Påmeldingane til Matamål sin Torgdag laurdag 30. september har begynt å tikke inn og festivalen har gleda av meddele at blant dei finn du Signes Raspeball som kjem tilbake som utstillar med Norges beste raspeballar.

– Matamål har vert ein veldig kjekk og innhaldsrik oppleving dei to åra eg har vore med. Her er det masse folk, god stemning og mange gode utstillerar, fortel Signe Nydal.

Signe starta det som vi i dag kjenner som Signes Raspeball saman med mannen sin Gunnar på 90-tallet under namnet Sunnfjord Konservering. Etter å ha jobba på skobutikk i mange år fann ho ut at ho ville starte sitt eige firma og ikkje lenger jobbe for andre. Bedrifta har frå starten av vore eit familiefirma som har satsa på tradisjonsrike raspeballar og har blitt eit kjært og velkjend produkt her til lands. I april i år fekk dei tildelt Spesialitetsmerke, og dei er dei einaste raspeballane i Norge som har blitt pryda med dette stempelet. I 2015 var dei også med på Matkontrollen på TV2 der dei vant tevlinga om tittelen: Norges Beste Raspeball.

 

Nær og kjend matrett

– At det var raspeballar som vart satsinga kjem nok av at eg har vokse opp med raspeballar frå eg var ei lita jente og mora mi var veldig dyktig på kjøkkenet. Raspeballar har alltid vore ein nær og kjend matrett i vår familie. Så eg har vore utruleg heldig som får jobbe med det i vaksen alder. Eg har også vore veldig heldig med at eg har hatt med meg mange flinke folk heile vegen som har hjelpt meg med å få til eit så godt og kjend produkt, smiler Signe.

For suksessen kjem ikkje utan den enorme, lange og beinharde innsatsen som både ho sjølv, familie og gode vener har lagt ned i bedrifta.

– Vi er utruleg stolte over at vi har jobb til 5 årsverk året rundt, og for at vi skal kunne drive slik vi gjer i dag så er vi avhengig av å ha slike trufaste og gode kundar som vi har på hand i dag, seier Signe.

 

100 tonn raspeballar i året

Pr. i dag lagar Signes Raspeball omtrent 100 tonn raspeballar i året for hand. Dei får hjelp av maskiner til å lage deiga, men sjølve raspeballane er laga for hand, nett som om dei er heimelaga og frå ditt eige kjøkken understrekar Signe.

I tillegg til å lage Norges beste raspeballar, lagar dei Førdes beste heimelaga betasuppe til ulike typar arrangement. Dei held til vanleg til i Førde, men den 30. september kjem dei altså innom Torgdagen på Matamål Festivalen.

– Då har vi med oss handlaga raspeballer M/flesk og U/flesk. Det er dei to variantane folk frå Vestlandet kjenner mest til og er godt vande med. Det skal lukte raspeballar og pinnekjøtt i frå kjelane våre når vi står på standen vår på Matamål den dagen, lovar Signe.

 

Kanskje konkurranse?

I tillegg til å kunne lukte og smake på Norges beste raspeballar, kvifor meiner du at folk bør ta turen til Matamål Festivalen i år?

– Folk burde ta turen til Matamål av den enkle grunn at det er enormt mange gode og lokale produkt som står på utstilling. Vi skal vise oss frå vår beste side og håpar at folk får ei god og positiv oppleving når dei har vore innom vår stand. Vi skal ha med oss flotte reklamer som vi skal dele ut til dei som har lyst på, og kanskje køyrer vi på med ein konkurranse som varer heile dagen, smiler ho lurt.

 

Følg Matamål på Facebook

På Facebook-sida til Matamål kjem dei med oppdateringar om Årets Matamål Festival og eige festivalprogram når det er klart. Om du følger med får du også kanskje vite kva Signe Raspeball sin konkurranse går ut på. Følg dei her!