Lokalt påskegodt på tur

Foto: Pralina i Ålesund har forma flotte påskeegg og påskeharar av sjokolade.

 

Det nærmar seg påske, påskegodt, påskeegg, fjell- og hyttekos. Dette er tida då vi kanskje puttar i oss meir godteri enn i jula. Kanskje blir det priskrig på smågodt og kvikklunsj på tur, men om du ønsker å prøve lokal sjokolade denne påska, så veit vi kor du finn den. Det begynner nemleg å bli ein del lokale versjonar av Willy Wonka her til lands. Så kvifor ikkje ta med nokre av desse lokale godbitane inn i påska?

Obs! Før vi tek for oss lista vil vi berre seie at det er ikkje alle produkta som er like enkle å få tak i. Det er nemleg ikkje alle som har nettbutikk. Men om du ikkje finn dei på nett, så er du kanskje så heldig at du skal forbi ein av desse stadane på veg til fjellet og/eller hytta?

Geiranger Sjokolade

Ved vakre Geirangerfjord finn ein eit tidlegare båthus som no er ein spennande sjokoladefabrikk. Der lagar dei mellom anna smakfulle sjokoladebitar med olivenolje og havsalt, nøtter, aprikos, blåmuggost, jordbær, bringebær, blåbær, chili, akevitt og whisky. Og favoritten blant dei reisande er visst ein sjokolade med brunost.

Om du er i nærleiken av Geirangerfjorden i påska, anbefaler vi at du tek turen innom. Geiranger sjokolade kan ein også kjøpe hos Stangeriet i Mathallen Oslo, Bakar Jon i Byrkjelo, Skikkelig Mat Sartorsenter utanfor Bergen, Porsgrund Outlet på Devoldfabrikken utanfor Ålesund, Travel Value Shopen på Vigra Flyplass, Smak i Lom, Mætt & Go i Kristiansund,  og Monicas Godteributikk i Bodø. Facebook-sida deira held deg elles oppdatert på kva som skjer i Geiranger Sjokolade si verd.

 

FJORDNÆR: Gerianger Sjokolade ligg vakkert til like ved Geirangerfjorden.  Foto: Geiranger Sjokolade

 

Knutholmen «Butikken»

Fredag 7. april opnar Knutholmen i Kalvåg ein heilt ny butikk som har eit breitt utval av varer innanfor interiør, gåver, lokalt brygg, handlaga sjokolade og mykje meir. Det er Martine og Martin frå Knutholmen som står for produksjonen av konfekten. Den blir laga i ei gammal sjøbu som heiter Sjøholt. Der har dei eit lite produksjonskjøkken kor dei blandar saman det beste av det beste, Valrhona-sjokolade, med sjølvlaga fyll utan konserveringsmidlar. Konfekten kjem i 12 forskjellige smakar og vil variere med sesong og tilgang. Dei har alt frå karamell og ganacher til ulike bærfyll, og sjokoladen er signert med Knutholmen sitt eige mønster. «Butikken»  held forresten også opent i påskehelga. Meir info og opningstider finn du her.

 

Meium Sjokolade

Meium Sjokolade er ein økologisk konfektfabrikk i Selbu kommune som lagar “tradisjonell nordisk konfekt” med mellom anna bjørk og einer, lokalt øl, molter, tindved, tyttebær, blåbær og blåmuggost frå Selbu Meieri (Selbu Blå), seterbrunost, gulrot, og tørka elgkjøtt eller reinkjøtt. Fabrikken gjekk i fjor av med prisen for årets nykommar med sin konfektsjokolade med gelé på ølsortar frå lokale bryggeri på Trøndersk Matfestival. I tillegg til sjokoladar av mange variantar, tilbyr dei også ein konfektmeny som passer til lokale og særprega øltypar. Dei sel sjokoladen sin på Bondens marknad og norske matfestivalar, og via eigen nettbutikk. På nettsida deira finn du også ei oversikt over utsalsstader for produkta deira.

 

Pralina i Ålesund

Hos Pralina på Emblem i  Ålesund får du kjøpt handlaga sjokolade direkte frå fabrikken. Sjokoladen er støypt for hand og laga etter eigne oppskrifter med lokale råvarer som mellom anna jordbær og bringebær frå Valldal, lokal honning og havsalt frå Gossen. I tillegg har dei sjokolade med flytande karamell, mokka og ikkje minst no til påske; marsipankonfekt med nougat! Pralina har sjølvsagt eigne påskeeegg med påskeharar og egg av ulik sjokolade. Ei oversikt over nokre forhandlarar finn du her.

 

Pralin Sjokoladeverkstad på Sandnes

Pascal Bulinckx er ein belgisk «chocolatier» og saman med Kone Mari R Andersen driv han Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes. Der lagar dei konfekt av den berømte belgiske sjokoladen Callebaut fra Belgia, eller praliner som dei kallar dei. I tillegg til Pralin melkesjokolade, mørk og lys sjokolade, har dei også sjokolade med fruktpuré av blåbær, pasjonsfrukt, bringebær og mango. All sjokoladen er handlaga med ferske naturlege ingrediensar, 100% kakaosmør og ingen konserveringsmidlar. Sjokoladen deira kan du kjøpe via nettbutikken deira, eller om du er i Sandnes kan du ta turen innom butikken og kaféen deira i Langegata 34.

 

PRALIN: Sjokoladen til Pralin Sjokoladeverkstad i Sandnes får du kjøpt både på nett og i butikken deira. Foto: Pralin Sjokoladeverskstad

 

Sjokoladesalongen i Vestfossen

Sjokoladesalongen i Vestfossen kan skilte med belgisk sjokolade, ferske råvarer og Norges beste konditor som nyleg vart krona under Konditor NM på smaksmessa på Lillestrøm. Dei har herlege sjokoladebitar med silkemjukt fyll utan noko form for konserveringsmidlar. Sjokoladetrøfler og sjokoladebrekk er blant sortimentet. Produkta finn du i kaféen og sjokoladebutikken deira i Vestfossen, storgata 61, og i ein del butikkar/gardsbutikkar kor Eventyrsmak sel varene sine.

 

Sognefjord Sjokolade

Sognefjord Sjokolade er ein sjokoladefabrikk i Marifjøra ved Sognefjorden driven av Paul og Franka Fransen. Dei hentar inspirasjon frå omgivnaden ved Sognefjorden og smeltar saman dei gode smakane frå lokale ingrediensar i Luster med belgisk sjokolade. Du finn mellom anna jordbær og bringebær frå Bollingberg Gard, eplejus frå Kroken Frukt og Bær, pærejus frå Eplet Bed & Apple og honning frå Lustrahonning i sjokoladebitane deira. Dei har eige sjokoladeutsal frå Kafe Marifjøra, og sjokoladen deira er også å få tak i hos Bakar Jon, Coop Extra Førde, Coop Extra Stryn, Lustrabui Sogndal og Lustrabui Luster.

 

Påskekonkurranse

Saman med Geiranger Sjokolade, Knutholmen «Butikken», Pralin Sjokoladeverkstad, Pralina og Sognefjord Sjokolade har vi laga til ei påskeoverrasking med lokale godbitar som kan bli di. Delta i konkurransen på Facebook-sida vår!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar