, ,

Slik lagar du den perfekte julefrukosten

Jula er ei tid då mange av oss samlast rundt bordet med god mat og drikke. Som oftast er det sjølve julemiddagen som får det meste av merksemda når det kjem til kor mykje hjarte og sjel vi legg i førebuinga. Men kva med å gjere julefrukosten om til ei smaksoppleving også?

Kortmat har spurt lokalmatentusiastane og kokkane Kent Ole Strømsøy og Sondre Strand, frå Hjørnevikbua i Florø, om korleis ein lagar til den perfekte frukosten denne jula. Så om det ikkje ikkje allereie er ein fast tradisjon hos deg, så kan det kanskje bli det? Ein treng nemleg ikkje å bruke timesvis på kjøkkenet for å nyte ein førsteklasses frukost som er rik på herlege lokale smakar med desse tipsa her.

Vel gode råvarer.

For å verkeleg kjenne på dei gode smakane er det viktig å velje råvarer av god kvalitet. Om du gjer det, så er mykje av jobben unnagjort. Mange dyktige lokalmatprodusentar har allereie gjort mesteparten av strevet for deg ved å legge ned tid og kjært handtverk i maten dei lagar. Hugs at det er betre å velje få gode råvarer framfor fleire middelmåtige.

Prioriter julepålegget.

Til ein julefrukost er det lurt å prioritere julepålegget som ein ikkje brukar så mykje av resten av året, slik som sylteflesk, lammerull, kjerull, julesild, røykelaks eller gravlaks, og sjølvsagt herlege bakevarer og ekte smør. Her er det ein smakssak kva ein vel av pålegg, men det er viktig å tenke på heile smaksbilde: salt, søtt, syrleg og bittert, eventuelt umami for den vidarekomne. Smak deg fram og sett saman dine favorittar til frukosten.

 

Umami

Umami er den hemmelege smaken, også kalla den femte smak, ved sidan av salt, søtt, syrleg og bittert. På japansk betyr umami ”velsmakande” og ein finn den blant anna i proteinrike matvarer som kjøtt og meieriprodukt, i moden ost, sopp, tomatar og surkål.

 

Alternativ handleliste (som vi hadde til julefrukosten til Kortmat):

  • Tradisjonell einebærrøykt laks frå Svanøy
  • Spekepølse frå Reksta Villsau
  • Egg frå Færøy Gard
  • Sylteflesk og kjerull av kasjmirgeit frå Fjord Gardsmat
  • Verdas beste ost Kraftkar frå Tingvollost (du finn den blant anna hos Lille Marked i Florø)
  • Knekkebrød og blåbærsyltetøy frå Håjen Lefsebakeri
  • Solsikkebrød og julebrød frå Florø Bakeri
  • Gardsmost frå Fjordane Gardspresseri

 

 

Kombiner med noko enkelt, men smakfullt.

Det er også noko spesielt med det du lagar frå botn av, og det treng ikkje ta lang tid for at det skal bli bra. Kva med ein syrleg og frisk potetsalat, ein lun raudbetesalat, saftig eggerøre og ein grov sennepssaus som komplimenterer smakane i julepålegget?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ver tålmodig med eggerøra!

Det er fort gjort å tenke at eggerøre er ei enkel sak, men mange har ein tendens til å steike den på for høg varme slik at den blir tørr. Om du skal lage eggerøre, ver forsiktig med varmen. Følg instruksane i denne oppskrifta, og du får ei lett og kremaktig røre som er glimrande til røykelaks.

Fordel arbeidsoppgåvene.

 Julefrukosten kan gjerne starte før ein setter seg til bords. Det kan vere både sosialt og koseleg å gjere klar frukosten i lag. Ein får ikkje berre meir tid saman, men sparar også endå meir tid på sjølve førebuinga.

Bruk middagsrestane.

Det er i jula at vi nordmenn kastar mest mat, så bruk gjerne restane frå julemiddagen. Kald ribbe og pinnekjøtt eignar seg også som pålegg, og rødkål og surkål smakar ypparleg til sylteflesk og lammerull.

Hald på tradisjonane, men ikkje ver redd for å prøve noko nytt.

Tradisjon er tradisjon av ein grunn, men nokon gonger må ein også lage nye tradisjonar. Vi håpar du vil la deg inspirere av dei flotte tipsa og oppskriftene til Strømsøy og Strand. Og om du gjer det, så del det gjerne med oss på Instagram.

 

Instagram

Fortel oss kva du diskar opp med for at julefrukosten skal bli så perfekt som mogleg? Del bilde ditt med oss på Instagram ved å tagge oss @kortmat #perfektjulefrukost

 

Oppskriftene finn du også her: 

Frisk potetsalat

Lun raudbetesalat

Saftig eggerøre

Grov sennepssaus

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar