Gi ei unik matoppleving i gåve

Vi i Kortmat er med på trenden der ein gir opplevingar heller ein ting i gåve, og det er så klart unike matopplevingar vi snakkar om. Ta til dømes firmagåver. Det er ingen enkel sak og finne ei firmagåva som ikkje ender opp på rotekottet eller i roteskuffa. Men kva med å overraske tilsette og samarbeidspartnarar med noko som fell i smak? Lokal mat og drikke er ei gåva som kan glede mange og som forsvinn fort. Berre papiret ligg igjen, og så har ein alltid det herlege matminnet om kor godt det var.

Vi har laga ei liste med smaksgåver som vi hadde blitt veldig glade for, og vi trur difor at dei vil glede mange andre også. Dei er like aktuelle både som firmagåve og som julegåve til venner og familie. Dei er fine å gi kvar for seg eller ein kan kombinere dei i ei større gåve.


Svanøytrio-gåvepakke til jul. Foto: Cecilia Molander


Røykelaks frå Svanøy Røykeri

Røykelaksen frå Svanøy Røykeri er blant favorittane våre til jul. Den er røyka med friske einer plukka på Svanøy og kjem i ulike marinerte slag, mellom anna tradisjonell einerøykt, krydder- eller akevittmarinert laks. Svanøytrio er populær å gi som gåve og kjem i to ulike variantar med forskjellige smakar sett saman til 1 side (sjå bilde over). Svanøy Røykeri pakkar laksen i pyntelege gåveesker saman med eit hefte med spennande røykelaks-oppskrifter. Laksen kjem fort fram som bedriftspakke dør-til-dør i posten, med budbil eller etter anna avtale. Privatekunder kan bestille via nettbutikken deira, og bedrifter kan ta kontakt med dagleg leiar Gro Tveit Sveen for prisliste og bestilling via knappen under.

 

 

Kombinasjonstips frå Svanøy Røykeri! Svanøylaksen passar ypparleg saman med Arctic Mustard frå Nord-Norge (dei har nettbutikk). Spesielt havsennepen og sennepssausen deira er knallgod til gravlaks. Fjellestad gardskjøkken lager herlege fiskelefser som er supre til laksewrap, og flatbrød frå Håjen er også ein hit.

 

Ei eske med euforiske smakar. Foto: Knutholmen Butikken


Handlaga sjokolade frå Knutholmen

Det kan høyrest ut som vi overdriv, men det gjer vi ikkje. Den handlaga sjokolade frå Knutholmen er den beste sjokoladen vi nokon gong har smakt. Den er ikkje berre ein fryd for auge, men også for ganen. Dei himmelske smaksbombene kjem i ulike variantar med mellom anna rømmekrem, bringebær frå Valldal, salt karamell og tindved,  og i stilreine esker i tre forskjellige størrelsar: 9-16-20 bitar til  149kr-249kr-299kr.

Sjokoladefabrikken på Knutholmen produserer vanlegvis kun til salg i butikken, men kan produsere på bestilling til jul. Og då er det ikkje noko problem å få det levert enten med post eller båt. Ta kontakt med Knutholmen Butikken for meir info og bestilling.

 

 

Sett saman ei gåve frå Påldtun med herleg saft og syltetøy. Foto: Kortmat


Bringebærsaft frå Påldtun

Kvar einaste dråpe av Bringebærsafta til Påldtun er heimelaga og utan tilsetningsstoffer. Safta har ein fyldeg og frisk smak av sommarens bringebær og er nominert til finalen i det norske måltid. Om du vil gi to, så kjem safta i ei flott gåveeske med to flasker i eller du kan kombinere saft og syltetøy.

Påldtun har også andre søtsaker i form av heimelaga syltetøy, av plomme, bringebær og jordbær, og hermetiske epler, plommer og plommer i Cognac til dessert.

Kontakt Påldtun for meir info om pris og bestilling.

 

 

Ein smak av jul frå Gardsbrenneriet. Foto: Gardsbrenneriet


Eplegløgg frå Gardsbrenneriet

Jul er også tida for gløgg og vi er så heldige at det ikkje er lange vegen til Gardsbrenneriet på Sandane som lager ein supergod eplegløgg med smak av jul. Dei har også smakfulle produkt av alkoholfri eplemost og eple og solbærtoddi. På nettsida deira finn ein også spenstigare saker om ein er på jakt etter eit godt alternativ til den langreiste flaska.

Her finn du prisliste og oversikt over alle butikkane som sel most og gløgg, inkludert Coop Extra i Florø, Førde og Sogndal. Du kan også ta direkte kontakt med Gardsbrenneriet for bestilling.

 

 

Fargerike sommarblomstar er ei varm vintergåve. Foto: Høgt og vilt


Økologisk te frå Høgt og Vilt

Om du vil gi noko som varmar i vintermørket. Teen frå Høgt og Vilt er heilhjerta og laga av økologiske urter og blomster som er dyrka og tørka i Devik. Den siste nyheita deira er teen Vintertrøst som innheld timian, peppermynte, salvie, sitronmelisse, malva og kornblomst. Eit anna julegåvetips er Julete som inneheld eplemynte, monardablomst og -blad, eplebitar, sitronmelisse, solbærblad og villbringebærblad.

Høgt og Vilt har også mange spennande krydderblandingar som kan sette ekstra smak på kvardag og fest, og vakker pynt til kaker og salater. 

 


Smaksgåver frå Kandal Kjøtt kan du også finne på Bondens marknad i Sogn og Fjordane. Foto: Kortmat


Spekemat frå Kandal Kjøtt

Kva med å gi noko salt og godt i julegåve? Kandal Kjøtt har pinnekjøtt av geit eller kje, spekekjøttlår av geit, spekepølser og kvitlaukspølser og kan sette saman nydelege gåvepakkar etter ønske. Sidan kjøttet er tørka kan det sendast i posten utan at det går utover kvalitet og smak. Ta kontakt for gåvetips og bestilling.

 

 

Har du andre julegåvetips som du syns vi bør få med oss?

Tips oss på sirilinn@kortmat.no.