,

Profilintervju med Påldtun Frukt & Bær

På eit lite gardsbruk på Sandane i Nordfjord held familiebedrifta Påldtun til. Påldtun består av Veronica Hauge og Magne Ravnestad, samt foreldra hennar. Småbruket ligg ved Gloppefjorden der frukt og bær får gode forhold å vekse i. Under innhausting av råvarane reiser frukta berre nokre få meter frå jord til produskjonslokala dei har på garden.

Gunnlaget.
“Barndomsminner på flaske” er slagordet til Påldtun og det med god grunn. Alt er 100% heimlaga og utan kunstige tilsetningstoff, samt alle råvarar kjem frå garden deira eller andre lokale gardar i nærleiken. Med andre ord er dette kortreist og sunne produkt som alle kan nyte. Hausten 2012 starta Veronica Påldtun Frukt & Bær. I dag sel dei produkt igjennom butikk, kafe, nettbutikk og til bedrifter og hotell. Påldtun er også å sjå stå stand på Bondens Marked Sogn og Fjordane, samt Bondens Marked i Bergen.

Produksjonen.
Dagens saftflaske i daglegvarebutikk finn du i plast og kan gje seg ut for å vere «heimelaga», men smaken tilseie noko anna. Får du smake på Påldtun, så er den virkeleg «mor si eiga oppskrift» og har smaken av heimelaga saft og sylte. Prosessen foregår ved pressing med bruk av hydropresse. På den måten kaldpressa dei råsaft som etterpå pasteuriseres og tappes på flasker. Ved bruk av samlebandsprinsippet manuelt, tappar dei effektivt på glass ved først å koke syltetøy i ei stor kokegryte (100l) og så tappar ein, mens den andre setter på lokk. Omtrent 400 glas med sylte blir til på ei full koke.

unnamed-1

Eigne favorittar.
Påldtun har fleire favorittar blandt lokalprodusentane. I Gloppen er dei så heldige og har mange av dei. Påldtun handlar fast med blandt anna Kandal kjøt, “Dei har veldig gode pølser som vi brukar ofte. Eplemosten og  Attåten til Fjordane Gardspresseri, krydder frå Høgt og Vilt og røykelaks frå Svanøy Røykeri i Flora”.

Framtida.
I framtida kan vi få store utfordringar med å dekke matbehovet til verden. Men sjølv om det fortsatt er store mengdar importerte varar som skadar miljøet, ser det ut til at det kan snu meiner Påldtun. Med ein ny baby på vei blir dei neste månadane rolege for Påldtun, men fokuset på å produsere nok varer og få levert til butikkane er alltid der. Framover mot jul er det stor etterspørsel på produkta, som er ein favoritt blant mange å gje som gåve til jul, fortel Veronica. Påldtun er opptatt av å fornye seg og ha noko nytt å kunne tilby kundane sine frå tid til anna. Denne hausten er det nyheiter som bl.a «Sommardraum» som er ei drikkeklar saft av jordbær og rabarbra, plommesyltetøy og tørka frukt av eple og plomme.

“Folk i Noreg er blitt meir miljøbevisste og vil ha rein og naturleg mat som er sporbar og betalar gjerne meir for det. Levande bygde og sjølvforsyning av rein og naturleg mat vil alltid vere viktig for meg” – fortel Hauge.

illustrasjonsbilde-e

«Draumen er å bygge eit stort og praktisk produksjonslokale og at ein av oss kan jobbe med produksjonen på fulltid, men då må vi tørre å satse og ta sjansar. Det er ein balansegang mellom å ha fast jobb utanom gården og i tillegg drive ei attåtnæring. Det er tidskrevande og enormt mykje arbeid. I løpet av eit par år må vi begynne å ta stilling til om vi skal satse fullt ut eller redusere.» fortel Veronica.

«Enn so lenge ser det lovande ut for lokalmatbransjen i framtida, men det betyr ikkje at ein kan legge seg på ei kvilepute og tenkje at ting går seg til. Ein må heile tida jobbe for å produserer kvalitet og tenkje at ein skal vere best. Ein må også kunne fornye seg og vere tilgjengelig for kundane. Det er ein knallhard konkurranse. Framover er utfordringa med å prioritere marknader og produkjson. Vi kjem difor til å redusere antall dager på marknader for å prioritere produksjon og tid med familien vår».

Det er tydelig at bak Påldtun står det ein liten familie med store draumar og ambisjonar med gode familieverdiar og mattradisjonar. Vi gler oss til å sjå og smake på utviklinga til Påldtun framover!

Instagram:     @paaldtun
Facebook:      www.facebook.com/paaldtun
Nettside:         www.paaldtun.no

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med? Send oss ei melding i skjemaet:

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar