 

Frisk potetsalat

Saftig eggerøre

Grov sennepssaus

,

Saftig eggerøre

Mange av oss har ein tendens til å steike eggerøra på for høg varme slik at den blir tørr, men om du er tålmodig med varmen får du ei luftig og saftig eggerøre som er glimrande til røykelaks.

 

Du treng:

6 egg frå Færøy Gard

1 dl fløyte

Salt (Begynn med ca. 1/2 ts, og smak til)

1 ss crème fraiche (valfritt)

 

Slik gjer du det:

Visp saman ingrediensane. Steik på middels varme. Ta gjerne panna du lager eggerøra i av og på plata slik at du har betre kontroll på når den er ferdig.

Om du ønsker ei ekstra saftig eggerøre, kan du tilsette  1 ss crème fraiche heilt på slutten før avkjøling.

Ha klart eit brett som du kan fordele eggerøra på slik at steikeprosessen stoppar så fort du tek den av plata.

 

Lyst på fleire oppskrifter eller tips til korleis du lagar til ein perfekt julefrukost?

 

Les også: 

Slik lagar du den perfekte julefrukosten 

Frisk potetsalat

Lun raudbetesalat

Grov sennepssaus

,

Grov sennepssaus

Denne fyldige sennepssausen er ein modig vekkar og den perfekte medsamansvorne til julefrukosten. Den gir sylteflesket og kjerullen ein ekstra piff, og er klar på under kvarteret.

 

Du treng:

0,5 dl grov dijonsennep

0,5 dl Dijonsennep

Ca. 0,25 dl rapsolje

1 liten finhakka sjalottløk

1 ss finhakka bladpersille

1 ts sukker

 

Slik gjer du det:

Bland saman dei to forskjellige sennepane. Ha i finhakka persille, sjalottløk og sukker. Spe deretter med god rapsolje til den tjuknar. Den skal vere litt fyldig slik at den passar saman med sylteflesket og rullen.

 

Bon appétit!

 

Lyst på fleire oppskrifter eller tips til korleis du lagar til ein perfekt julefrukost?

 

 

Les også: 

Slik lagar du den perfekte julefrukosten 

Frisk potetsalat

Lun raudbetesalat

Saftig eggerøre

,

Siste Bondens marked i Førde før jul

 

Laurdag 17. desember er siste sjanse til å leite etter skjulte matskattar og lokale julegåver på Bondens marked i Førde. Med berre ei veke igjen til jul er det nemleg siste Bondens marked før julefreden kan få senke seg. Har du framleis ein del igjen på handlelista di? Ta turen innom. Her finn du både julekaker, julepølse, pinnekjøtt, spekekjøtt, lutefisk, røykelaks, syltetøy, eplejus og mykje anna godt som kan vere med på gjere jula om til ei smaksoppleving av dei sjeldne.

 

Desse produsentane stiller på Elevetorget frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Breim Gardsmat 

Ekte julepølse, hermetiske plommer og morellar, plommesyltetøy og rips- og rognebærgele.

 

Fjord Gardsmat

Smakfulle pølser, sylteflesk, geiterull, sous vide skankar og Aronia-gelè.  Krydra pølse (Julepylsa Jòlablòt), som dei sel ferdig dampa. Den steikjast litt på panna og vert herleg med brun saus, surkål, poteter og smørdampa gulrot og rosenkål.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Jevnlid Garden

Julepølser og sylteflesk. Julepølsene er laga på same oppskrift som har vore brukt på garden Jevnlid gjennom generasjoner. Sylteflesket er etter farmora deira si oppskrift, og kling med namnet farmors sylteflesk.

 

(Lista fortset under bilda)

                    bondensmarked1   bondensmarked7   bondensmarked13

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Reksta Villsau

Økologiske spekepølser av villsau i to storleikar. Dei har også med skinn av villsau og kassar/korger av rekved.

 

Svanøy Røykeri 

Tradisjonell røykelaks og forskjellige marinerte variantar, gravelaks og laksekarbonadar.

 

Sognamost 

100% rein eplejus av aroma og gravstein frå Sogn. Epla kjem frå eigen gard og nabogarder på Slinde og fruktgarder i Sogndal. Den kjem i bag-in-box pakningar på 3 og 5 liter, og den passar godt som drikke til måltider: sjømat og kylling spesielt. Nå i desse juletider kan jusen også anbefalast som alternativ julegløgg og ikkje minst som julegåve.

 

Solundmat As 

Pinnekjøtt og fenalår av villsau, spekepølse med pepparsmak, salta og tørka sauehaue, klippfisk av lange og torsk, lutefisk av lange, bacalaobitar av torsk, middagsbitar av lange og torskeloins.

 

Sverre Åmot 

Sveipa treprodukt: smykkeskrin, brødfat, korger, matboksar, pluss ein del andre fine julegåver.

 

Sørværet Villsau 

Sørværet Villsau har ikkje kjøtt igjen i år, men stiller med nydelige villsauskinn frå lam og vær. Dei har også med seg mjukt garn frå sine gammalnorske sauer.

 

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

 

Les også:

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

,

Bondens marked i Førde 10. desember

Dei smakfulle julegåvene og den tradisjonelle julematen finn du på Bondens marked i Førde på laurdag 10. desember. Her kan du handle kortreist julebrød, julepølse, pinnekjøtt, spekekjøtt, lutefisk, røykelaks, syltetøy, eplejus og mykje anna godt som du kan kose deg med i jula. Lokale godbitar og mjuke saueskinn kan også pakkast inn som spennande julegåver. Kanskje finn du det meste du treng til ei velsmakande jul her?

 

Desse produsentane stiller på Elevetorget frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Botnatunet Gardsmat 

Sunnfjordlefse med rømme/fløyte, kling, flatbrød, natronkaker, julebrød og grovbrød.

 

Breim Gardsmat 

Ekte julepølse, hermetiske plommer og morellar, plommesyltetøy og rips- og rognebærgele.

 

Fjord Gardsmat

Smakfulle pølser. sylteflesk, geiterull, sous vide skankar og Aronia-gelè.  Krydra pølse (Julepylsa Jòlablòt), som dei sel ferdig dampa. Den steikjast litt på panna og vert herleg med brun saus, surkål, poteter og smørdampa gulrot og rosenkål.

 

Heimtun

Økologisk kjøtt av fjordfe og gammalnorsk spel, pølse, pinnekjøtt og ferskt hjortekjøtt.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Svanøy Røykeri 

Tradisjonell røykelaks og forskjellige marinerte variantar, gravelaks og laksekarbonadar.

 

Sognamost 

100% rein eplejus av aroma og gravstein frå Sogn. Epla kjem frå eigen gard og nabogarder på Slinde og fruktgarder i Sogndal. Den kjem i bag-in-box pakningar på 3 og 5 liter, og den passar godt som drikke til måltider: sjømat og kylling spesielt. Nå i desse juletider kan jusen også anbefalast som alternativ julegløgg og ikkje minst som julegåve.

 

Solundmat As 

Pinnekjøtt og fenalår av villsau, spekepølse med pepparsmak, salta og tørka sauehaue, klippfisk av lange og torsk, lutefisk av lange, bacalaobitar av torsk, middagsbitar av lange og torskeloins.

 

Sverre Åmot 

Sveipa treprodukt: smykkeskrin, brødfat, korger, matboksar, pluss ein del andre fine julegåver.

 

Sørværet Villsau 

Sørværet Villsau har ikkje kjøtt igjen i år, men stiller med nydelige villsauskinn frå lam og vær. Dei har også med seg fine garn frå sine gammalnorske sauer.

 

Vi minner også om at det er Bondens marked på Elvetorget 17. desember.

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

 

Les også:

Konkurranse: Denne matskatten kan bli din

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

 

,

Konkurranse: Denne matskatten kan bli din

Kva er smaken av jul for deg? 

Svar på spørsmålet vårt og årets julegåve kan bli di.

Saman med nokon av dei beste lokalmatprodusentane vi kjenner har Kortmat laga til ei julekasse med lekker og smakfull lokalmat som vi ønsker å gi vekk til jul.

Denne spennande julekassa kan bli di ved å like Facebook-innlegget vårt og svare på spørsmålet vårt i kommentarfeltet. Om du ønsker å dele innlegget vårt er det berre kjekt, men det er ikkje noko krav for å delta.

Konkurransen er open frå onsdag 7. desember til onsdag 14. desember. Torsdag 15. desember trekker vi den heldige vinnaren opp frå nisselua slik at vi kan få levert gåva til deg før jula ringer inn. Vinnaren publiserast på Facebook-sida vår same dag.

Nyfiken på kva som er oppi?

Julekassa inneheld:

  • Møyrt fenalår frå Solundmat
  • Tre ulike variantar av spekepølse frå Kandal Kjøtt, Reksta Villsau og Sangnæs.
  • Farmors sylteflesk frå Jevnlid Gard
  • Laks frå Svanøy Røykeri
  • Eplemost og eplegløgg frå Fjordane Gardspresseri
  • Bringebærsaft frå Påldtun Frukt og Bær
  • Sjakkruter og kolakaker frå Erketunet Gardsbakeri og serinakaker frå Håjen Lefsebakeri.
  • Midtsommardraum te frå Høgt og Vilt
  • Juleblanding frå Sognefjord Sjokolade

Med ønske om ei velsmakande og god jul frå alle oss til deg!

 

Les også:

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

Lokalmat – årets julegåve til dei som har alt

,

Smakfulle gåver og kortreist julemat på Bondens marked

Laurdag 3. desember er det Bondens marked i Florø. Det er siste gong det er Bondens marked på Torget før jul, så om ein vil handle inn gode råvarer og kortreist julemat laga på tradisjonelt vis, så er dette staden å vere laurdag.  Kanskje finn du nye eller kjende favorittar som du kan pakke inn som smakfulle julegåver eller anna knask som du og familien din kan kose dykk med i jula. Det du skulle trenge av kjøtt til sjølve julemiddagen finn du også her.

 

Desse produsentane stiller på Torget i Strandgata laurdag frå kl. 10.30 til 15.00:

 

Heimtun

Økologisk kjøtt av fjordfe og gammalnorsk spel, pølse, pinnekjøtt og ferskt hjortekjøtt.

 

Håjen

Sunnfjordlefse, kaffilefse, fiskebrød, flatbrød, natronkaker og potetkaker.

Søte julekaker som sirupsnippar, serinakaker, krumkaker og sandnøtter.

Syltetøy og gelé av frukt og bær frå eigen hage, og moltesylte og blåbærsylte av sjølvplukka bær.

 

Jevnlid Garden

Julepølser og sylteflesk. Julepølsene er laga på same oppskrift som har vore brukt på garden Jevnlid gjennom generasjoner. Sylteflesket er etter farmora deira si oppskrift, og kling med namnet farmors sylteflesk.

 

Kandal Kjøtt

Pinnekjøtt, spekepølse og spekekjøtt av geit, julepølse, dampepølse, kvitløkspølse, kjerull og sylteflesk.

 

Reksta Villsau

Økologiske spekepølser av villsau i to storleikar. Dei har også med skinn av villsau og kassar/korger av rekved.

 

Sognefjord Sjokolade

Pralinar og forskjellige lekre blandingar av kortreist sjokolade og julegodteri.

 

Les også: 9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

 

Vi minner også om at det er Bondens marked på Elvetorget i Førde 10. og 17. desember.

Kontaktperson: Gro Sveen (forde@bondensmarked.no)
http://bondensmarked.no/

,

9 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

  • Lokal mat er kortreist. Det betyr at når du kjøper lokal mat og drikke så bruker du kjøpekrafta di til å støtte oppom lokale bønder og produsentar og deira levebrød.
  • Det finnast faktisk kortreist konfekt. Konfekt er ofte å finne under juletreet til folk, men den treng ikkje vere eit keisamt gjensyn. Sognefjord Sjokolade har mykje spennande å velje mellom og vi kan anbefale Knutholmen Butikken sin sjokolade på det varmaste. 
  • Lokalmat er blant dei mest bærekraftige og miljøvenleg gåvene du kan gi. Den er ikkje berre kortreist, men fyller heller ikkje opp heimen med unødige gjenstandar. Etande godsaker forsvinn nokså fort.
  • Om du har funnet ein matskatt, som du ønsker å dele med dei du er glad i, er sannsynet for at dei også vil like den veldig stor.
  • Du har statistikken på di side. 1 av 4 veit nemleg ikkje kva dei ønsker seg til jul. 
  • Lokalmat er lekkert. Den er velsmakande og det perfekte supplementet til ein elles føreseieleg julegåve. Ei flaske vin er ofte ein gjengangar blant julegåvene, men blir ekstra spesiell om du til dømes kombinerer den med ei smakfull spekepølse frå Jevnlid eller verdas beste ost Kraftkar frå Tingvollost.
  • Du kan handle den på nett med godt samvit. Fleire av lokalmatprodusentane sel sine produkt på nettet. Mellom anna Sangnespølsa, Solundmat,  og Svanøylaks
  • Den passer for dei aller fleste. Der er mykje variasjon blant lokalmatprodusentane, og ein finn både søtt og salt blant sortimentet. Det kan også vere greitt å ha ei ekstra julegåve liggande i bakhand om du skulle få ei uventa gåve frå nokon, slik har du alltid noko på lur som du kan gi tilbake.
  • Den kan delast med fleire. Og er det ikkje det vi ønsker å gjere i jula? Å dele med dei vi har rundt oss og å ha det fint i lag? Ein kan ikkje trå feil med noko godt i pakkane og på bordet.

Les også: Gi ei unik matoppleving i gåve