Lokalmat-tema på Kalvåg Kystfestival

Det er viktig å halde på tradisjonar om lokale råvarer og tilberedingsmetodar som vert brukt igjennom generasjonar før oss. Folk er meir og meir opptatt av kortreist mat og bruken av naturen vi har rundt oss. Det er difor eit flott tema Kystfestivalen har valt å halde fokus på i år.

«Tradisjons-mat og drikke» er årets tema! Og vi ser fram til ein spenande og flott festival med mykje god mat og drikke. Det vert fokus på reiskap for fangst og tilbereding av råvarene, som blir vist fram på ulike plassar i bygda. Flatbrød, svele, sosekjøt, sild og havetsfestbord er ein av dei tinga man får smake på under festivalen. 

Utanom årets tema blir det aktivitetar for store og små i ekte kystånd som blant anna båtslipp, handverktradisjonar, butikkar, hestevogn og bryggedans på Knutholmen om kvelden. Som alltid vil båtane fylle hamna og bygda med folk på Kystfestivalen første helga i august – vi gler oss!

Følg Kalvåg Kystfestival på Facebook.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar