, ,

Nye tankar, motivasjon og auka samarbeid med lokalt reiseliv

Grüne Woche i Berlin går av stabelen 20.-29. januar og er dermed eit av dei første arrangementa som markerer starten på matåret 2017. Messa er ei av verdas største for mat-, landbruks – og hageprodukt, med utstillarar frå heile verda. Norge er til stades for 30. gong i år og har med seg utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregionen. Før utreise snakka Kortmat med nokon av dei heldige og dyktige utvalde for å høyre kva forventingar dei har til den grøne veka. 

Første mann ut var Olav Arnar Bø, dagleg leiar hos Vikja AS (Fjord Norge). Han var sjølv med på å etablere slakteriet og foredlingsverksemda som er eit samarbeid mellom gardar i Vik. Dei produserer økologisk kjøt med fokus på den beste trivsel og gode levekår for dyra deira. 

Er de klare for Grüne Woche?

– Ja, Vikja As er klare for den grøne veka i Berlin. Eg og Morten Holmberg, som er styreleiar, dreg nedover. Morten er flink i tysk, og eg har friska opp att tysken ved å sjå på Derrick! Elles har eg lese gjennom alle infoskriv og skal kjøpa meg nye svarte sko.

Kva har Vikja med seg til Grüne Woche? 

– Vikja har med pastrami (krydra roastbiff av storfe frå Turid), spekepølse av storfe (frå Turid) og salt laga etter tradisjonell metode, «Magnhild Dyrdalmetoden», og fenalår av lam frå Vikafjellet som har tørka i 8 månadar. Vi har også med flatbiff og ytrefilet av Vestlandsk Fjordfekalv. Kalvane var mine, ca. 6 månadar gamle og har aldri fått noko anna enn morsmjølk og gras. Kjøtet vart levert til oppsamlingsstad i Førde sist torsdag og vart transportert på fellestransport – både kjøl og frys.

Kva betyr det for Vikja AS å få delta på ei av dei største messene i verda? 

– Eg veit ikkje kva det betyr, men vi oppfattar det som ei anerkjenning av det vi har drive med og at vi vil få ekstra reklame for det vi driv med.

Kva forventningar har de til messa?

– Vi håpar å få kontakt med andre småskalaprodusentar, nye idear/tankar og omtale i lokale mediar med meir. Vikja er opne og håpar det skal verta lærerikt og inspirerande å delta.

Kva håpar de å ta med dykk tilbake igjen til Norge? 

– Vi håpar å ta med oss nye tankar, motivasjon og pågangsmot og auka samarbeid med lokalt reiseliv. Reiselivet er den høgste form for liv har eg høyrt ein stad.

 

Meir frå Grüne Woche:

Smaalensgåsa med italiensk vri til Berlin

Vil forsyne fleire land i verda med grøne urteoljer frå Norge

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar