,

Matglede, NM og festivalprogram

Matglede var tema for den første helga i september. Helga var fylt av god lokal mat- og drikke rundt om i landet. Matstreif i Oslo er Noregs største matfestival og Innovasjon Norge arrangerte i år for 12. gang på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet med over 200 norske produsentar tilstades.

NM i mat og drikke.
Solbærisen til Reins Kloster fekk gull i NM under Matstreif og Mat fra Toten blei kåra til Årets Stand og fleirekulturelle familier frå Geitmyra Matkultursenter serverte god mat som blei populært under årets festival. Det var NM i sjømathandel der konkuransen består av fleire prøvelsar både varemottak med kvalitets bedømming, skjæring av heil fisk, lagring og legging av fiskedisk etter regler samt salg og kundebehandling. Marthe Karlsen Moseby (19) frå vant NM i sjømat som jobbar på Jacobs Holtet på Ekeberg i Oslo.

bergenmatfest

Bilete: matfest.no

Vestlandets lokalmatfestival.
Bergen arrangerte både Bergen ølfestival og matfestival same helg. Fleire lokalmat produsentar frå trivselsfylket Sogn og Fjordane dro ned for å stå stand saman med over 100 utstillere og 500 mataktører forrige helg. Breim Gardsmat, Kandal Kjøt, Sognefjord Sjokolade, Svanøy Røykeri, Kystvilt AS, Påldtun, Kinn Bryggeri blant anna kom å delte sin smaksoppleving med bergensarane og besøkande.

Festivalprogram.
Nyleg kom også programmet for årets Matamål festival som arrangeres 21-25.september på Sandane. Nærmare 50 utstillarar frå rundt om i fylket kjem og står stand på Sandane. Du kan møte Kinn Bryggeri, Fjordane Gardspresseri, Solundmat, Høgt og Vilte Krydder, Svanøy og Påldtun blant anna. Det blir tilbud om å lære fruktpressing og studentane kan lære seg å lage billig og god hybelmat, samt borna kan møte dyr og ri på hest. Det blir god familiesteming, aktivitetar og matglede.

Sjå program for Matamål her:
http://matamal.no/

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar