,

Produsentprofil – Kinn Bryggeri

Dei lagar øl på “gamlemåten” og har på få år klart å bli kjend for sitt lokaløl og særpreg, samt fått trofaste fans i heile Noreg. Dei har ein av dei mestsolgte norske øla på Vinmonopolet og eksportere øl til fleire ulike land og skal denne veka sende øl for fyrste gong til Frankrike. Kinn Bryggeri i Florø er altså med andre ord, verdt å følge med på.

 

hostmotiv-til-kinn-bryggeri-med-slagord-large
Illustratør: Oda Valle.

Særpreget
I britisk, belgisk og amerikansk stil brygger dei øl ved gjennom gjæring i opne kar der produkta er verken pastauriserte eller filtrerte. Dei er 13 tilsette og rekna med å produsere 700.000 liter øl i 2016. I 2015 omsatt dei for over 22 millionar kroner.

Bak fasaden er det eigar Espen Lothe som styrar skipet, saman med kona Ann-Margitt Banne som arbeide med marknad og sal. Dei starta Kinn Bryggeri i 2009 og har sakte, men sikkert bygd det opp til den suksessen som det er i dag.

Som ein av dei større handverksbryggeria i Noreg, er Kinn dei einaste som har gjæring i opne kar. Øl produsert på denne måten gir eit særpreg i smaksbiletet og tilbakemeldingar frå kundane er at dei kjenn igjen smaken av Kinn på tvers av ølstilane.

Store 75cl flasker har blitt ein varemerke for Kinn Bryggeri og skill seg frå andre produsentar, og dette i kombinasjon med ein folkeleg visuell profil gir Bryggeriet eit særpreg i marknaden. Det amerikanske indiaølet Vestkyst er det mestselgande norske handverksølet. Kinn Bryggeri i ein unik posisjon blandt dei norske handverksprodusetane på Vinmonopolet der dei har 11 produkt blant dei 30 mestselgande norske øla.

 

4-nr-3
Foto: Eivind Senneset.

_c3c8420-large
Foto: Ulf Hansen.


Sal

Kinn Bryggeri sel til utsal, butikkar, hotell og restaurantar og reknar med å doble eksportvolumet i år frå i fjor. Dei eksporterar til Finland, Sverige, Danmark, Belgia, Tyskland, Spania, Storbritannina og neste veke send dei for fyrste gong øl til Frankrike. I Noreg har dei eigne selgarar stasjonert i Bergen og Oslo, ellers nyttast grossistar som Vectura, Asko, Vinhuset og Måkestad m.fl.

Lokalmat vs framtida.
Ettersom lokalmat er viktig, har Kinn heile vegen hatt eit sterkt fokus på kombinasjonen mat og øl, noko nettsida speglar med ein eigen matfinnar. Bryggerimeister Espen har alltid vore opptatt av at han skal lage øl som går godt i lag med mat, og dei har eit sortiment som passar til dei fleste matrettar. Men dei har mangla eit øl som balanserer den røykte julematen, så i år kjem dei med eit røykt juleøl med namnet «Eld». Kombinasjonen lokalprodusert mat og lokalprodusert øl går hånd i hånd, og har difor eit godt samarbeid med både Hjørnevikbua Restaurant og Bryggekanten i Florø når det gjeld å sette det rette ølet til menyen deira. Bryggeriet sett krav til kvalitet i restaurantane.

“Fokuset vårt er at dei brukar kortreiste råvarer så langt det lar seg gjere” – fortel Ann-Margitt til Kortmat.

 

_c3c9195_edit_30cm200ppi
Smaksskifer frå Hjørnevikbua restaurant. Foto: Ulf Hansen.

 

Rein og trygg mat er viktig.
Favorittane til Ann-Magritt og Espen blant lokalmatprodusentane i Sogn og Fjordane er Kandal kjøt. “Dei har kjekjøt som er fantastisk på grillen, ellers har vi små produsentar frå øyane utanfor Florø som leverar kvalitet t.d Færøy Gard med økologiske villsau og egg, samt Reksta Villsau med sine økologiske spekepølser. Elles er vi veldig begeistra for norske ostar som blir betre og betre;  Bufar frå Valdres Ost er utruleg god.” fortel Ann-Margitt.

Det er tydeleg at Kinn Bryggeri er bevisst og har eit klart mål om å fremme lokalmat- og drikke. Men det kjem ikkje utan etterspørsel frå publikum. “Norske forbrukarar blir meir og meir bevisste og vi trur dei framover vil verte endå meir interessert i kvar både mat og drikke kjem frå. Trygg og rein mat blir endå viktigare. Trass i strammare økonomiske tider opplev vi at folk kjøper handverksøl. Forbrukaren ynskjer kvalitet framfor kvantitet og i trongare tider kosar ein seg likevel med noko godt å drikke ” fortel Ann-Margitt.

Framtida & økologisk øl.
På det Gamlebryggeriet i Strandgata i Florø ynskje Kinn i framtida å eksperimentere med norske råvarer og bruke norsk gjær som den tradisjonelle Kveik-gjæra frå Hornindal. Dei ynskje også å lage økologisk øl og dei er i gong med fatlagring på franske eiketønner som det har vore lagra vin på. Dei fekk nyleg tilsendt molter frå Finnmark som skal på på vintønner saman med villgjæra øl. Framtida til bryggeriet er spennande og vi gler oss til å sjå og smake på det som kjem og det som allereie er i butikkane!

Nettstad:     www.kinn.no
Instagram   @kinnbryggeri
Facebook:   www.facebook.com/kinnbryggeri

 

Har du forslag til andre spennande lokalprodusentar vi burde bli betre kjend med? Send oss ei melding i skjemaet:

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar